Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Nynorsken – om å sjå verda på nye måtar

Av Morten Søberg

Eg skriv at det store grosset burde eigna til seg eit djupare medvit om den nynorske skriftkulturen; eg tenkjer at folk flest burde reflektera meir over korleis det nynorske skriftmålet – nynorske skrifter og sentensar – opnar opp for alternative, avvikande vis å vera norsk og sjå det norske samfunnet på.

Desse nynorske eigenskapane eller særmerka lyt klårgjerast òg, meiner eg. Ikkje minst høyrer dagbøkene til Olav H. Hauge etter alle solemerke heime i ein kanonisk definisjon av eit nynorsk «verdsbilete». 

Det er ein av «desse milde soldagane i september» – ein fredag om kvelden. Eg har leigt meg bil på Flesland, eg køyrer austetter, innetter Hardanger. Her har eg ikkje vore sidan eg var 18 år og sutlaus. Den gong var eg i Odda, ei industrikulturell perle. No skal eg så å seia tvert om til Ulvik, på poesifestival. Laurdag kl. 12 er tida inne for Hauge-samtalen på ungdomshuset Elvatun. Scenografien der er minimalistisk, retroaktiv. To djupe lenestolar, to leselamper. Så: Forlagsmannen Sverre Tusvik vert intervjua av bladmannen Jan H. Landro om dagbøkene til Olav H. Hauge. Dei har eg høyrt mykje om tidlegare, kvifor har eg aldri somla meg til å lesa dei? Tusvik fortel om korleis han køyrde over fjellet, til Oslo, med dei handskrivne hefta til Hauge i bilen. Ein moderne gulltransport, ein stor førebokstav i ei forteljing om ei «omsetjing» av private skrifter til ålment tilgjengeleg sakprosa. … Fire år seinare har eg vore og leika og sumt på Bislett bad i lag med den yngste dotter mi. Etterpå stikk ho og eg innom den lokale bokbua. På vona, på slump. Der kjem eg over dei vidgjetne dagbøkene. Og no! kjøper eg dei. Fem tjukke band, eit heilt manneliv. Siste ord: «Og vêret var strålande sol.»

Det må eg seia: Det er underleg å lesa slik litteratur. Åra går, tida flyg side opp og side ned i ein straum av aforismar, fakta, hendingar, inntrykk, namn, sitat, tankar og så frametter. Og opp frå dette tekstkorpuset stig Olav H. Hauge fram(føre meg) lik eit slag hologram. Dette ser eg i alle fall tydelegast: i-målet; alle bøkene, all lesinga og – innimellom – «den andre mannen».

Dagbøkene syner i klårtekst at Hauge var målmann med stor M. 7. februar 1956 omtalar han nynorsken som «det herlege instrumentet genii har skapt». 1. desember året etter skriv han at Aasen, Vinje, Garborg og Aukrust var «profetar», «menn som var verde å fylgja». Med kvart vart skrivemåten til diktaren Hauge, bruken av 1917-normalen, mesta ein brand, som det heiter på engelsk / for å seia det med Ibsen. Hugs: Nynorsken endra seg monaleg i samklang med skiftande tider medan Hauge levde. Samstundes var nynorsken til Hauge allstøtt tilnærma «konstant», med andre ord stendig meir «arkaisk», avvikande. Dimed må det vera lov å skriva at skriftmålet hans vart eit særmerkt uttrykk for individualitet. Integritet. Alt anna enn stykkevis og delt.

Det er òg lett å lesa dagbøkene til Hauge som ei form for loggbøker. Det ser ut til at han nemner dei fleste bøkene han les. Somme i forbifarten. Mange meir utførleg. Ein god del forfattarar vender han dessutan attende til, om att og om att. Å sjå til er Hauge i fyrste rekkje ein lesehest – på endelause rideturar gjennom bokheimen.

Det slår meg at dagbøkene er eit reflektert spegelbilete av lesinga. Men i denne spegelen ser eg, vi òg Hauge sjølv: ein mann, eit menneske som gjennom livet definerer, konstituerer seg sjølv gjennom lesing og skriving/tenking. Tekstmassen hans grensar til eit dynamisk sjølvportrett, eit skiftande bilete som viser kven han var, koss han vart. Trur eg – at eg veit. For som oftast er det uråd ikkje å ta han på ordet, til dømes når han 27. mai 1961 skriv at han er «Langt nede. Det er merkjeleg kor tyngd og skral eg er. Nei denne siste turen på Valen – frå 1 des. 1960 til 10 mars 1961 – var ikkje bra. Eg veit ikkje korleis dei behandla meg heller denne venda. Eg merka eller hugsar ikkje noko um elektrisk sjokk, men kan difor ha fenge det. Mykje tablettar, noko dei kallar Truxal har eg brukt; kva det skal vera godt for, veit eg ikkje. Men svevnen kom att, og eg arbeider då litt og les òg.»

Det fyrste opphaldet på sinnssjukehus varte i mesta fire år, frå våren 1934 til jola 1937. Dinest var Hauge innlagd i 1945. Fleire opphald fylgjer, som oftast i samband med at han skriv, diktar, gjev ut diktsamlingar. Då tek schizofrenien overhand. Den andre mannen – den galne Hauge – ovrar seg, vert røynleg. Vaksenlivet til Hauge er lenge (fram til 1960-åra) ei veksling mellom kvardag og galskap, ei «pendling» mellom huset i Ulvik og sinnssjukehuset Valen.

Kva meinte forresten Goethe om sinnssjuke menneske? «Han driv helst ap med dei, og ser på dei som ‘Narren’, som han segjer», skriv Hauge i dagboka si 1. juni 1962. Dinest nokre setningar om at dei galne kan skulda seg sjølve, at galskap i dei fleste høve er toskeskap. «Eg er samd», skriv Hauge til sist. Tja. Kan henda er det vyrdnaden for meisteren som fører pennen hans her. Indisium, «prov»: Andre stader i det private, personlege eposet sitt jamfører Hauge skriftene til Goethe med Bibelen: Ein kan slå opp kvar som helst og alltid finna eitkvart – å tenkja over, læra av, skriva om. Og i dagbøkene til Hauge beintfram florerer Goethe-sitata: skriftlege statuar i eit språkleg landskap.

Johann Wolfgang von Goethe. Flogvit (f. 1749, d. 1832). Ikjøtinga av tysk danning, kultur, sivilisasjon. For meg mest eit namn, må eg medgje: Kjennskapen min til Goethe er anekdotisk og fragmentert, i beste fall gjennomsnittleg. Og til liks med meinigmann opplever eg at det er eitkvart ved diktet «Wandrers Nachtlied» – med opningsorda «Über allen Gipfeln ist Ruh» – som eg så å seia ikkje evnar å setja ord på. Dét kan òg seiast om dei fremste norske omsetjingane ved høvesvis Jostein Fet og Johannes Gjerdåker:

Over alle tindar

er ro –

Om alle rindar

stilnar no

nattvindens flòg.

Og fuglane tagnar i lundar.

Vente – snart blundar

ditt auga òg.

Over alle tindar

er ro

i alle rindar

legg seg no

kvar vindsus mildt,

småfuglane tagnar i lundar,

vent, om litt blundar

du òg så stilt.

Slik poesi er som til dei grader kjent éin del av den kløyvde, motseiingsfylte og lett schizofrene moderne tyske røynsla. Goethe og Topf & Söhne om einannan: Sistnemnde fabrikkerte og leverte kremasjonsomnar til ymse tyske konsentrasjonslæger – også Buchenwald rett utanfor Goethes by Weimar. Der kan ein framleis sjå omnane, likeins innskrifta «Jedem das Seine» (ein får som fortent) på inngangspartiet til lægeret. Ein del norske studentar vart også sende dit under krigen. Sjølv var eg innom Buchenwald ein sommar for nokre år sidan for å … ha gjort det. Alt var tilnærma stilt. Brakkene er borte, bordellet i lægeret like eins. Ein guide fortalde om medisinske forsøk i regi av SS, om skir sadisme innanfor gjerde, piggtråd, lyskastarar, høgtalarar, vakttårn. Den mest uventa opplysninga, minnest eg, var soga om dyrehagen som vart «anlagd» jamsides konsentrasjonslægeret.

Så sanneleg: Dramatikaren Jens Rasche fekk i 2014 den tyske barneteaterprisen for eit skodespel om den zoologiske hagen i Buchenwald. I Kva nashornet såg er det dyra som sansar og talar og undrar seg, spelar hovudrollene. Og det dei ser menneske gjera mot kvarandre, må vel på folkeleg vis omtalast som heilt ko-ko. Eg såg stykket i lag med døtrene mine på Det Norske Teatret. Dei fekk med seg … ei merkeleg barnevenleg oppsetjing. Menneske utkledde, sminka som dyr. Hyl og skrik og hopp og sprett – absurd underhaldning! Etter Buchenwald er det råd å skriva dramatikk …

Men det er sjølvsagt desse røynslene – denne antitesen til Goethe – som utgjer bakteppet, grunnlaget for den tidhøvelege tyske grunnlova, das Grundgesetz. Dei fundamentala prinsippa i denne lova vart kladda på øya Herreninsel i Chiemsee i Bayern tidleg på hausten 1948. Skrift i stein, skrift i lys, for den fyrste paragrafen i grunnlova til sambandsrepublikken Tyskland slår fast at menneskeverdet er ukrenkjeleg. «Die Würde des Menschen ist unantastbar.» Og staten pliktar å syta for at så er tilfelle. «Sie zu achten und zu schützen ist Verplichtung aller staatlichen Gewalt.» Dette er: konstitusjonell poesi. Eit slag fasit òg, vel.

Eg skriv setningar, avsnitt avleidde av Hauges. Dagbøkene hans vert eit utgangspunkt, eit springbrett for eigne refleksjonar, variasjonar. Slik eignar eg til meg eit storverk i den nynorske bokheimen. Dette gjeld, meiner eg: Å skriva nynorsk krev somtid at ein les og tenkjer nynorsk. 

Olav H. Hauge dukkar anonymt opp i offisiell norsk statistikk som ein del av talmaterialet i publikasjonen «Sinnssykeasylenes virksomhet 1935» frå Statistisk sentralbyrå. Her er han ein av dei 1272 personane som fyrste gongen vart innlagde «i norsk asyl» i 1934. Statistikken er byråkratisk noggrann. Her er opplysningar om fylkesvis «sinnssykehyppighet» (flest sjuke i hovudstaden og i bibelbeltet på Sør-Vestlandet), om bruk av mekaniske tvangsmiddel og isolasjon, om dødsfall på sinnssjukehusa. Teksten står skriven på bokmål – med oppsummering av hovudinnhald på fransk. Men dei ulike sjukdomane til dei innlagde har latinske namn: Idiotia et psychosis ex imbecillitate; Psychosis ex constitutione; Psychosis manico-melancholica; Schizophrenia; Psychosis epileptica; Psychosis syphilogenes; Psychosis ex involutione et senio. Schizofreni – diagnosen til Hauge – er den vanlegaste. 

Sinnssjukestatikken er rapportar frå dei mentale utkantane, dei menneskelege randsonene til normaliteten. Stundom er teksten som gjer greie for tala, tragikomisk. Dét gjeld omtalen av pasientar frå Finnmark som vart evakuerte sørover til Gaustad på tampen av krigen: «Finnmarkingene kom etter en delvis eventyrlig transport – i åpne småbåter på slep etter skøyter. De var omlastet så mange ganger at ingen lenger kjente dem, og da de selv ofte ikke snakket, eller fordi de snakket lappisk og ikke forstod norsk, var det flere en ikke engang fikk navnet på. Det tok 3 måneder å oppdage at to av dem var mann og kone – og et halvt år å finne ut at to andre var mor og sønn.»

Alt dette og meir til er, jamvel i dag, påminningar om at somme har fleire suter og sorger enn andre, er skøyrare, har trong for hjelp og vern – i minsto til tider gjennom livet. Dei latinske sjukdomsklassifiseringane er samstundes eit døme på at avvik frå det normale kan vera eit definisjonsspørsmål. Og eit spørsmål om definisjonsmakt. Kva er særmerke på unormalitet? Kvifor? Korleis? Kven? Og så bortetter. … Det mest fascinerande med dagbøkene til Hauge er likevel det etterleivde inntrykket av røyster og syner som noko djupt menneskeleg og ein «naudsynleg» lut av livsverket, poesien hans.

Desse dagbøkene og norsk statistikk over «sinnssykeasylenes virksomhet» utgjer andre røynsler enn Weimar, Buchenwald og dilikt. Dei leier likevel tankane i retning av mindretalsvern, vyrdnad for menneskeverd i form av ukrenkjeleg individualitet, siviliserte grunnsetningar for eit konstitusjonelt demokrati. Ein av mange føresetnader: over alle tindar er ro; ei annleis ålmente; politiske ordskifte gjennomstrøymde av danning og dikting (tanke og draum).

Attende til Hauge (10. november 1963): Du er so redd for at det du skriv ikkje skal vera poetisk, det vil som oftast segja småfint. Bry deg fan i slikt! Tenk! Resonner! Kom fram til noko! Vil noko! Prøv å sjå! Og rit det ned!

OK! Svart på kvitt: Eg ser på den nynorske skriftkulturen som eit særskilt kraftfelt. Han er i seg sjølv eit avvik frå den norske normaliteten; nynorsken er eitkvart «annleis» – som opnar eit rom for å uttrykkja individualitet. Og skapa kunst, særleg dikt og essay, dagbøker og omsetjingar og andre tankar. Det grunnleggjande: I sin grunnhått er det nynorske skriftmålet tufta på ferder, samtalar og ein tilnærma konstitusjonell politikk: Eit mindretal har fått fleirtal for mindretalsrettar. Den nynorske skriftkulturen er òg kjenneteikna ved lover og andre politiske vedtak. Hm … Ein vakker dag (30. februar?) burde ein nynorsk kanon definerast, lik ei grunnlov. Ei sjølvinnlysande rekkje med skrifter og sentensar – pensum! – som klårgjer det nynorske alternativet i norsk kultur, skule, ålmente. Samansetjinga lyt endrast i samhøve med tida og tilhøva, men «profetane» til Hauge og dagbøkene hans bør allstøtt vera tilnærma sjølvsagde: Grunnlova vår kan heller ikkje brigdast på eit vis som «endrar ånda» i konstitusjonen.

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 Gruppen.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar