Fedrar som føkkar opp

Tre aktuelle dokumentarfilmar antydar, om nokon framleis var i tvil, at det kan ha mykje for seg å vekse opp med ein far som bryr seg.

Av Erlend Loe

Artikkelen var publisert i Syn og Segn 01/26.

Hovudbilete: Louis Theraux saman med HSTikkyTokky i den nye dokumentarfilmen Inside the Manosphere. Foto: Netflix

Det er ingen tvil om at eg, som andre, har feil og manglar, men som far til tre søner har filosofien min vore å vere til stades. Rett og slett berre halde meg ved telta, som det heiter. Eg går ut frå at denne klåre kjensla – for ho var klår frå første stund – kjem frå måten min eigen far var standby på, dag ut og dag inn, og aldri signaliserte at det var noko anna han eigentleg ville. Bror min og eg var det viktigaste i livet hans. Det var vi aldri i tvil om, og no når han har vorte åtti, utstrålar han framleis det same. Dømet hans lærte meg at aktiv og interessert nærleik er vegen å gå.

Det kan sjølvsagt stundom takast for langt – born kan få nok av å bli spurde om dei har ete grovbrød eller pussa tenner – men det er likevel langt å føretrekkje framfor ikkje å bli spurd, ikkje å bli masa på, ikkje å få krav lagde på seg. Det treng ikkje alltid skje noko spennande eller fantastisk. Det vanlege held lenge. Nokon ser deg, nokon har omsut, nokon blir glad når du lukkast og trøystar når du ikkje gjer det.

Verdien av ein slik faderleg nærleik blir tydeleg i møte med tre nye dokumentarfilmar. Louis Theroux sin Inside the Manosphere og Don’t Die: The Man Who Wants To Live Forever ligg begge på Netflix. Gunnar Halle Jensen sin Portrett av ein forvirra far, den einaste verkeleg gode filmen av desse tre, går på kino. Fellestrekket mellom dei tre filmane er utryggleik og forvirring. Mange av dei som blir portretterte, veit ikkje, kan ikkje, skjønar ikkje og strevar maksimalt. Det er naturlegvis vanskeleg å vite kva ein ikkje veit, men i mangel på ei trygg hand å halde i, blir gode råd dyre. Og dårlege råd blir, overraskande nok, endå dyrare. I dei to første filmane skal alt seljast og bli til pengar. I den tredje er ikkje noko sal, berre fortvilt kjærleik.

I botnen av alle tre filmane ligg nett dette: kvar vender ein seg når ein manglar tryggleik i livet sitt? Og ikkje minst stabil kjærleik. Kvar kan ein få denne viktigaste av alle ingrediensar frå når ein kanskje ikkje eingong er klar over at det er nett den som manglar?

Den britiske dokumentaristen Louis Theroux har vorte kjend for dei inngåande dokumentarane sine, der han kjem på innsida av lukka miljø. Foto: Alexander Coggin / New York Times / NTB

Å sprekke bobla

Louis Theroux er ein journalist som gjennom mange år har vist ei særeigen evne til å få folk til å opne seg. Det tilforlatelege vesenet hans har fungert avvæpnande og gjeve han tilgang til miljø dei fleste av oss ikkje hadde orka å oppsøkje. Eit godt døme er The Most Hated Family in America frå 2007, der Theroux fekk medlemmene av Westboro Baptist Church i Topeka, Kansas, i tale.

Under gravferdene til amerikanske soldatar drepne i Irak, står kyrkjelyden med plakatar der det står: «God hates fags» og «Thank God for dead soldiers». Westboro-gjengen meinte (og meiner sikkert framleis) at amerikanske styresmakters aksept av homoseksuelle forhold er rota til alt vondt. Gud drap soldatane fordi landet deira godtek homofile. Grovare meiningar og handlingar var vanskelege å finne for tjue år sidan. I dag, der det meste har tilspissa seg fleire hakk, føyer det seg eigentleg berre inn i den lange rekkja av pågåande urimelegheiter.

Det kjennest difor naturleg at Theroux tek på seg oppgåva med å dykke ned i den giftige, såkalla maskuline retorikken som særleg unge gutar tilsynelatande frivillig utset seg for på nettet, og som nett no til og med er med på å forme storpolitikken. Eg skriv «såkalla maskuline» fordi det er særs lite i dette som minner om det eg tenkjer på som sunn maskulinitet. Ein ordentleg mann bør ha evna til å skape tryggleik kring seg og til å gje omsut. Han kan godt vere tøff for det, han kan til og med bruke våpen, men i mi bok er det ingenting maskulint i å ikkje vere i stand til å elske eller til å akseptere eigen veikskap.

Shitshow og hykleri

Bakteppet for filmen til Theroux, er ein type maskulinitet som dei siste tiåra har vore forvist til ytterkantane og først og fremst til internettets mørke avkrokar, men som no er i hovudstraumen og til og med har fått massiv makt. Sjå til dømes på Pete Hegseth sitt hatefulle språk og verdssyn, eller presidenten hans sin ustoggelege frykt og forakt for veikskap. Desse to personifiserer dagleg det verste mannosfæren har å by på. Dumme, sjølvforelska gutar som ikkje anar rekkjevidda av det dei ikkje veit, som ikkje let seg korrigere og som stadig blir klappa fram av trongsynte meiningsfellar. Blandar ein i tillegg kvinneforakt og religion inn i reknestykket (som ein diverre må), er det vanskeleg å sjå for seg mindre tenlege førebilete for unge gutar som alt slit med å finne ut av seg sjølve og verda.

«Ein ufarleg mann vil aldri bli sett på som vellukka,» seier Andrew Tate få sekund inn i fortekstane på Inside the Manosphere. Heile filmen er eit shitshow der utsegner og karakterar av liknande kaliber kjem som dritperler på ei snor. Filmen er ubehageleg å sjå, først fordi eg lenge slit med å skjøne at desse såkalla mennene verkeleg kan vere så dumme i hovudet, og seinare fordi det gjer vondt å ta innover seg at dei faktisk trur på det dei sjølv seier.

Heile filmen er eit shitshow

Theroux bruker mest tid på 23 år gamle Harrison Sullivan (HSTikkyTokky – ja, her må det vere lov å koste på seg ein liten latter). Sullivan har flytta til Marbella for å sleppe unna ein dom i England, og livnærer seg no på å iscenesetje seg sjølv og dei ekstreme haldningane sine, samstundes som han sel investorråd og produkt. Både han og dei andre portretterte mennene skal selje noko. Ingen skal ikkje selje noko. Merksemda i sosiale medium brukar dei først og fremst til dette. Meiningane blir skrudde mot det ekstreme, kanskje ikkje først og fremst for meiningane si skuld, men fordi det genererer sal.

Sjølvmotsegnene er himmelropande. Sullivan hatar til dømes porno og Only Fans-jenter, men omgåst dei og tener samstundes pengar på dei. Han vil ikkje vedgå at dette er problematisk, og uansett bryr han seg ikkje, seier han fleire gonger. På ein måte er dette fortrøystingsfullt, for det antydar at bobla må sprekke for alle som har eit snev av etikk og fornuft. Men for unge gutar i drift er det tydelegvis nett dette som er mangelvare.

Gunnar Hall Jensen og sonen Jonathan Jensen i Portrett av en forvirret far. foto: norsk filmdistribusjon

Noko av det mest interessante med filmen er at både Sullivan og andre som er med – særleg den heilt vidunderleg idiotiske Myron Gaines (Amrou Fudl, som han eigentleg heiter) – har undersøkt Theroux på førehand og anar at han er ute etter å få dei til å blottstille seg, og likevel let dei seg filme. Forfengelegheita tek rett og slett overhand. På same måten som Trump tenkjer dei at dei vil kome vinnande ut av kva som helst. Og det gjer dei nok langt på veg òg, sidan tilhengjarane deira berre har éin inngangskanal, og alle nyansar forsvann ein eller annan gong under pandemien.

Scena der Theroux byrjar å snakke med kjærasten til Myron Gaines, er knusande, uansett kor lite Gaines måtte bry seg. Gaines har nett fortalt at han og kjærasten lever i såkalla one-way monogamy, altså eit forhold der han kan liggje med kven han vil, medan ho berre kan liggje med han. Når Theroux spør om ho er komfortabel med den ordninga, blir det tydeleg at ho kanskje ikkje er det, noko Gaines tydelegvis ikkje set pris på å høyre.

Problemet med Inside the Manosphere er at Theroux sitt rykte no har innhenta han. Anonymiteten som før var nøkkelen i tilnærminga hans, fungerer ikkje lenger, og Theroux blir dermed ikkje lenger ein observatør i eit kultisk univers, men ein deltakar som sjølv både påverkar og blir påverka. Når det gjeld Harrison Sullivan og eit par andre av deltakarane, får vi små drypp som antydar fråverande fedrar. Det fører ikkje til nokon utstrekt analyse i filmen, men ligg heller under som ein slags stemningsmusikk.

Far og son og son

Den same tonen finst i Don’t Die: The Man Who Wants To Live Forever, med regi av Chris Smith, sjølv om han er underkommunisert. Mangemillionæren Bryan Johnson sitt prosjekt er å leve så lenge som overhovudet mogleg. Han tek 130 piller kvar dag, gjennomfører genterapi, dyrkar i altfor stor grad den eine sonen som vil ha kontakt med han, gjennomfører dagleg ei rekkje temmeleg ekstreme prosedyrar og ser ut som ei dokke. Johnson har tent seg rik, brote med mormonkyrkja, skilt seg og gått all in på seg sjølv.

Faren hans sleit med alkohol og stoff i ein periode då Johnson var barn og ungdom, men klarte å snu takka vere (ifølgje faren) at Bryan besøkte han i fengselet og bad han ta seg saman. Ingen andre besøkte han. Berre Bryan, understrekar faren. Altså berre Bryan (snufs). Og no utvekslar Bryan, sonen hans og faren hans blodplasma for å leve evig, eller i det minste veldig, veldig lenge. Det einaste som hindrar det i å vere vakkert, er at det er sjukt.

Filmen inneheld eit glimt av mannosfæren som neppe er intendert, men som er talande: Bryan ønskjer seg ein partnar. Den førre fungerte ikkje så bra. Ho saksøkte han då dei gjekk frå kvarandre. Men han har skjønt at folk som lever i ein god relasjon, lever lengre enn dei som ikkje gjer det. Det blir ikkje sagt rett ut, men det ligg i korta at han tenkjer at den rette kvinna vil kunne hjelpe han å bli lukkeleg nok til å senke den årlege aldringa si til under 6,4 år per år – som er talet han ligg på mot slutten av filmen.

Johnson skal naturlegvis òg selje ting. Han skal leve lenge, men helst òg selje produkt som gir andre lyst til å leve like lenge, samstundes som det fører til pengar i kassa. At det kanskje ikkje er så bra for psyken å bruke all si tid og alle sine pengar på seg sjølv, blir ikkje problematisert.

Butikk forkledd som omsut, og livs- og mannsfilosofi er rett og slett nitrist.

Mangemilliardær Bryan Johnson prøver å senke aldringa så mykje som mogleg. foto: netflix

Å gjere så godt ein kan

Gunnar Halle Jensen sin Portrett av ein forvirra far er den einaste av desse filmane som på sett og vis gjer godt å sjå, sjølv om han samstundes er den vondaste. Her finst kjærleik i rikt monn, samt total nærleik, men likevel botnlaus tragedie. Halle Jensen har filma sonen sin, Jonathan, sidan fødselen, med dokumentaristen si veldige nidkjærheit. Alle livsfasane til sonen finst på video. Den gjennomgåande forteljarstemma fortel at Gunnar strevar med å vite korleis han skal vere som far, sidan hans eigen far aldri var der, men køyrde ein stor båt rundt i Karibia medan Gunnar vaks opp.

Gunnar møtte far sin éin gong, i to timar, på ein kafé, og skjøna då kor fjern faren var og ønskte å vere. Faren hadde ikkje plass til Gunnar, verken i hjartet sitt eller nokon annan stad, og Gunnar fekk heller ikkje kome i gravferda hans. Men Gunnar sjølv har god plass i hjartet. Han berre veit ikkje heilt korleis han skal gå fram for å dele alt han har og er. Filmen inneheld fantastiske scener der han prøver å kome nær Jonathan, som i mange år godtek at kameraet er på han – heilt til han ikkje synest det er greitt lenger.

Må ein ha hatt ein god far for å bli ein god far?

Etter kvart forsvinn Jonathan til Brasil. Det blir antyda at Andrew Tate og kumpanane hans har noko med saka å gjere. Draumen mannosfæren har om raske pengar og total uavhengigheit, har smitta over på Jonathan og forvrengt vidsynet. I tillegg skjer det grufulle at Jonathan blir knivstukken og drepen av sin tidlegare forretningspartnar. Filmen fortel dette frå første stund, så det er ingen spoiler. Gunnar står makteslaus att. Med 25 års filmopptak av sonen og tusen spørsmål om det å vere far.

Dette er ein unik film. Vakker, sår og problematisk. Må ein ha hatt ein god far for å bli ein god far? Og ville det ha gått annleis om Gunnar ikkje hadde filma sonen seint og tidleg, men heller berre vore til stades? Det vågar ikkje filmen å svare på. Tanken er djupt ubehageleg. Og ingen veit. Men spørsmålet blir hengande i meg.

Mange gjer underlege og destruktive ting sjølv om fedrane har vore til stades, men det er lett å tenkje at ingen av desse tre filmane hadde blitt laga om fedrane ikkje hadde føkka opp. Så hald dykk ved telta, mannfolk. Så får vi snakke om mødrer ein annan gong.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar