Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Du lyser fram hans himmel

AV: Rolv Nøtvik Jakobsen

Drama, kjærleik og bøn hos Jon Fosse

6. september 1997 hadde teaterstykket Natta syng sine songar premiere på Rogaland teater. Stykket høyrer til i den første fasen av den allereie etablerte forfattaren Jon Fosses dramatiske raptus, som kom til å vare i om lag tjue år, fram til 2014. I etterkant av denne raptusen har Fosse halde fram med å skrive tekstar i ulike sjangrar, omsett klassikarar og er no i ferd med eit, på alle måtar, større skriveprosjekt som han sjølv omtalar som langsam prosa.

Teaterstykket med den gåtefulle tittelen er eit godt utgangspunkt for å forstå meir av utviklinga i Fosses forfattarskap og også samanhengen mellom Fosse-tekstar i ulike sjangrar. Det mørke stykket kan også kaste lys over korleis tida som tikkar og går, nødvendigvis fører til at vi no, både som lesarar og tilskodarar, er på ein annan stad enn , i dette tilfellet for 22 år sidan.

Natta syng sine songar framstiller livet til eit par med eit barn i tida frå kvart på tre på ettermiddagen til omtrent fire på natta. Då stykket sluttar, har den unge mannen, som ønsker å bli forfattar, men som ikkje får utgitt noko, valt å avslutte sitt eige liv ved å skyte seg. Mange av dei som såg teaterstykket for tjueto år sidan, kunne ikkje unngå å tenke på forfattaren Tor Ulven, som døydde for eiga hand berre to år før. I løpet av stykket blir det tydeleg at Den unge mannen ikkje har så mange fellestrekk med Ulven. Ein avgjerande forskjell mellom dei to er jo at Ulven var ein produktiv forfattar som fekk gitt ut det han skreiv.

I møte med denne dramateksten av ein nokså ny dramatikar, og med Ulvens skjebne i minne, var det lett for skodespelarane og tilskodarane å førestille seg at Den unge mannen var hovudpersonen som samla all interesse rundt seg. Eg for min del, i alle høve, tenkte meg at Den unge kvinna og dei andre som kom inn i leilegheita, representerte ei form for normalitet i møte med den deprimerte diktarspira, og at dei oppriktig prøvde å hjelpe til så godt dei kunne. Dei detaljerte scenetilvisingane viser at tida tikkar ubønhøyrleg vidare frå ettermiddag til kveld til natt. Når den unge mannens liv tek slutt med lyden av eit «kraftig smell frå eit gevær», er det gode grunnar til at stykket også nesten er slutt. Kvinnas elskar, Baste, prøver forferda å forstå det som skjedde, ved ti utsegner som alle inneheld orda «skot» eller skaut». Når han får somla seg til å gå for å varsle, roper kvinna etter han: «Ikkje gå». Og så, etter ein lang pause, blir det mørkare, ungen sluttar å grine. Den siste scenetilvisinga er «Svart». Så er det slutt.

22 ÅR ETTER

Men er det no så sikkert at det er Den unge mannen som er hovudpersonen, og som fører handlinga framover? Stykket har i alle høve ikkje fått namn etter slike protagonistar med ein tragisk ende som dramatikaren vinkar til i denne sluttscena, som Hedda Gabler eller Vildanden. Tittelen Natta syng sine songartyder heller på at det er natta som handlar. Skodespelet stiller på det viset spørsmålet om kva slags lyd som høyrer mørket til. Kva songar syng natta?

Våren 2019 vart det same stykket sett opp på Nationaltheatret i Oslo. Eller var det det same stykket? Mykje hadde forandra seg i løpet av dei tjueto åra som var gått etter urpremieren. Jon Fosse var blitt verdskjent som dramatikar og hadde for lengst uttalt at han ikkje kom til å skrive meir for scena. I tillegg var den kulturelle situasjonen annleis åtte år etter terrorhandlinga på Utøya og i Oslo, i ei tid då frykt for krig og naturøydeleggingar på nytt breidde seg blant den oppveksande slekta. I norsk samanheng veit vi mykje meir om kor utbreidde psykiske lidingar er, og mange av oss har blitt opptekne av å forstå og forhindre at fleire unge menneske tek sitt eige liv.

Nationaltheatret hadde henta inn den franske regissøren Laurent Chétouane til oppsetjinga i år. Han er etter eiga utsegn ikkje særleg oppdatert på Fosses dramatikk og er på ingen måte nokon Fosse-fan, oppteken som han har vore av fysisk teater. I hans versjon speler lyssettinga i det totale spelerommet ei viktig rolle. På pianoet ved bakre scenevegg blir det spelt brotstykke av melodiar som kanskje er nokre av dei songane natta syng. Det blir tydeleg for tilskodarane frå starten av at her er det ikkje berre Den unge mannen som slit med tilværet og har vanskar med å uttrykke seg. Også alle dei andre på scena, mannens foreldre og tilmed Baste, går i ring rundt seg sjølv, stirer rett framfor seg og stotrar når dei skal prøver å seie noko. Den unge kvinna verkar gjennomgåande meir deprimert enn sambuaren, der ho talar nesten ustoppeleg med låg stemme. Tilskodarane begynner tidleg å tvile på om dei skal ta denne ordflaumen på alvor, eller om det som blir sagt, meir har karakter av besverjing.

På dette viset blir merksemda flytta frå Den unge mannen til den samla atmosfæren eller stemninga i rommet, med ulike lydar og former for lys, og til dei andre aktørane i all si hjelpeløyse og handlingslamming.

Eit fellestrekk ved alt det Jon Fosse har skrive i ulike sjangrar, er ein motvilje mot å utlevere folk.[i] Eg trur heller ikkje han ønsker å utlevere eller latterleggjere korkje paret, foreldra eller Baste med denne teaterteksten. Teaterstykket prøver heller å forstå kva som gjer det umogleg å hindre det tida ubønhøyrleg tikkar ned mot, at noko skjebnesvangert vil skje, at den uunngåelege hendinga vil finne stad.

Kva skal ein gjere for å hindre at noko uoppretteleg skal skje? Ein kan, som menneske har gjort så langt tilbake vi har skriftlege kjelder, prøve å yte motstand mot det uavverjelege ved å be, besverje og også ved ulike former for ritual prøve å halde fast på det som er. Kanskje er det det dei ulike aktørane i skodespelet gjer, kvar på sin måte? Trass i forsøka på å stanse tida og avverje det ugjenkallelege, vil den hendinga som endrar alt, likevel finne stad, før eller seinare: Eg skal, som alle andre, døy.

Det er mogleg å sjå dei tidlegaste skodespela Fosse skreiv, som delar av ei lengre historie: To menneske forelskar seg, dei flyttar saman og får barn. I og med Natta syng sine songar skjer det noko ugjenkalleleg, noko dei har frykta eller kanskje hatt ei føreaning om: Noko kjem til å kome mellom dei. For alltid. Fleire av dei stykka som vart skrivne i etterkant av nattstykket, handlar på ulike måtar om nettopp døden. Frå Ein sommars dag, som vart skrive i 1997 og hadde premiere to år seinare, går handlinga ofte ikkje kronologisk framover, men fleire tidsplan blir framstilte samstundes: Før og no møtest i det same scenerommet.

Dødstematikken og framstillingsforma opnar for at aktørane kan stille seg sjølve og oss dei heilt store spørsmåla, dei om meininga med livet, om forsoning og også om Gud. I starten på Ettermiddag, som vart skrive i 2000, samanfattar Den gamle mannen bodskapen sin på denne måten: «Eg fryktar Gud / og eg fryktar døden / Og snart skal eg dø.»[ii] Skal vi tru han, er det «sant å seie /nikkar/ døden som gjer livet leveleg / Fødsel og død / Natt og dag / Det som er og det som ikkje er».[iii] Denne dødstematikken toppar seg i Dødsvariasjonar, skriven det same året. Stykket er ein nærstudie av ei ung jente som vel å ta sitt eige liv, og foreldras reaksjonar og sorg.

Men om Natta syng sine songar var den første gongen døden vart så tydeleg tematisert i skodespela, har jo ikkje Fosse akkurat unngått å skrive om dei mørke sidene i tilværet og om døden i diktinga elles. Melancholia 2, som kom ut i 1996, handlar om det som skjer rett i forkant og kanskje medan ei eldre kvinne døyr. Den fabelaktige romanen Morgon og kveld (2000) går eit steg lenger og skildrar både korleis det gjekk til då fiskaren Johannes vert fødd, men også kva som hende med han då han døydde og i tida etterpå. Den gamle mannen i Ettermiddag gir eit tydeleg vink ut frå scena til den heilt nye romanen då han snakkar om det som gjer livet leveleg: «Fødsel og død / natt og dag». Talande nok var det få som registrerte denne tydelege gesten, både blant bokmeldarane og teaterkritikarane.

Denne vesle detaljen peikar mot den store utfordringa ved å kome til rettes med den sjangeroverskridande forfattarskapen til Jon Fosse. Heilt sidan debuten i 1983 har han mellom anna publisert dikt, forteljingar, romanar, essay, skodespel og omsetjingar. I det minste tre ulike grupper i ulike kretsløp har stått for resepsjonen av denne mangfaldige tekstmassen: Teaterkritikarane har sett oppsetjingane, bokmeldarane har lese dei skjønnlitterære bøkene, og den akademiske kritikken har saumfare tekstutgåvene. I mange år no har den enorme interessa for dramatikaren Fosse skugga for lyrikaren, omsetjaren og tilmed romanforfattaren med det same namnet.[iv] Eg trur at Fosse nettopp ved å love at han ikkje skal skrive meir for scena, har opna for ein resepsjon basert på heilskapen i denne særeigne kunstnarskapen. Eg håpar i alle høve det.

FOSSE SOM TEOLOG

Eg møtte Jon Fosse i 1996 då han var heilt i starten på den dramatiske raptusen sin. Eg hadde invitert han til å halde eit foredrag om mystikk og Gud i dei dramatiske tekstane hans under eit etterutdanningskurs for prestar og teologar på Det teologiske fakultetet. Fosse sa ja, men kom seinare i tvil og spurde om eg kunne halde foredraget i staden, og så kunne han lese frå dramatikken. Det var jo ikkje lett å takke nei til ein slik kompetent tekstlesar. Eg laga difor eit foredrag med godt rom for tekstlesing, om religion og mystikk i dei tidlege dramatekstane.[v] Noko av det som slo meg då, og som stadig er slåande, er at ein kan høyre og lese replikkane i stykka med all si stotring og alle gjentakingar, både som nokså hardkokt vestlandsrealisme og som språkhandlingar som ligg ei religiøs tyding nær. Altså både som kvardagsrealisme og som uttrykk for det som i mystikken ofte, litt misvisande, blir kalla det ordlause.

Alle som har vakse opp på Vestlandet, eller i Trøndelag for den del, kjenner til dømes lusa på gangen når foreldra til Den unge mannen i Natta syng sine songar kjem på sin korte visitt. Samstundes er alle gjentakingane og avbrota noko desse Fosse-tekstane har til felles med framstillingsforma i gamaltestamentlege tekstar og også med liturgiske tekstar frå ulike religionar. Eg førestilte meg då, og har jo ikkje blitt svekt i den trua etter kvart som forfattarskapen har utvikla seg, at det er rimeleg å forstå det aktørane seier, også som bøn, som besverjing eller litani for å hindre at noko skal skje.[vi] Og i etterkant av at det likevel har skjedd, som minne- og sorgarbeid, noko vi gjer til minne om, altså som nødvendig anamnese som heilt bokstaveleg kan vende nød. Fosse opna sjølv opp for ei slik religiøs tyding då han allereie i 1994 i tidsskriftet BØK skreiv at «(f)orfattaren blir den sekulariserte verdens asketiske mystikar». Seinare har han likna det å skrive (godt) med «å be».[vii]

Dette var noko av bakgrunnen for at nokre av oss på vegner av tidsskriftet Kirke og kultur inviterte Fosse til å levere inn forslag til nye salmar. Fosse følgde oppfordringa om å skrive om noko av det vi ikkje har så mange salmar om, nemleg natta. Fosse skreiv ein tekst han rett og slett kalla «nattsalme», og understreka at han ikkje visste heilt om det eigentleg var ein salme. Men det var og er det. Ein framifrå salme. Og i tillegg ein av dei mest fortetta og berekraftige tekstane han har skrive. Med nyskriven melodi av Andreas Utnem vart han nokre år seinare teken inn i og har nummer 834 i den nye norske salmeboka.

Salmen lyd slik:

Det finst ei jord som opnar opp

sitt djup av svarte natt

og løyner både sjel og kropp

til ingenting er att

Det finst ei natt som møter deg

og tek deg mjukt imot

og lèt deg kvila æveleg,

di hand, di sjel, din fot

Det finst frå Gud i alt som er,

i jord og nattevrimmel,

di sjel er hans, du er hans verd,

du lyser fram hans himmel

Då Inger Vederhus og eg intervjua Fosse i 2018, spurde vi også om samanhengen mellom denne salmen og skodespelet Natta syng sine songar. Er det denne salmen natta syng? Fosse svarte med å presisere at skodespelet «også dreier seg om å prøve å halde ut og også er om kjærleik. Nei, natta syng ikkje som i teaterstykket i denne salmen. Det er eit anna lys her. Natta har mange lys. Denne salmen får fram eit nytt lys, synest eg, enn dramaet. Det kan ha med sjangeren å gjere».[viii]

Det er vel akkurat det det har. Ulike sjangrar kan setje ulikt lys og få fram ulike sider av det mangfaldige livet. Ein skal ikkje sjå bort frå at det er noko av grunnen til at den sjangermedvitne forfattaren Fosse har skrive og publisert tekstar ikkje berre i ulike sjangrar, men med ulike bruksområde: under leselampas lys, i teatersalens mørke og også inne i kyrkjerom og kapell og ute på kyrkjegardar. Det er opp til oss som lesarar, tilskodarar eller songarar å kunne la dei ulike uttrykka klinge saman med kvarandre, slik at dei ulike tekstane kan kaste lys over kvarandre og oss sjølve. Det føreset begeistring og ein vilje til å bevege seg ut av eigne komfortsoner, enten ein no er teatermeldar, bokmeldar, litteratur- eller teatervitar eller teolog.

Eg er ikkje sikker på om vi har kome heilt dit enno. Då eg las gjennom alle meldingane av Fosses dramatikk for nokre år sidan, vart eg slått av at det svært ofte var dei same kritikarane som melde dei ulike stykka. Og sjølv om stykka endra seg undervegs, til dømes med brotet med å framstille handlinga kronologisk i Ein sommars dag, er meldingane nesten like, same kva stykke det gjeld. Det er svært ofte snakk om gjentakingar og pausar som gjer også dette til eit «typisk Fosse-stykke». Etter ei stund begynte eg verkeleg å lure på kven det var som gjentok seg, og tenkte nok at meldarane var betre til slike «typiske» gjentakingar enn Fosse sjølv.

Fosses dramatikk vart tidleg sett pris på i viktige teaterland som Sverige, Tyskland og Frankrike. Eitt land stod lenge mot. Som Asterix sin galliske landsby var Storbritannia og særleg England lenge immune mot Fosses dramatikk. Eg var til stades på det storstilte forsøket på å rette opp dette misforholdet i 2002. På den prestisjefylte scena Royal Court i London vart Nightsongs oppført med eit storarta ensemble. Meldingane i engelske aviser, og dei var mange, var like negative som til andre forsøk på norsk kultureksport, som Jahn Teigen og Which Whitch. Fosse vart skildra som ein typisk melankolsk nordmann som skreiv søvndyssande kjedeleg dramatikk utan humor eller framdrift. Dette var jo berre nokre år etter at dramatikarar som Sarah Kane og Mark Ravenhill hadde fått produsert teater med mykje sterkare verkemiddel, til dels på den same scena. I etterkant av eit slikt in-your-face-teater kritiserte fleire meldarar Fosse og oppsetjinga for å vere feige ved å vere så gamaldagse at dei lét sjølvdrapet skje offstage.

Det spennande med dette massive slaktet, tenker eg no i etterkant, er at han dokumenterte at engelsk teater stadig på ein heilt annan måte enn det kontinentale teateret krev at dramatikk skal vere underhaldande og spennande. Men eg trur også det peikar mot det vanskelege ved å kome til rettes med Fosses dramatikk når ein ikkje eingong har vilje til å setje seg inn i resten av forfattarskapen og den kulturen han spring ut av, og då tenker eg både på det som blir kalla det vestnorske, men også på Ibsen og Hauge.

«EIN MANN I SEKSTIÅRSALDEREN»

Å lese, framstille eller framføre tekstar av Jon Fosse i 2019 og framover gjer det mogleg og også nødvendig å sjå etter nye samanhengar, mellom tekstane og liva våre og den samtida vi lever i, men også mellom dei ulike delane av den omfangsrike forfattarskapen. På det viset kan tekstar i ulike sjangrar kaste lys over kvarandre og også over vår tilmålte tid og tilmed over tilværet sjølv. Plutseleg gir det meining å sjå samanheng mellom eit teaterstykke og ein salme. Å forstå skriving også som bøn opnar for at gjentakingane og stotringa til folk som er utleverte til kvarandre, også kan bli tolka som forsøk på å besverje og hindre at noko ugjenkalleleg kan skje. Og med besteforeldre, foreldre og vener som døyr, treng vi tekstar og salmar som kan setje ord både på tapet og håpet.

Dersom ein altså les Fosses tekstar saman med kvarandre (og det har du kanskje skjønt er noko av den raude tråden i denne artikkelen), er det slåande kor mange titlar som har med ulike fasar av døgnet og årstidene å gjere: Morgon og kveldEttermiddag og natt, også Draum om haustenVinter og Ein sommars dag. Det er faktisk berre våren som manglar. (Studiespørsmål: Kvifor det, trur de?) Som klokka tikkar ubønhøyrleg framover i teaterstykket Natta syng sine songar, blir også vi eldre. Då eg heldt eit foredrag med Fosse som tekstlesar for 23 år sidan, var det kanskje mogleg å leve seg inn i rolla som Den unge mannen. No er det kanskje heller Faren vi identifiserer oss med, han som i scenetilvisinga nettopp blir skildra som «ein mann i sekstiårsalderen».[ix]Faren får ikkje sagt stort, og kjem ikkje på noko nytt å seie i farten, men han får sett barnebarnet sitt. Han kjem ut igjen og seier «oppriktig, med trykk på orda / Ja det er ein fin gut / Mora ser mykjeseiande mot den unge kvinna»[x].

Dermed er vel det viktigaste sagt, og dette glimtet av faren understrekar det Fosse sjølv har sagt om stykket, og kanskje med det også om forfattarskapen sin, at det «dreier seg om å prøve å halde ut og også om kjærleik». Kjære Jon, alt godt for merkedagen din dette året! Eg veit vi er mange som ser fram til fleire oppriktige ord frå deg. Og så får vi jo, som du seier, prøve å halde ut og også å leve med dei «mykjeseiande» blikka og mangfaldige utfordringane som høyrer med det å vere menneske på Guds jord.

Rolv Nøtvik Jakobsen er dr.theol. og er tilsett ved Det teologiske fakultet, UiO.

*

Litteratur

Fosse, Jon (1998). Natta syng sine songar. Ein sommars dag. Samlaget, Oslo

Fosse, Jon (2000). Besøk. Vinter. Ettermiddag. Samlaget, Oslo

Fosse, Jon (2014). Når ein engel går gjennom scenen og andre essay. Samlaget, Oslo

Jakobsen, Rolv Nøtvik (1997). «Det namnlause. Litteratur og mystikk med utgangspunkt i dramatiske tekstar av Jon Fosse». I Norsk litterær årbok 1997: 225-238

Jakobsen, Rolv Nøtvik (1998). «Research, avhøyr eller samtale? Skjæringspunkt mellom teologi og litteratur med utgangspunkt i tekstar av Jan Kjærstad og Jon Fosse». Norsk teologisk tidsskrift 99/2: 88-99

Jakobsen, Rolv Nøtvik (2002). «’Quiet is the New Loud.’ Refleksjonar med utgangspunkt i resepsjonen av Nightsongs av Jon Fosse». Bøygen 1-2/2002: 64-70

Jakobsen, Rolv Nøtvik (2005). «Vakkert eller boring? Ein resepsjonshistorisk tilgang til Jon Fosses dramatikk». I I skriftas lys og teatersalens mørke. Ein antologi om Ibsen og Fosse, Gunnar Foss (red.), Høyskoleforlaget, Kristiansand: 199-220

Jakobsen, Rolv Nøtvik (2013). «Vekselbruk mellom skjønnlitteratur og sakprosa – Holbergs Den politiske Kandestøber som replikk og eksempel til dei ulike utgåvene av Natur- og Folkeretten». Edda 2/2013: 130-145

Jakobsen, Rolv Nøtvik (2014). «Religiøs undring og kristen tru i tekstar av Jon Fosse». Kyrkje og kultur 2014/3: 241-260

Jakobsen, Rolv Nøtvik, og Vederhus, Inger (2008). «I min største galskap vil eg kunne kalle meg ein slags kristen». Intervju med Jon Fosse i Kirke og kultur, 6/2008: 445-455

Fotnotar

[i] Fosse seier sjølv i eit intervju at «(e)g er ikkje ein diktar som hengjer ut nokon. Eg trur det er ein skilnad mellom meg og Ibsen til dømes», sjå Jakobsen/Vederhus 2008: 450

[ii] Fosse 2000: 245

[iii] Fosse 2000: 244

[iv] Litt av det same gjeld for ein annan norsk forfattar, som også produserte mange skodespel i året i det han omtalte som sin «poetiske raptus». Holberg har i litteraturhistoria framfor alt blitt framstilt som komedieforfattar. Samanhengen mellom desse skodespela og resten av den enorme forfattarskapen har i liten grad blitt vektlagd. Jakobsen 2013 er eit forsøk på dette siste.

[v] Jakobsen 1997 er ein bearbeidd versjon av foredraget.

[vi] Sjå også Jakobsen 1998: 95-97

[vii] Fosse 2014:125. Sjå Jakobsen 2014 for ei vidare drøfting av Fosses forhold til kristendom og mystikk.

[viii] Jakobsen/Vederhus 2008: 449

[ix] Fosse 1997: 19

[x] Fosse 1997: 33

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar