Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kva betyr Gud for deg, Trine Maryam Skogen?

Min første Gud var ein lunefull og overvakande julenisse.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

Gud representerer så mykje at det nesten er best å starte i den andre enden, å seie kva han ikkje representerer. Gud, slik eg forstår han, er berre god i sin natur. Skapande, forsonande og kjærleg i sin essens. Han er rettvis, nådig og evigvarande. Han, ho eller det – pronomen fortel oss berre om ærestitlar, er det skjulte og det openberra, det uforståelege og likevel forståelege i visse augneblinkar av erfaring.

Nokre vil ikkje tru på ein Gud som straffar. Men nettopp det dømmande aspektet har vore ei trøyst for meg. Å vere vitne til vondskapen i verda og menneska sin ibuande hang til grov synd kan ta frå meg livsmotet. Difor finn eg kvile og tryggleik i at det ein dag skal gjerast opp for alt. Heldigvis slepp eg å vere advokat og innvilge nåde i det oppgjeret. Eg kjem aldri til å kunne gjere greie for mine eigne feil eller andre sine på ein fullverdig måte. Eg stolar på Gud. Eg har aldri tvilt på Guds nærvær og teikn, profetar, natur og hendingar som vitnar om Hans ord og vilje for oss. Gjennom åra har eg vidareutvikla biletet mitt av Gud.

Nettopp det dømmande aspektet har vore ei trøyst for meg.

Min første Gud var ein lunefull og overvakande julenisse. Det var ikkje eit berekraftig gudebilete, og det inneheldt ei bakanforliggande frykt. Eg søkte meg mot den frigjerande Jesus som følgjesvein og livreddar og la håpet mitt i eit nærvær som eg aldri erfarte. Eg leita blant trommereiser, austleg meditasjon utan å finne den eine Gud, kjelda bak alt. Indre og ytre reiser, som ein Paulo Cohelo utan kompass vart eg rikare på alt Gud ikkje var eller kunne vere for meg. I 2006, 35 år gamal, konverterte eg til Islam. Draumen om den varme, beskyttande og snille Faderen fann eg i Allah swt. Han verka mektigare enn dei tidlegare gudebileta mine. Han skamma seg ikkje for å bruke flammar mot dei vonde. I dag trur eg at bileta våre av Gud blir skapte i relasjonane våre og i tilknytingsutviklinga. Då eg byrja studere teologi, introduserte førelesarane mine meg for historisk-kritisk lesing av heilage tekstar. Det gjorde at eg måtte sortere trua mi på nytt. Gud er eit stort mysterium, og eg er glad for ikkje å ha sett noko anna enn i ein spegel, i ei gåte. Vi ber narrativa våre og trusidentiteten med oss, lengtande på vegen heim til Han som er alt. Det viktigaste er at eg let Anden rettleie meg på vegen, så får dogma stå sin eigen prøve.

Maryam Trine Skogen konverterte til islam i ungdomstida, men vende tilbake til kristendommen. Ho er i dag prest i Høvik kyrkje.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar