Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Bør vi tenkje nytt om tryggingspolitikk, Christian Anton Smedshaug?

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

Bør vi tenkje nytt om tryggingspolitikk?

– Spørsmålet er om vi bør tenkje nytt eller gå tilbake til gamal kunnskap. Vi treng reorientering. Eg tenkjer at vi definitivt er ute av ettermurstida, som starta i 1989. Den tok slutt med brexit og korona i 2022 og med Russlands invasjon av Ukraina og Xi Jinpings forlenging av sin presidentperiode i 2022. Dei tankane som låg til grunn for ettermursoptimismen, gjeld ikkje lenger. Det er ikkje slik at land blir liberale demokrati om dei blir rikare. Det ser vi i Kina. Og det er ikkje slutt med krigar i Europa. Vi er tilbake i tradisjonelle utfordringar, både i eige land og i dei alliansane vi er del av. Eit viktig spørsmål er korleis vi skal sikre eit minimum av beredskap for vitale produkt, for eige land. Det handlar både om varer som legemiddel og matvarer og om å sikre forsyningslinene for vitale produkt og råvarer i samarbeid med allierte. Her er det mykje usikkert, seier Christian Anton Smedshaug. Han er dagleg leiar i tenketanken Agri analyse.

– Bør vi tenkje nytt om Noreg si rolle?

– Det er todelt. Vi bør ha størst mogleg buffer, vi bør ha beredskapslagring av mat og legemiddel og ha eit oppdatert forsvarskonsept med eit forsvar som kan sikre territoriet vårt. Eit anna spørsmål er om vi er strategiske nok i industripolitikken. Alt dette er til debatt i totalforsvarskommisjonen. Eit anna spørsmål er om vi har ein industripolitikk som står i forhold til dette, eller har vi ein industripolitikk som er blanding av klimapolitikk og oppfølging av EUs interesser? Det er ikkje opplagt at vi bør satse på å bygge batterifabrikkar, eit felt vi manglar kompetanse på, samtidig som vi knapt har ledig arbeidskraft. Hydrogeneksport er også meir uvisst. Iallfall når heile verda manglar det prosessindustrien vår lagar, reint metall. EU etterlyser til dømes meir magnesium fordi dei vil unngå å bli meir avhengige av Kina på dette feltet.

– Har du tips for korleis vi skal klare å halde hovudet kaldt når vi diskuterer desse spørsmåla?

– Demokratiets styrke er at ein diskutere vanskelege spørsmål på ein kultivert måte. Då får dei politiske avgjerdene legitimitet over tid og vi får betre løysingar. Å heve enkelte spørsmål over debatt, slik det skjedde i starten av koronapandemien, er uheldig … Det er nettopp den debatten ein undertrykte den gongen, om det ikkje var vel mykje nedstenging som varte vel lenge, som ein hadde hatt bruk for då. Det gjeld i alle saker. Vi skil oss frå autoritære statar gjennom at vi klarar å diskutere ope og brukar den fridomen vi forsvarer.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar