Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Er bygd-by ei relevant konfliktlinje i politikken i dag, Silje Karine Muotka?

Me vil ikkje snakka om fråflytting, sidan det fort kan bli krisetenking.

Av Kjartan Helleve

Foto: Sametinget

Dei samiske områda ligg i grisgrendte strok, men det er her du finn språket og kulturen. Det er naturleg at mange flyttar til byane for å ta utdanning, men utdanningsstrukturen og kunnskapssamfunnet gjer det vanskeleg å flytta attende. Det blir ein spiral som tappar kjerneområde for folk, og som truar levesettet vårt. Difor er distriktspolitikken heilt avgjerande.

Eg trur også at folk er trøytte av store, sentrale omorganiseringar som gjer at politiet brått er tretti mil unna. Det har vore ei altfor optimistisk tru på nyliberalismen, med ei effektivisering som har ført til utarming og nedlegging. I fiskerinæringa har for mange kvotar blitt samla på nokre få store båtar og selskap. Så kjem staten og ber oss om å koma opp med tiltak som kan få liv i kystsamfunna. Fleire av satsingane på nordområde er nesten kolonipolitikk, der gruvedrift og gull skal vera løysinga på alt. Men investorar har kort horisont, og snart veit ingen kven som eigentleg står bak drifta. I mellomtida har reindrifta blitt lagd ned, og så kjem staten og utfordrar oss til å tenkja nytt.

Difor har NSR lansert vår eigen tilflyttingsstrategi før valet. Me vil ikkje snakka om fråflytting, sidan det fort blir krisetenking. Det handlar meir om å syna korleis ein kan leggja til rette for å ta i bruk ressursane. Strategien inneheld seksten punkt og kjem mellom anna innom omfordeling av fiskekvotar, korleis gjera seg betre nytte av Husbanken, korleis gjera noko med barnefattigdomen, finansieringsløysingar for landbruket og å gje gratis førarkort til ungdom. Dette er ikkje løysingar me nødvendigvis har kome opp med sjølve, ulike ekspertutval har peika på mykje av det same. Men me har samla dei til ein strategi, og me meiner at tiltaka også kan fungera andre stader i landet.

Byar som Alta, Tromsø og Bodø er likevel til hjelp, dei fungerer som ein brems på utflyttinga. Men dei har jo også sine utfordringar, som til dømes mangelen på samiske barnehagar. Så ja, det er ein konflikt mellom by og land, men me ser at byane her nord er viktige for å få ungdom attende til landsdelen. Eller å bli.

Silje Karine Muotka er president for Sametinget for Norske Samers Riksforbund

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar