Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Vindkraft og berekraft

Av Erling Holden

Det klirrar i kassa til utbyggjarar og kommunepolitikarar. Det raslar i kjettingar hjå hyttefolk og naturvernarar. Men kva er det med vindkraft som vekker så sterke kjensler hjå oss?

Der enkelte ser vindkraft som ei løysing på klimaproblema og eit håp om nye arbeidsplassar, ser andre nedbygging av natur og mengder av daud havørn. Står vi overfor ein klassisk, uløyseleg miljøkonflikt, eller kan FNs nye berekraftsmål hjelpe oss ut av uføret?

VINDMØLLAS TID

Den 12. februar i år kom kommunikasjonsavdelinga ved Fosen Vind med ei gladmelding. Dei 71 vindmøllene i Roan vindpark er godkjende, og Statkraft overtek ansvaret for å forvandle lokal vind til straum – til stor glede for husstandar, industri og kommunekasserar. Vindparken er, for å seie det forsiktig, godt synleg i terrenget. Kvar vindmølle strekker seg 144 meter over bakken. Det 66 meter høge Rådhuset i hovudstaden blir nokså puslete til samanlikning. Sju mil med ny anleggsveg har kommunen òg fått. 

I anledning dagen uttalar ein opprømt ordførar at «vi gler oss over at Roan vindpark no er i full drift, og over arbeidsplassane og aktiviteten dette gir i kommunen». Det kan kome godt med i ein kommune der innbyggjartalet har dala sakte nedover sidan 1950-talet.

Det stoppar likevel ikkje der. Roan vindpark er berre den første av seks vindparkar som utgjer Fosen-utbygginga. Vindparkane Harbaksfjellet, Storheia og Kvenndalsfjellet på nordsida av Trondheimsfjorden og vindparkane Geitfjellet og Hitra sør for Trondheimsfjorden står for tur. Når Fosen-utbygginga er komplett i 2020, vil Trøndelag vere den stolte eigar av Europas største vindkraftanlegg på land.

Og det stoppar nok ikkje der heller. I fjor kom Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med to viktige grunnlagskart for ei nasjonal ramme for vindkraft. I alt 43 område frå Lindesnes til Nordkapp er under lupa for vurdering som potensielle vindkraftområde. 1. april i år vart desse områda reduserte til 15–20 større område som kan eigne seg for utbygging. Sidan skal Olje- og energidepartementet – etter omfattande høyringsrundar – avgjere kva for område som blir lagde ut som framtidige vindparkar. 

NVEs grunnlagskart har sortert ut område som av ein eller annan grunn ikkje er eigna til vindkraft. Likevel er kartet slik det no ligg føre, skremmande lesing for dei som set pris på urørt natur. Berre i Sogn og Fjordane skal så godt som heile kystlinja frå Stadlandet til Sognefjorden under lupa. Det same gjeld store område i Stølsheimen, på Filefjell og i Jotunheimen.

GAMLE KONFLIKTAR BLIR NYE

Arbeidet med dei potensielle vindkraftsområda har fått ei rekke organisasjonar, med Den Norske Turistforening og La Naturen Leve i spissen, til å ruste seg til kamp. Truleg blir det gjensyn med gamle vasskraftskampar som Mardøla-aksjonen sommaren 1970 og Folkeaksjonen mot utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget ti år seinare. Ingrediensane blir som den gongen: teltleirar med iltre naturvernarar (truleg frå Oslo), kjettingar i metervis, professorar (også dei frå Oslo) som blir borne bort av lokalt politi, og opprørte samar (forhåpentlegvis utan bomber denne gongen). Mykje å sjå fram til, altså.

Det er nemleg sterke grunnar til å håpe – eller frykte – at det blir mange vindmøller i Noreg i åra som kjem. Arbeidet med den nasjonale ramma tyder på det. Men endå viktigare er det at vindkraft i løpet av få år har blitt lønsamt, også utan subsidiar. Faktisk så lønsamt at utanlandske investorar nærast står i kø for å vere med på det norske vindkrafteventyret. For nokre er diskusjonen om utanlandske eigarar med på å vekke like sterke kjensler som vindmøllene i seg sjølv. Eg skal ikkje ta diskusjonen om eigarskap her, det vil nok mange andre gjere.

Diskusjonen om vindkraft inneheld altså alt: klima, høgde, biologisk mangfald, ørn, økonomi, arbeidsplassar og utanlandske eigarar. Problemet er, for å låne ei formulering av Anne Grete Preus, at sjølv om debatten om vindkraft inneheld alt, så har vi ingen ting å ha ingrediensane i. Kanskje kan omgrepet berekraftig utvikling og FNs nyleg vedtekne berekraftsmål hjelpe oss på vegen? Utan å gi forhåpningar om noko som helst kan det i det minste vere ein stad å samle seg rundt i diskusjonen om vindkraft.

La oss ta ein snartur innom berekraftshistoria. Men hald ut, eg kjem snart tilbake til vindkraftsdiskusjonane.

FNS BEREKRAFTSMÅL

25. september 2015 er ein viktig dag for verdas fattige og for ein hardt pressa jordklode. FNs generalforsamling er samla i New York for å markere 70-årsdagen til organisasjonen, og vedtek i same andedrag ein deklarasjon for å endre verda i løpet av dei neste 15 åra. Middelet for transformasjonen er ein ny agenda, Agenda 2030, konkretisert i form av 17 berekraftsmål og 169 delmål. Agendaen og delmåla forpliktar medlemslanda til mellom anna å sette i verk ein politikk for å nå klimamåla.

Sjølv om det kan peikast på mange svake sider ved agendaen og delmåla, er det liten tvil om at deklarasjonen er ein stor politisk suksess: Det gir håp for framtida når FN og medlemslanda set berekraftig utvikling på den globale dagsordenen og samstundes gir land, byar, bedrifter og organisasjonar noko konkret å jobbe vidare med. Men vi må lenger tilbake i tida for å finne den opphavlege ideen til arbeidet med ei berekraftig utvikling.

FELLES FRAMTID

Den 19. desember 1983 vedtok FNs generalforsamling å opprette ein spesialkommisjon for å trekke opp miljøperspektivet frå år 2000 og framover. Dåverande leiar av Arbeidarpartiet, Gro Harlem Brundtland, blei utnemnd til leiar av kommisjonen. Tidlegare president i USA, Jimmy Carter, stod eigentleg øvst på ynskjelista, men blei etter uformelle samtaler mellom FN og USAs FN-ambassadør sett på som eit politisk umogleg alternativ.

Kommisjonen fekk namnet Brundtland-kommisjonen etter leiaren, noko norske politikarar og forskarar seinare sjeldan har utelate å nemne dei gongene dei møter kollegaer i utlandet.

Fire år seinare, 27. april 1987 i Queen Elisabeth IIs konferansesenter i London, presenterte kommisjonen den endelege rapporten. Rapporten, Vår felles framtid, sette for første gong omgrepet berekraft og berekraftig utvikling på den globale, politiske dagsordenen og gav denne definisjonen på omgrepet: «Berekraftig utvikling er ei utvikling som tilfredsstiller dagens behov utan å øydeleggje moglegheita for at framtidige generasjonar skal få dekt sine behov.» Definisjonen har halde seg sidan den gongen og er framleis sentral i FNs nye agenda og berekraftsmål.

Grunnen til at definisjonen i rapporten Vår felles framtid står seg over tid, er enkel: Definisjonen uttrykker ein kraftfull idé som dei fleste forstår og kan slutte seg til. Omsett til norsk daglegtale seier definisjonen to ting: «vi aksepterer ikkje fattigdom og urett», og «vi må ikkje sage over den (grøne) greina vi sit på». Ideen er kanskje kraftfull, og definisjonen gir meining, men kva betyr eigentleg berekraftig utvikling i praksis?

EIT OMGREP I TÅKA?

Jeg er en enkel gutt, og det er mye jeg ikke forstår. Ordet «bærekraftig», for eksempel, har jeg aldri helt fått taket på. (Trygve Lundamo, «Bærekraft – et ord i tåka», Adresseavisen, 23. mars 2017)

Sitatet over kan vere ein indikasjon på kva mange kjenner. Det er ikkje heilt enkelt å svare på kva berekraftig utvikling eigentleg betyr, heller ikkje for Brundtland-kommisjonen. Blekket frå rapporten Vår felles framtid var knapt tørt før kritikarane mistenkeleggjorde (for ikkje å snakke om latterleggjorde) omgrepet. Berekraftig utvikling som omgrep var (og er) – ifølgje kritikarane – umogleg, motsetningsfullt, naivt, sosialistisk, lite eigna for politikk, svakt, håplaust, fragmentert og mykje, mykje meir. Omgrepet har fått regelmessig juling i meir enn tre tiår.

Det finst mange modellar, indikatorar, prinsipp og system for å omsette berekraftig utvikling til praktisk handling. Eg skal ikkje gå nærare inn på det her, men snarare bruke berekraftsomgrepet og FNs berekraftsmål som ramme rundt nokre av dei mest oppheta diskusjonane om vindkraft.

Ikkje det at berekraftsomgrepet nødvendigvis gjer diskusjonane så mykje enklare. Snarare går tankane til Gro Harlem Brundtlands kronikk i Aftenposten i 1993, der ho klokeleg peika på at «alt henger sammen med alt». Det er slett ikkje urimeleg at ho plukka opp denne innsikta gjennom fire år som leiar for Verdskommisjonen (skjønt andre vil meine at ho har henta kunnskapen frå Lenin, eller kanskje til og med frå ein episode i TV-serien «Javel, Statsminister» (1982)).

KLIMA ELLER NATUR?

«Handle straks for å kjempe mot klimaendringane og konsekvensane av dei» (berekraftsmål 13)

«Sette i verk omfattande tiltak straks for å redusere øydelegginga av habitat, stanse tap av biologisk mangfald og innan 2020 verne trua artar og forhindre at dei døyr ut» (berekraftsmål 15.5)

For ikkje lenge sidan dukka miljøkrigaren Kurt Oddekalv opp på eit vindkraftseminar med ei daud havørn i bagasjen. Ørna, som truleg hadde vore daud ei stund, blei vist fram frå talarstolen midt under NVEs presentasjon og følgde sidan seminaret frå sidelinja. Den illeluktande og steindaude ørna prega bokstaveleg tala atmosfæren i rommet gjennom dagen og bidrog til ei kontinuerleg påminning om at konflikten mellom vindkraft som klimatiltak og naturøydelegging er betent.

Det er fleire spørsmål her. For det første, bidreg norsk vindkraft til å redusere globale utslepp av klimagassar? For det andre, påfører vindmøller uoppretteleg skade på natur og dyreliv? Svaret på det første spørsmålet er eit «kanskje», og svaret på det andre er «truleg».

Grunnen til at svaret på det første spørsmålet er «kanskje», er at det må vere sannsynleg at norsk vindkraft på ein eller annan måte erstattar bruk av fossil energi ein eller annan stad. På kort sikt er det svært vanskeleg å bevise det. På lengre sikt er det klart at meir fornybar energi i den europeiske energimarknaden, inkludert norsk vindkraft, vil bidra til å fortrenge fossil energi som kol, olje og naturgass.

Grunnen til at det andre svaret er «truleg», er at det vil ta lang tid å reparere inngrepa i dei fjell- og kystområda som er omfatta av NVEs kart, om det i det heile er mogleg. Erfaringar frå økologar som restaurerer steintippar frå vasskraftutbyggingar (stein frå vasstunnelar som er deponerte i fjellområde) syner at det kan ta fleire hundre år før naturen er nokolunde tilbake i den tilstanden han var før inngrepet. I tillegg kan den daude havørna til Oddekalv vere eit døme på uoppretteleg skade. Ørna vil definitivt aldri fly att.

Med eit «kanskje» og eit «truleg» i bagasjen dukkar eit tredje spørsmål opp: Skal vi byggje ned norsk natur for å bidra til å redusere globale klimaendringar? Svaret på spørsmålet kjem an på kven ein spør. Oddekalv svarar truleg klart (og høgt) «nei». Den alltid engasjerte leiaren for miljøorganisasjonen ZERO, Marius Holm, vil truleg svare (minst like høgt) «ja». Sjølv er eg neimen ikkje sikker på kva eg skal svare.

Ingen av desse spørsmåla er altså lette å finne gode svar på. Dei inneheld også langt fleire nyansar enn det eg har vore inne på her. La oss difor heller sjå på nokre tal.

KAMPEN OM AREALA

I dette usikre farvatnet står iallfall ein ting heilt klart: fornybar energi, inkludert vindkraft, er arealkrevjande. Grunnen til det er at vind har låg energitettleik per kvadratmeter land, og difor må vinden haustast over store område, eller planområde som det gjerne blir kalla. Planområda er langt større enn det arealet som går med til sjølve mølla, og inkluderer til dømes veganlegg og annan infrastruktur. Fossil energi derimot har høg energitettleik og finst nokså konsentrert (som er ein av grunnane til at fossil energi dominerer som han gjer). Medan landbasert vindkraft gir ein effekt på godt under 10 watt per kvadratmeter (Fosen-utbygginga gir 7,7 watt per kvadratmeter), kan fossil energi gi meir enn 100 000 watt på den same kvadratmeteren. Meir effektive vindmøller i form av betre teknologi, høgare tårn og større vengar kan riktig nok hente meir effekt ut av vinden. Men store vindmøller må stå lenger frå kvarandre, så planområdet blir ikkje mindre av den grunn.

La oss ta eit tankeeksperiment: Kva om all energi som blir brukt i dei 28 (enn så lenge) EU-landa, skal kome frå vindkraft, kor mange vindmøller og kor stort planareal må til?

EU-landa brukar i dag om lag 20 000 TWh energi kvart år. Energien kjem frå kol, olje, naturgass, kjernekraft og fornybar energi og blir brukt til oppvarming av bustader, transport og industri. Skal all energien dekkast av vindkraft (sjå bort frå praktikalitetar her), trengst det om lag to millionar vindmøller og eit areal tilsvarande Noreg, Sverige og Danmark. Det blir ikkje særleg greitt å jobbe og bu i desse områda.

DEN NYE VIN(D)EN 

«Fremme varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle» (berekraftsmål 8)

Klima og ørner er viktige. Den viktigaste årsaka til satsing på vindkraft på stader som Fosen er likevel ønsket om å skape aktivitet: meir inntekter til ei slunken kommunekasse og heilt livsviktige arbeidsplassar. Og det trengst. Fleire av dei aktuelle kommunane på Fosen har vore inn og ut av departementet si liste over kommunar i økonomisk ubalanse (Robek-lista), og folketalet har gått ned i alle dei aktuelle Kommunane.

Det er liten tvil om at byggefasen er ei hektisk tid med mange jobbar og store kontraktar til lokale entreprenørar. Men kva veit vi om langtidseffektane? Her kan vi truleg lære noko av vasskraftshistoria, for det er langt frå første gongen norske lokalsamfunn ser store kraftprosjekt vekse fram innanfor kommunegrensa.

Tidleg på 70-talet blei det gjennomført eit forskingsprosjekt på Universitetet i Bergen med professor Gudmund Hernes i spissen. Målet med prosjektet var å kartlegge økonomiske og sosiale verknader av den omfattande utbygginga i Aurland i Sogn. Søkelyset den gongen var først og fremst på lokalsamfunnet og eit ynske om å stimulere til ein brei diskusjon om kraftutbygging som distriktspolitisk problem. Høyrest det kjent ut?

Analysane viste at anleggsverksemda vil ha liten verknad på talet på arbeidsplassar etter utbygginga. Ein gjennomgang av kommuneøkonomien viste òg at veksten i nettoinntekta for Aurland kommune i realiteten blei svært låg – truleg mykje lågare enn dei kommunale styresmaktene hadde håpa på.

Det er grunn til å tru at erfaringane frå Aurlands-utbygginga òg gjeld i dagens vindkraftdebatt. I forskingsstudien «The Local Economic Impact of Wind Power Deployment» (2015) har professor Øivind Anti Nilsen ved Noregs handelshøgskole – saman med tyske kollegaer – sett på lokale økonomiske effektar av vindmølleutbygging. Sjølv om det her var tyske vindmøller som blei studerte, gjer Nilsen det tydeleg at resultata kan overførast til norske forhold.

Resultata var ikkje oppløftande for kommunar med håp om ein ny vindmøllevår. Installasjonane har ikkje hatt statistisk signifikant effekt på verdiskapinga, målt som bruttoprodukt eller personleg inntekt, seier Nilsen. Eller sagt med andre ord: Kommunar som håpa på store økonomiske gevinstar i form av kroner i kommunekassa, blei skuffa.

Ein skal vere forsiktig med å konkludere for mykje. Aurland på 70-talet og tyske kommunar er ikkje Fosen. Ein skal heller ikkje undervurdere den skapande krafta som ligg i ei stor vindkraftutbygging, med dei moglegheitene det gir til ny aktivitet. Likevel er det grunn til å stille spørsmåla: Kvifor byggjer vi desse vindmøllene? Kva er det vi med rimeleg grunn forventar å få ut av dei?

REIN ENERGI TIL ALLE 

«Sikre tilgang til pålitelig, bærekraftig og moderne energi til en overkommelig pris for alle.» (hovudmål)

Det er lett å kritisere vindkraft og annan fornybar energi. Det er (i alle fall) to grunnar til det. For det første vil somme hevde at forhåpningar om nye arbeidsplassar, meir aktivitet og betra kommuneøkonomi er heilt urealistiske. For det andre vil somme hevde at dramatiske og uopprettelege konsekvensar for natur og miljø er sterkt undervurderte. 

Det er tilsvarande lett å omfamne vindkraft og fornybar energi. Også her vil eg trekke fram to grunnar. For det første står vi overfor klimaendringar som i verste fall kan endre livsvilkåra på jorda. Hovudårsaka til desse endringane er massiv bruk av fossil energi. Skal vi bruke mindre fossil energi, må vi bruke noko anna i staden. Fornybar energi er då truleg eit betre alternativ enn kjernekraft. Det kan også vere verdt å minne om at klimaendringar i seg sjølv er ein stor trussel mot biologisk mangfald (inkludert havørner).

For det andre må klimaendringar motverkast i ein global dugnad der alle landa må ta sin del, også Noreg. Somme vil innvende at Noreg gjer nok i så måte, med ein fornybarandel blant dei høgaste i verda. Sjølv om eg har sympati med ei slik innvending, vil det truleg bli sett på som underleg om Noreg melder seg ut av dugnaden. Det veit alle som har prøvd å lure seg unna ein vårdugnad i nabolaget.

EIT NYTT LYKKELAND

Uansett, vindkraft på land er konfliktfylt. FNs berekraftsmål gjer konfliktane synlege, men bidreg i liten grad til å løyse dei. Ei mogleg løysing er å gjere som Lykkelandet gjorde på 70-talet: finne energi i havet. Vel 3 mil utanfor Peterhead i Nordaust-Skottland ligg fem havvindmøller og duppar i sjøen. Kanskje finn vi spira til eit nytt og mindre konfliktfylt Lykkeland der?

I fjor fremma stortingsrepresentantar frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne eit såkalla Dokument 8-forslag om å sjå nærare på regelverket og incentivordningane for havvind (og då tenkjer dei først og fremst på flytande havvind). Det er eit godt forslag av fleire grunnar. For det første er kostnadane på utnytting av havvind på veg nedover. For det andre har EU vedteke ein høg fornybardel i kraftmarknadane sine innan 2030. Noreg har eit stort potensial for havvind: Det kan bli ein bra match i så måte. For det tredje er Noreg verdsleiande på flytande havvind, noko som ikkje minst kjem av at vi i snart 50 år har drive med utvinning av olje og gass i havet. Noreg er gode på slikt som er ute i havet, anten det er fisk, olje – eller vind.

For det fjerde er, som eg alt har vore inne på, konfliktane med havvind truleg mindre enn med vindkraft til lands. Endeleg har ein her sjansen til å bygge ein industri der formålet er å skape arbeidsplassar knytte til lokalisering, planlegging, bygging, drift og vedlikehald av flytande havvindanlegg over heile verda. Kanskje er det vind vi skal leve av etter oljen?

Problemet (det er dessverre alltid eit problem i energispørsmål) er at flytande vindkraft ligg eit stykke fram i tid. Og tid, minner klimaforskarar oss om så ofte dei kan, byrjar vi å få lite av. På den andre sida kan vi glede oss over følgjande: Når Framstegspartiet og Miljøpartiet finn saman i politikken, så er det kan hende grunn til å vere optimistisk.

Omsett til nynorsk av Knut Aastad Bråten.

Erling Holden er sivilingeniør og professor i fornybar energi på Høgskulen på Vestlandet.

*

  • Holden, E., Linnerud, K., Banister, D., Schwanitz, V., Wierling A. (2017.) The imperatives of sustainable development: needs, equity, limits. Routledge.
  • MacKay, D. (2009.) Sustainable Energy – Without the Hot Air. UIT Cambridge Ltd.
  • May, N., og Nilsen, Ø.A. (2018.) The Local Economic Impact of Wind Power Deployment.
  • FinanzArchiv: Public Finance Analysis. DOI: https://doi.org/10.1628/fa-2018-0021
  • Norad. (2018.) Dette er FNs bærekraftsmål. Henta frå: https://norad.no/om-bistand/dette-er-fns-barekraftsmal/barekraftsmalene-hovedmal-og-delmal/
  • Rydgren, K. (2011.) Brunsko Buxbaumia aphylla ny for Vestlandet. Blyttia 69, 16–19.
  • Selvik, A., og Hernes, G. (1977.) Dynamikk i borehullene. Universitetsforlaget.
  • Stortinget. (2018.) Representantforslag 182 S (2017–2018) frå stortingsrepresentantane Per Espen Stoknes, Gisle Meininger Saudland, Lene Westgaard-Halle og Ketil Kjenseth. Dokument 8:182 S (2017–2018)
  • Twidell, J., og Weir, T. (2015.) Renewable Energy Resources (third edition). Routledge.
  • UN. (2015a.) Transforming our world: the 2030 Agenda for Sustainable Development. Resolution adopted by the General Assembly on 25 September 2015, A/RES/70/1. New York: United Nations General Assembly.
  • VKMU. (1987.) Vår felles fremtid. Verdenskommisjonen for miljø og utvikling. Tiden Norsk Forlag.

Referansar

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar