Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Ferda attende til garden

AV: Astrid Brekken

Sterke kjensler for gard og natur veg tungt, men er likevel ikkje nok når ein vil ta over ein gard – krav til drift, arbeid og kapital slår straks inn. Eg vil gje vidare tankar og erfaringar etter mange tiår med å drive gard utan å bu der fast, førti mil frå bustad og journalistjobb i Oslo.

Da odelsgarden vart seld, slo kjensla av tapet inn – av det lafta våningshuset i solbrent tømmer, låven med skifertak og solid gråsteinsmur, storfurua i hamnelykkja, lyden av bekken langs jordet i lyse vårnetter, orkideen eirik- og marihand og den angande St. Olavs ljosestake eg leita etter kvar sommar. Av engene – Bøliflata, Alléflata, Nerjordet, av det vide utsynet over elva og dalen, av fridomen i å streife omkring i kjend skog og kjære fjell.

BANDA TIL HEIMEGARDEN

Heimegarden min ligg på Bjorli, lengst nord i Gudbrandsdalen; Åndalsnes er berre fem mil unna. Farsslekta har vore her i generasjonar. Far min, Anders Brekken, var ein av sju søsken, han var odelsguten. Han gifta seg med Signe i 1940, dei møtte kvarandre på Klones Jordbruks- og Husmorskule i Vågå. Dei fekk to barn – bror min og meg.

Andre januar 1946 omkom far min i ei vådeskotsulykke i Garden i Oslo, 28 år gamal. Han vart utkalla etter krigen – ein krig han deltok i våren 1940 og fekk medalje for. Mor dreiv garden med hjelp av bestefar Andreas i fire år – så gifta ho seg igjen i 1950, og i 1956 flytta vi til Dombås. Den nye mannen var byggmeister og såg ikkje ei framtid på ein gard som vart overført til den fem år gamle bror min da far døydde. Garden vart forpakta bort.

Kjærleik er kjernen i mi ferd attende til garden. Ville eg i all tid kjent på ei sorg om vi ikkje hadde bestemt oss for å ta heimegarden min tilbake på odel?

At eg kan gå over tunet og glede meg over sju velhaldne hus og humlesurr blant sibirvalmuane, hadde ikkje vore mogleg utan ein ektemann med stort pågangsmot. Han, journalist frå Stavanger, hadde inga jordbrukserfaring, bortsett frå barndomsbesøk hos bonden nær sommarhuset på Rennesøy i Rogaland. Kan hende var det ein fordel at han enda mindre enn eg visste kva vi gjekk til. Han har tatt fatt i alt av gards- og skogsarbeid med stor interesse og læringsevne.

Eg er ikkje ute etter å rettferdiggjera eller forsvara valet mitt og hans: å drive garden utan å bu her fast. Men eg vil gå inn i det terrenget som dannar grunnlaget for valet. Der rår kjensler meir enn fornuft. Ein blir ikkje rik av å starte opp på ein gard med åtti mål dyrka mark og to tusen mål skog og utmark, med hus som trong mykje vedlikehald, og med rotne gjerde i kilometervis.

STADTAP

Det er noko som heiter stadtap. Sigmund Hågvar, professor emeritus i natur- og miljøvern, skriv om det.[1] Hans utgangspunkt er kva vindkraftutbygging gjer med naturen, ei form for utbygging han og mange meiner ikkje er naudsynt, vi kan skaffe nok energi på andre måtar.

Ordet treffer meg. For eg ville ha mista min stad, min natur i Lesja om garden hadde kome i andre hender. Ikkje fordi naturen ville blitt rasert eller invadert, men eg ville ha kjent på sorga over ikkje lenger å høyre til på denne garden og denne staden.

«Personlige verdier kan være allmenngyldige. Og det som er viktig for mange fortjener å bli tatt på alvor.» Hågvar skriv vidare at kjærleik til natur handlar om djupe røter, og at ingenting kan erstatte naturen der akkurat du høyrer til.

Det er ein lengsel som har feste i syn, i lukt, i det hendene rører ved, slik eit dikt av Verner von Heidenstam, Nobelprisvinnar i litteratur i 1916, manar fram:

Jag längtar hem sen åtta långa år.

I själva sömnen har jag längtan känt.

Jag längtar hem. Jag längtar var jag går 

– men ej till människor! Jag längtar marken,

jag längtar stenarna, där barn jag lekt.

LENGTEN HEIM

I 1678 skapte medisinstudenten Johannes Hofer eit ord for desse kjenslene: nostalgia, av dei greske orda nostos, heimkome, og algos, smerte. Nostalgi var ein farleg, sjukeleg lengt etter å vende heim.

Den svenske idéhistorikaren Karin Johannisson gav i 2001 ut boka Nostalgia, og ho skriv at på 1700-talet vart nostalgi sett på som ein dødeleg sjukdom som frikjende for alvorlege brotsverk. Frå 1850 og langt opp mot år 2000 var nostalgi forvist som ei bakstreversk og sentimental kjensle, ei bremse på utvikling og rørleg arbeidskraft. I dag har nostalgi ein bittersøt dåm: melankoli blanda med sødme.

Eg slapp unna nostalgiens farlege farvatn, som vart bytt ut med jord under neglene og lange ferder i fjell på sauesanking.

Kvifor måtte garden bli tatt tilbake på odel? Bror min dreiv garden nokre få år på 60-talet. Så flytta han til Oslo og fann arbeid der, og dyrkamarka vart brukt til beite. Ein familie som var på leiting etter gard, oppdaga at her kunne det vera aktuelt å busetja seg. Dei tok kontakt med bror min og baud han ein pris. Han bestemde seg for å selja, trass i at han visste at vi ville gje same pris som han var tilboden.

Dermed vart det odelssak. Ho vart halden i 1975 i det vesle skulehuset, ein todelt skule der eg gjekk annankvar dag til eg var tolv, og som vart nedlagd i 1957, da kom heilårs bilveg i bygda. Alle – motpart, takstfolk, sorenskrivar og vi to som ville drive gard – vandra ein tur i Bølin, ei hamnelykkje nær garden, fram til storfurua. Eg hugsar at sorenskrivaren var mest interessert i dativen i lesjamålet. Det var utpå sommaren, første barnet vårt vart fødd i mai det året, og ein god nabo tok seg av sonen vår dei timane dette varte. Odelstaksten vart monaleg høgare enn det bror min ville fått av kjøparen, men vi greidde skaffe nok lånekapital. Vi reiste saka medan buplikta ennå ikkje var obligatorisk.

BYGDESAMHALD

1976 var første driftsåret, vi hausta dei skrinne jorda der småskogen var på ivrig inntog. I 1980 fekk vi eit barn til og budde på garden i eitt år. Da starta vi med pelssau, ein lett og høgføtt rase med lite respekt for dårlege gjerde, noko både vi sjølve og naboar fekk merke. Men om eg i mitt neste liv skulle ha sau igjen, måtte det bli same sauen! Vi hadde sytti vinterfora søyer fram til 2007, da måtte den gode naboen som hadde stelt dyra, slutte av helseårsaker. Vi gjekk igjen over til sal av tørrhøy – mest til hestefolk på Møre, og i regnfulle somrar rundball til bønder i Lesja.

Barn og jobb, hvordan klarer vi det, ei bok eg var redaktør for i 1984, kunne for min del tatt med gard: Ja takk, alle tre delane: full jobb i NRK, to barn og gardsdrift. Same året bygde vi låvetørke, hesjinga var eit avslutta kapittel. Med visse unntak: i heftige regnsomrar har vi ein sjeldan gong slengt opp ei hesje eller fire. Når det ikkje dreier seg om åtti mål, er hesjing eit takksamt arbeid som gjev nydeleg mat til dyra.

Reisa bort frå bygda hadde ført meg til Gudbrandsdal landsgymnas på Vinstra, til Universitetet i Oslo, til studium i Frankrike, England, USA. Eg hadde vore ein fri fugl, og på reisa attende til bygda kjende eg ein skepsis, skapt i barndomen: inndelinga i dei med moralen på si side og dei andre. Lesarane, dei kristne i sekt eller statskyrkje, som hadde godt grep om dei etiske rettesnorene, gjorde mykje av seg tidlegare. Men ikkje slik lenger på 1970-talet: høgt under taket, hjelpsame sambygdingar som gav gode råd, lånte oss maskiner, var med på skogshogst, og ikkje minst: samarbeidet med naboen som stelte sauene våre i alle år.

FRAMTIDSVERDIEN AV NORSK JORD

Å seia frå seg jord er ei vanskeleg avgjerd for mange av oss som er oppvaksne på gard. Generasjonane attende spelar også med – eg ser på bilda på veggen av far, av farfar, av farmor som døydde da eg var lita, av oldemor som kjøpte jord og husmannsplassar når folka emigrerte til Amerika.

Framtida veg minst like tungt: at vi har barn og barnebarn i ei tid med klimakrise, forsterkar dei kjenslene. For ein del år sidan intervjua eg Sigmund Kvaløy Setreng, miljøforkjemparen og økofilosofen, på setra hans i Synnerdalen i Sør-Trøndelag. Vi sat på ein gamal benk utanfor selet og såg utover det rolege fjellandskapet i Forelhogna nasjonalpark, og han sa noko som sette seg fast, men som verka fjernt den gongen i 2005: at på grunn av klimaendringar ville Norden bli eksportør av jordbruksprodukt. Ein grunn til det ville vera at det i framtida blir viktig å dyrke meir av maten i område som ikkje er avhengige av kunstig vatning.

I rapporten om jordas tilstand, State of the World for 2006, blir dette slått fast. Der er det eit viktig kapittel om korleis vi kan ta vare på økosystem for ferskvatn, og som viser at vi kan spare miljø og pengar på å drive aktiv vass-redning i samarbeid med naturen, som alltid har hatt sine måtar for å hindre ureining, erosjon og tørke. Den gongen refererte Setreng til forsking som fortalde at det var eitt einaste land i Europa der det ikkje var nemneverdig erosjon av matjord – og det var Noreg. Forskarane sa at norsk jord var ung og frisk og ubrukt. Setreng minte om at det ikkje er eit resultat av vår eigen innsats i særleg grad, vi er velsigna frå naturens side: Vi har gamalt berg som er vanskeleg å slite ned, det eroderer sakte. Her er skilnaden til sørlege land stor. Vi har nok nedbør og er velsigna med ein vinter som held jorda på plass. Enn så lenge, må ein føye til i 2019.

«Dette perspektivet gir ein enorm auke av framtidsverdien av norsk jord. Eg reiser ein del rundt og preikar dette her, for å setja mot i norske småbrukarar. Klor dykk fast nokre år til, så blir det sett pris på dykk, og det kjem til å bli eksportert mat frå Noreg.» Sa Setreng i 2005. Norsk jordbrukspolitikk har diverre gjort det stadig vanskelegare for norske småbrukarar å klore seg fast.

Utgangspunktet for samtalen med Setreng var tankane hans om det mangfaldige mennesket: å meistre tilværet i skiftande tider, unngå å øydeleggje miljø og livsgrunnlag, yte motstand mot å bli kritikklause konsumentar. Vårt jordbruksliv har gjort oss meir merksame på desse verdiane. Og vi noterer at nøysemd og gjenbruk ikkje lenger er noko å skamme seg over.

VARIERT NORSK LANDBRUK

Eg kjenner glede og takksemd når eg kjem med toget til Bjorli stasjon, nå reiser eg ofte hit åleine. Er det vinter, har eg med ski og går dei par–tre kilometrane heim til garden; er det sykkelføre, hentar eg DBS-en frå 1950-talet, utan gir og handbremser, låst fast til ei takrenne nær ved. Når eg kryssar Rauma ein vårkveld, høyrer eg tranene skrike ved slettene langs elva. Dei siste par åra har dei også vandra sakte og verdige omkring på jordet, tatt ein sveip over potetåkeren og forsynt seg med setjepoteter.

Det er ingen grunn til å romantisere arbeid med jord og dyr. Det fylgjer stendig innsats og stort ansvar med å forvalte levande skapningar og det som gror og veks. Ein sommar regnar det støtt, ein annan aldri. For mange bønder er fritid eit framandord. På oppdrag av Norsk Bonde- og Småbrukarlag skreiv eg i 2013 ei bok om norske kvinnebønder. Eg fekk innsyn i den store variasjonen, kunnskapen, innsatsen: fiskarbonden med sau og eigen båt på Stjernøya i Finnmark, skog- og hjortebonden i Aust-Agder, mjølkebonden på Nordmøre, kornbonden i Akershus, ammekubonden med tilbod om sjølvplukk av molte på Andøya, blåbær- og tidlegpotetbonden i Reddal ved Grimstad, eplebonden ved Hardangerfjorden, reineigaren frå Kautokeino, andelsbonden med grønsaker, kyr og ysting i Løten i Hedmark, morellbonden i Lærdal. Dei vitnar om innhaldet og vilkåra i jordbruket og minner oss om kva det betyr for eit land å kunne skaffe mat til alle – der er vi diverre ikkje halvvegs.

I ei tid med klimakrise blir det rimelegvis stilt krav til utsleppskutt også i denne næringa, og enkelte meiner vi skal kvitte oss med dyrehald. Større satsing på plantekost, ja, men vi menneske kan ikkje eta gras, som Noreg har mykje av; dyremagen må foredle det først. Det er korttenkt å redusere matproduksjonen i eige land. Vi må halde fast på hovudsporet: Det er utfasing av kol, olje og gass som bergar oss frå å koke kloden.

JORD SKAL BRUKAST

Kjøparen som gjekk glipp av garden, ville truleg ha busett seg her. Det gjorde ikkje vi, sjølv om vi til saman har budd her minst tre månader i året – alle feriar, svært mange helger. Bygda fekk likevel ein ny brukar: Familien kjøpte jord, dyrka og bygde hus. Dei budde her ein del år, så selde dei og drog.

Siste året vi dreiv jorda sjølve, var i 2017. Nå er ho bortleigd til ein driftig nabo, som med eiga jord og leigd areal har 350 mål. Det er i samsvar med norsk jordbrukspolitikk, som i lang tid har støtta satsing på større bruk.

Det er ikkje til å koma forbi at hus som står tomme heile eller delar av året, er eit gnagsår. Det hjelper ikkje å vise til fleire andre bruk i kommunen der ingen bur, eller trøyste seg med naboars behov for tilleggsjord, for også det fører ofte til færre fastbuande, og til at gardshus forfell. I tynt folkesette område tel kvart menneske.

Når ein ynskjer å få i pose og sekk, lyt ein leva med eit dilemma. Eg ville ha både journalistjobben i NRK i Oslo, og eg ville arbeide og vera på garden og i dette kjære naturområdet. Eg ser kva tap som dermed er påført bygda. Som forsvar vil eg vise til at vi har drive jorda sjølve, og at vi har hatt sau i 27 år, det har vore lys i fjøset, naboen har gått her minst to gonger om dagen, vegen har vore brøytt, lamma har dansa på jordet om våren. Vi har bygd opp igjen ein gard i forfall, noko som var mogleg nettopp ved at vi hadde inntekter frå anna arbeid, og vi har nytta handverkarar frå bygda. Vennskap og naboskap går to vegar, vi har fått og gjeve impulsar.

INNSKJERPA ODELSLOV

På regjeringen.no står det: «Odelsloven gir bestemte arvinger fortrinnsrett til å overta en landbrukseiendom når eieren selger eiendommen eller dør. Reglene fører til at mange landbrukseiendommer forblir i familiens eie, og at de ikke deles opp. Odelsretten har hindret landbrukseiendommer fra å bli kjøpt opp og har sikret stabilitet for både slekten og næringen.

I 2014 ble odelsretten innskrenket til å bare gjelde barn av en eier med odel, samt barnebarn av siste eier med odel. Nieser og nevøer har ikke lenger odelsrett.

Hensikten var å avgrense odelskretsen til dem med sterkest tilknytning til eiendommen, og samtidig skape flere muligheter for at nye, motiverte eiere får slippe til i næringen.»

Den siste setninga stirer på meg: Når barna, sterkt knytte til garden, likevel ikkje er klare til å bli gardbrukarar, ville det ikkje vera det rette å selja garden til nye, motiverte eigarar? Tanken er som eit knivstikk. Ingen i familien er klare for det. Dessutan er åtti mål dyrka mark for lite å leva av her 600 meter over havet. Ekstra inntekt er naudsynt. Vi har hatt det. Langt unna, journalistjobbar veks ikkje på tre. Ikkje alle er klare for pendling. Men dermed har vi kunna kjøpe maskiner, her fanst berre utstyr for hest i 1976, og byggje opp igjen garden, vølt alle fire hus og sett opp tre nye: utleigehytte med gjenbruk av gamalt tømmer, eldhus og stabbur av nytt vyrke frå eige skog. Alle gjerde er i orden, og det året eg fekk Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar på 50 000 kroner, kva betre kunne dei brukast til enn skigard rundt hage og hus med horker av einekvistar, sett opp av ein profesjonell i bygda?

Det er blitt ein vakker gard. Selje, bjørk og geitrams kransar vegen inn på tunet, låven lyser nymåla. Her eg skriv nå, i ein stille sommarkveld, beiter ein blank og fin elg på Nerjordet. Ein dag snart skal eg ut og rykke opp høymoler med reiskapen eg fekk kjøpt av økologiske entusiastar på ein Nordmøre-reportasje. Eg toler ikkje sjå dei langs jorda når enga ligg nyslått. Så her finn du oss også når eg er nitti. Da har eit barnebarn tatt over, og Noreg er blitt ein viktig eksportør av jordbruksprodukt.

*

Astrid Brekken er journalist med 40 år som programleiar i NRK. I 1973 var ho med på å starte feministbladet Sirene, og ho har vore medredaktør i Syn og Segn.

Notar 

[1] Sigmund Hågvar: Natursorgen. Dagsavisen den 11. juli 2019. Henta 12.8.2019 frå https://www.dagsavisen.no/debatt/natursorgen-1.1552555

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar