Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Nullpunktet – 40 år sidan Alta-saka

Av Ketil Zachariassen

Kampen mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget er ein av dei mest djuptgripande, dramatiske og omtalte konfliktane i norsk politisk offentlegheit etter andre verdskrigen. Kor står Alta-saka i dag – 40 år etter?

Frå dei første planane om vasskraftutbygging i 1968 og fram til dei siste protestaksjonane vinteren 1982 hadde Alta-saka vore til behandling i Stortinget tre gongar, utbygginga hadde vore stoppa fleire gongar, og ho hadde vore innom alle instansar i rettssystemet. Kva var det med Alta, kvifor var denne vasskraftutbygginga så omstridd?

EIN SAMISK FLØYELSREVOLUSJON?

På slutten av 1980-talet blei norsk same- og urfolkspolitikk nærmast snudd opp ned. I 1987 vedtok Stortinget ein ny samelov, året etter blei vernet av samisk språk og kultur nedfelt i Grunnloven, i 1989 fekk norske samar eit eige folkevalt parlament, Sametinget, og i januar 1990 ratifiserte Stortinget ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i selvstendige stater. I løpet av få år hadde Noreg vore gjennom det som tilsynelatande såg ut til å vere ein samisk fløyelsrevolusjon. Men kampen, den hadde stått ti år tidlegare. Da var det ikkje fløyel, men lenker av stål, borger av is, sveltestreik og den til da mest omfattande politiaksjonen i norsk historie.[1]

Elveforkjemparane tapte kampen mot vasskraftutbygging, men likevel blei Alta-saka eit vendepunkt for samiske rettar i Noreg. 40 år etter er det interessant å sjå nærmare på korleis Alta-saka har vore handsama i ettertid, og korleis det historiske minnet i dag blir forvalta.

«HER ER VI FØDT OG HER VIL VI BLI»

I 1968 la Noregs vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE) fram dei første planane for utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget. Planane var omfattande og storstilte. Fleire store vatn skulle demmast opp og til saman danne ein 56 km lang innsjø mellom Alta og Kautokeino. Konsekvensane ville bli dramatiske. For reindriftsnæringa ville det føre til at både flyttevegar og beite kom til å gå tapt. Heile den samiske bygda Masi, med sine 400 innbyggarar, ville bli lagd under vatn. Det fekk folk i Masi til å mobilisere. På eit folkemøte sommaren 1970, rett før kommunalkomiteen på Stortinget skulle besøke bygda, blei Aksjonsutvalget mot neddemming av Masi etablert. I Masi blei dei folkevalde møtte med banner som «Vi kom først», «Vi flytter ikke», «Her er vi født og her vil vi bli». I 1973 freda Stortinget Masi. Samtidig blei det vedtatt å bygge ut Altaelva.[2]

KRAFTSOSIALISME OG GRYANDE MOTSTAND

Vassdragsutbygging var ikkje eit ukjent fenomen i Noreg. På slutten av 1960-talet og starten av 1970-talet var vassdragsvern ei gryande naturvernsak. Kampen om Mardøla i Romsdal hadde synt at elveutbygging ikkje berre var ei sak som opptok lokalsamfunnet, men at naturvern hadde potensial til å samle breitt. Der hadde vi òg sett den symbolske krafta som låg i sivil ulydigheit og i det å lenke seg saman.

NVE arbeidde med nye planar for utbygging av Altaelva, og i 1978 kom saka opp for Stortinget. Utgangspunktet deira var at Finnmark hadde eit stort kraftunderskot, og at det einaste som kunne bøte på kraftmangelen, var utbygging av Altaelva. Planen som blei lagd fram for Stortinget, var langt mindre omfattande enn dei opphavlege planane, men framleis ville konsekvensane vere store for reindrifta og Altaelva som lakseelv. Den politiske handsaminga synte splid i Finnmarks-samfunnet. Det Ap-dominerte Finnmark fylkesting støtta opp om utbyggingsplanane, mens kommunestyra i Alta og Kautokeino gjekk imot.

Sommaren før Stortinget skulle behandle utbyggingsplanane, hadde verneinteressene organisert seg i Folkeaksjonen mot utbygging av Alta-Kautokeinovassdraget. I utgangspunktet var det ein lokal aksjon med særleg vekt på vern av lakseelva. Men leiarane av Folkeaksjonen var frå starten medvitne om at dei måtte samle brei støtte om dei skulle vinne fram. Det betydde at det var naudsynt at aksjonen gjekk frå å vere lokal til å bli nasjonal – og like viktig: Samiske krav måtte løftast fram. Strategien lykkast. På eit drygt år var det etablert 40 lokallag rundt om i landet, og 20 000 personar hadde teikna seg som medlemmar av Folkeaksjonen.

På same tid som NVE la planar for utbygging av Altaelva, arbeidde dei også med planar for utbygging av delar av Hardangervidda og Orklavassdraget i Hedmark/Sør-Trøndelag. Det nyetablerte Miljøverndepartementet, under leiing av Gro Harlem Brundtland (Ap), ivra for etablering av nasjonalpark på Hardangervidda. Vassdragsvern var inga lett oppgåve i eit regjeringsparti der kraftsosialistane og industriforkjemparane stod særs sterkt. Brundtland fekk nasjonalpark og vern av Hardangervidda. Orkla og Altaelva let ho, bokstaveleg talt, gå med straumen. I 1978 vedtok Stortinget utbygging av begge elvene med stort fleirtal.[3]

SAMISK MOBILISERING PÅ TO FRONTAR

Folkeaksjonen samla mange ulike grupper, frå naturvernarar og laksefiskarar på den eine sida til samiske aktivistar på den andre sida. Leiarskapet i Folkeaksjonen var lokalt forankra i Alta, men det var medlemmar frå heile landet. Historikaren Henry Minde har peika på at Alta-kampen gjekk gjennom fleire fasar, der ulike interesser dominerte.[4] I 1979 gjekk det frå å vere ein naturvernkamp til å bli ein kamp for samiske interesser. Under den storstilte kultur- og massemønstringa i Detsika sommaren 1979 var det framleis naturverninteressene som dominerte. Det same var tilfelle ved dei første aksjonane i Alta same haust, da Folkeaksjonen tok i bruk sivil ulydigheit for å stoppe anleggsarbeidet på Nullpunktet ved Stilla for første gong. Politiet, som ikkje var førebudd på lenkegjengen som møtte dei, måtte trekke seg tilbake. Folkeaksjonen hadde tatt første stikk.

Ein del av dei samiske aktivistane meinte likevel at Folkeaksjonen var for passiv. Dei ønskte at protestane måtte vere meir synlege, meir direkte, og at dei måtte løftast opp på eit prinsipielt nivå: Kva for rettar hadde samane til land og ressursar? 8. oktober 1979 slo dei til. Samenes aksjonsgruppe kalla dei seg, i realiteten ei laus samansetjing av aksjonistar utan nokon organisasjon bak seg. Rett framom Stortinget slo dei opp lavvo og retta krav til regjering og storting om stans i anleggsarbeidet i Alta straks, til samane sine rettslege krav var avgjorde. Om ikkje, ville dei gå til sveltestreik. Det kom ikkje noko svar, og dagen etter var sveltestreiken i gang. Merksemda frå media var enorm. Alta-saka var allereie på dagsordenen til media, og aksjonens uttrykk var visuelt sterkt: sveltestreikande unge samar i gákti med ein lavvo i bakgrunnen på plenen framom Stortinget. Etter ei veke med sveltestreik bøygde regjeringa av. Direkte på NRK TV annonserte statsminister Odvar Nordli (Ap) at regjeringa ville legge fram ei stortingsmelding om samane sine rettar til land og vatn i Finnmark, at dei ville sjå på samane si stilling i Grunnloven og greie ut eit eige samisk folkevalt organ i Noreg.[5]

Sveltestreiken var eit vendepunkt. Alta-saka fekk ei merksemd ho aldri tidlegare hadde hatt. Samtidig gjekk Alta-saka frå å vere ei naturvernsak til å bli samesak. No var det samiske rettar som var det primære, ikkje naturverninteressene.

Da Alta-saka blei samesak, fekk Norges samers riksforbund (NSR), med Ole Henrik Magga i spissen, ei sentral rolle. NSR var skipa i 1968 som den første nasjonale organisasjonen for alle samar. Da hadde reineigarane hatt si nasjonale samanslutning (NRL) i 20 år. NSR hadde frå starten av tatt aktivt del i dei nordiske samekonferansane og den internasjonale urfolksrørsla, og var frå 1975 tatt opp i den internasjonale urfolksorganisasjonen. Rett til og aksept for samisk språk og kultur, politisk medverknad og rettar til land og vatn var frå starten av viktige kampsaker. NSR og NRL hadde tidleg markert motstand mot utbygging av Altaelva. Etter kvart som konflikten i Alta tilspissa seg, blei NSR, som organisasjonen for alle samar, den viktigaste motparten for Regjeringa.[6]

ISBORGER OG KJETTINGLENKER

Nyåret 1981. Anleggsarbeidet var klart til å starte opp. Året før hadde Stortinget for tredje gong vedtatt utbygging. D-dagen var sett til 14. januar. I vekene før hadde Folkeaksjonen mobilisert, og folk frå heile landet strøymde til Alta. Oppe i Stilla var demonstrantane godt førebudde. Dei håpa at isborger og kjettinglenker og det store talet på demonstrantar skulle hindre politiet i å fjerne dei og presse politiet til å trekke seg tilbake. Men det var ikkje berre lenkegjengen som var godt førebudd, det var også politiet. Tidleg på morgonen kom politiet opp til Stilla. Ved Nullpunktet blei dei møtte med taktfaste rop om å la elva leve. Så gjekk politiet til aksjon. Dei 600 politifolka visste kva som møtte dei, og kva dei skulle gjere. Effektivt og raskt blei demonstrantane borne bort og frakta ned til Alta. Før dagen var omme, var alle 601 demonstrantane fjerna og bøtelagde.

Ei veke seinare starta Samisk aksjonsgruppe ein ny sveltestreik i Oslo. Dei hevda at regjeringa hadde brote løftet om å avklare kva for rettar samane som urfolk hadde, noko som skulle gjerast før ei eventuell utbygging blei sett i verk. Alta-saka gjekk ifølgje Henry Minde no frå å vere samesak til å bli ei urfolkssak. Denne andre sveltestreiken fekk ei anna mottaking. Dei samiske organisasjonane stilte seg ikkje bak på same vis som sist, dei hevda styresmaktene hadde følgt opp sine lovnader. Gro Harlem Brundtland (Ap), som tok over som statsminister etter Odvar Nordli, ville ikkje møte demonstrantane. Da mødrene og systrene til dei sveltestreikande gjekk til aksjon og tok seg inn på statsministerens kontor, blei konflikten ytterlegare skjerpa. Deira krav var å møte den nye statsministeren, dei håpa at ho som kvinne og mor ville forstå dei og gripe inn slik at sveltestreiken kunne avsluttast. Dei fekk eit kort møte, men var ikkje nøgde med svara dei fekk og blei verande på statsministeren sitt kontor. Same natt aksjonerte politiet. Kvinnene blei fjerna, to av dei sveltestreikande blei førte til sjukehus, mens fire andre rømte til Sverige. Nokre veker seinare vedtok regjeringa ny stopp i anleggsarbeidet. Årsaka var at NSR hadde kravd at anleggsområdet måtte undersøkjast for samiske kulturminne.[7]

KAMPEN OVER – FOLKEAKSJONEN OPPLØYST

I starten av august 1981 var Tromsø Museum ferdig med kulturminneregistreringa. Anleggsarbeidet starta opp igjen. Utover hausten 1981 blei anleggsarbeidet stadig avbrote som følgje av mindre aksjonar frå Folkeaksjonen si side. Kvar gong greip politiet inn og bøtela aksjonistane. Sakte, men sikkert gjekk lufta ut av ballongen. I januar 1982 vedtok Folkeaksjonen å legge seg sjølv ned. Ein månad seinare slo Høgsterett samstemt fast at utbyggingsvedtaka var lovleg fatta.

Nedlegginga av Folkeaksjonen og dommen i Høgsterett var til stor frustrasjon for dei ivrigaste samiske aksjonistane. Dei stolte ikkje på lovnadene frå regjeringa om ein ny samepolitikk og følte at aksjonane hadde vore fånyttes. 20. mars 1982 forsøkte nokre samiske aktivistar å sprenge brua over Tverrelva, på vegen inn til kraftverket. Terroråtaket gjekk gale, granatane gjekk av for tidleg, og ein av aksjonistane mista ein arm og synet på eitt auge. Brua var derimot uskadd.

Det hadde i fleire år vore rykte om moglege terroraksjonar, om kontakt mellom samiske aktivistar og utanlandske terroristorganisasjonar og om ein samisk gerilja. Dette hadde vore avvist som oppspinn og forsøk på provokasjon av dei samiske aktivistane, men hadde uroa overvakingspolitiet (POT), som hadde drive overvaking av samiske aktivistar og elveforkjemparar i lang tid. Terroråtaket var for POT eit prov på at det var grunn til å ta desse rykta på alvor, og POT heldt derfor fram med den ulovlege overvakinga i åra som følgde. Det mislykka forsøket på å sprenge brua blei ikkje ei opptrapping av konflikten, det blei ei avslutning.[8]

SYMBOL OG REFERANSEPUNKT

Alta-saka er ein av dei mest djuptgripande politiske konfliktane i norsk offentlegheit etter andre verdskrig. Det som starta som eit prosjekt for utbygging av infrastruktur for å fremme industrialisering og modernisering, utvikla seg gjennom fleire stadium, først som ei sak for vern av lokalsamfunn, så til ei sak om naturvern, deretter til ei sak om samiske rettar og til slutt ei sak om urfolks rettar.[9] Alta-saka fekk over mange år særs stor merksemd i media, ho engasjerte djupt og breitt og førte til store politiske omveltingar.

Alta-saka har blitt eit symbol og referansepunkt. I litteraturen om nyare norsk og samisk historie blir ho tillagd både stor realhistorisk betyding og stor symbolverdi. Ein skulle tru at ein slik dramatisk og politisk lada konflikt hadde fått stor merksemd frå forskarane. Slik er det ikkje. Med nokre få unntak har Alta-saka i liten grad vore tematisert og analysert vitskapleg. Dette står i skarp kontrast til betydinga konflikten har hatt i norsk og samisk historie. Når vi i tillegg veit at det eksisterer eit svært rikt og mangfaldig kjeldemateriale, er den manglande forskingsinteressa ekstra påfallande. Ser vi utanfor akademia, er biletet eit heilt anna. Her finn vi ei rekkje filmar, utstillingar, artiklar og bøker med meir eller mindre dokumentarisk innhald og forsøk på analyse.

Kva er årsaka til at ein av dei mest djuptgripande politiske konfliktane i moderne norsk historie i så liten grad har vore gjenstand for vitskapleg utforsking? Det er særleg tre forhold som kan forklare den manglande forskingsinteressa. For det første har ein frå forskarhald vore opptatt av omslaget i samepolitikken på slutten av 1980- og 1990-talet og verknadene det fekk. Ein kan seie ein har vore meir opptatt av resultatet av den nye samepolitikken enn av årsaka til at politikken blei omlagd. For det andre var svært mange av dei som har vore i leiande vitskaplege stillingar rundt om, og som slik har vore i posisjon til å kunne initiere prosjekt med denne tematikken, sjølv aksjonistar under Alta-kampen på 1970- og 1980-talet. Det har truleg gjort at dei sjølv har meint at dei har hatt tilstrekkeleg kunnskap om Alta-saka – og at denne kunnskapen har vore allment kjent. Altså har dei ikkje vore fagleg nysgjerrige og sett behovet for utforsking. Ein medverkande faktor har nok også vore at mange av dei ikkje har ønskt å forske på ein konflikt der dei sjølv hadde vore aktørar. Ei tredje og siste årsak er at det ikkje har vore politisk engasjement for forsking på Alta-saka, det vere seg frå Sametinget og dei samiske organisasjonane eller frå staten og dei norske politiske partia.

ALTA-SAKA I DAG – KVA SKAL MINNAST? 

Inntil nyleg har det lokalt i Alta ikkje vore noko stort lokalt engasjement knytt til Alta-saka som eit historisk minne. Årsakene til det er fleire, ein grunn er truleg at konflikten kløyvde Alta-samfunnet og sette spor i lokalsamfunnet som det har tatt år å lækje. Mange i Alta følte nok også at staten vann, at det samiske samfunnet hausta fruktene, og at dei sat igjen som taparane.[10] Dei siste åra har det endra seg. I Alta, som i resten av landet, har det vore ei aukande interesse for Alta-saka – og eit ønske om å sjå henne med nye auge. Eit uttrykk for dette er at det har vore produsert fleire dokumentasjons- og kunstutstillingar med tematikk knytt til konflikten om utbygginga av Alta-elva.

Eg skal avslutte med tre ulike tilnærmingar til Alta-saka som historisk minne. Ved Gargia fjellstue i Alta er det eit litt bortgøymt og lite kjent monument. Der står Elvereddernes skiferbauta, forma som ein halvannan meter høg skiferlavvo omkransa av ei av dei sundbrotne kjettinglenkene frå Nullpunktet. Inskripsjonen «Til minne om folkeaksjonens kamp for å bevare Alta-Kautokeino-vassdraget 1978–1982» ber tydeleg bod om at monumentet er reist for å heidre dei som kjempa, men tapte.[11] 

Våren 2018 blei vandreutstillinga «Kampen om Alta» lansert på NVEs hovudkontor i Oslo. Utstillinga, som også finst som nettutstilling, var arbeidd fram av NVE i samarbeid med Anno Norsk Skogmuseum på Elverum og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Odda. Målsetjinga med utstillinga, som tok utgangspunkt i dilemmaet mellom utbygging og vern, var å gje eit «innblikk i selve saken».[12] Er NVE, som mange meinte var ein pådrivar for utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget, dei rette til å forvalte historia om Alta-saka?

Vinteren 2019 tok Álttá Sámiid Searv (Alta samiske forening) og NSR i fellesskap initiativ for å få laga eit minnesmerke på Nullpunktet i Stilla. Dei ønskte å heidre aksjonistane sin innsats, men poengterte at det var like viktig at minnesmerket kunne nyttast til å drive folkeopplysning om dei historiske hendingane og dei samfunnsmessige konsekvensane Alta-saka fekk. Leiar i NSR Runar Myrnes Balto la ikkje skjul på at målet med monumentet var å løfte fram dei som stod opp og kjempa for naturen og samiske rettar.[13]

Dei tre tilnærmingane til Alta-saka som historisk minne rommar ulike forteljingar og ulike perspektiv. Kva vi minnest, og korleis vi forvaltar historia, er i kontinuerleg endring. Nokon fasit finst ikkje, men eg er viss på at tida er moden for større forskingsinnsats på Alta-saka. Det vil gje betre kunnskap og innsikt i dei historiske hendingane og forhåpentlegvis også betre grunnlag for å forvalte det historiske minnet om ein av dei mest djuptgripande politiske konfliktane i moderne norsk historie.

Ketil Zachariassen er fyrsteamanuensis på Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved UiT – Noregs arktiske universitet. Han er særleg engasjert i moderne historie, med særleg ansvar for urfolks- og minoritetshistorie.

Kjelder

Altaposten (2019). «Vil merke nullpunktet», 2.4.2019: https://www.altaposten.no/nyheter/2019/04/02/Vil-merke-nullpunktet-18780279.ece (sist 29/7 2019).

Hjorthol, Lars Martin (2006). Alta: Kraftkampen som utfordret statens makt. Oslo: Gyldendal.

Minde, Henry (2003). «Urfolksoffensiv, folkerettsfokus og styringskrise: Kampen for en ny samepolitikk 1960–1990». I Bjørn Bjerkli og Per Selle (red.), Samer, makt og demokrati. Sametinget og den nye samiske offentligheten. Gyldendal akademisk, s. 87–123.

Minde, Henry (2005). «The Alta case: From the local to the global and back again». I Cant Garth, Anaka Goodall and Justine Inns (red.), Discourses and Silences. Indigenious Peoples, Risks and Resistance. Department of Geography, University of Canterbury, Christchurch, s. 13–34.

NVE (2018). Kampen om Alta, nettutstilling http://kultur.nve.no/utstillinger/kampen-om-alta (siste 29/7 2019)

Somby, Katri (2019). Upublisert manus.

Notar

[1] Minde 2003

[2] Hjorthol 2006: 15–16

[3] Hjorthol 2006: 16–19, 20–30, Somby 2019

[4] Minde 2005

[5] Minde 2005, Somby 2019

[6] Somby 2019

[7] Hjorthol 2006: 102–140

[8] Hjorthol 2006: 158–168, Somby 2019

[9] Minde 2005

[10] Hjorthol 2006: 169–179

[11] Hjorthol 2006: 174

[12] NVE 2018

[13] Altaposten (2019). Eit liknande forslag var også reist i 2012

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar