Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Den umyndige militærpolitikken

Joe Biden lovar at USA skal vende tilbake på den internasjonale arenaen. Det kan føre til at ein forskrudd og farleg militærpolitikk får halde fram i nordområda.

Av Jon Hellesnes

Som kjent gav presidentvalet i USA flest røyster til Joe Biden. I NRK og den norske mediebobla utgjorde valkampen, valet og valresultatet ei mega-hending som sette alt anna i skuggen. Det var som om det norske folket skulle ha det inn med skei: «Noreg er avhengig av USA. Biden vil kunne sikre ei meir ansvarleg styring av det komplekse militære systemet i Nord-Noreg.» Eit slikt håp er illusorisk. Biden utgjer ingen skilnad i den militærpolitikken Noreg har vikla seg inn i. Dei geopolitiske interessene til USA avgjer kva som skjer militært i nordområda, inkludert norsk territorium.

Kampubåt ved Kvaløya

Sist sommar, nærmare bestemt 17. august 2020, la det enorme amerikanske krigsskipet USS Roosevelt til ved Grøtsund like nord for Tromsø, etter ein tur langs kysten i nord. Den amerikanske kampubåten USS Seawolf dukka opp utanfor Kvaløya eit par dagar seinare. Etter planen i «forsvarsdepartementet» skal amerikanske reaktordrivne ubåtar, som kan vere utstyrte med kjernefysiske missil, ha permanent logistikkhamn nær Tromsø by og slik utgjere eit attraktivt bombemål for den eventuelle fienden. US-amerikanske generalar vil ha fleire permanente basar. Hensikta er truleg å lagre/utstasjonere nye typar våpen, for eksempel B61-12. Dette er eit viktig kjernefysisk våpen i USAs arsenal. Den einerådige og stadig meir provoserande aktiviteten USA gjennomfører i nord, er i ferd med å forvandle Noreg til ei potensiell slagmark. Men heller enn avspenning ønsker styresmaktene stadig meir bilateralt «samarbeid» med USA. Det er blitt normalt å akseptere at Nord-Noreg skal bli verande ein amerikansk militærbase. Men denne nye normaliteten er skrudd, altså pervers, og dessutan farleg.

Det er blitt normalt å akseptere at

Nord-noreg skal bli verande ei militærbase

Ideologidriven infantilisering

Rett nok finst det enno ein kritisk minoritet her i landet. Her lever minnet om den typen innsikt som ein del framståande norske politikarar var motiverte av i 1940-åra, og som gjorde dei skeptiske då Noreg skulle bli medlem av NATO. Eg siktar til blant andre C.J. Hambro og Olav B. Oksvik, for å ta ein politikar frå Høgre og ein frå Arbeidarpartiet. Begge desse kloke politikarane forstod det klassiske problemet ved asymmetriske militæralliansar: Ein småstat allierer seg med ei stormakt for å få vern mot ein lumsk nabostat. Men småstaten må då vere på vakt både mot den potensielle fienden og mot den allierte stormakta. Småstaten kan nemleg fort bli ei brikke i det strategiske spelet til den mektige partnaren. Eller med andre ord: Noreg kan i verste fall bli eit bondeoffer i det store sjakkspelet til høge herrar i Washington D.C.

Hambro heldt fast ved «en mistenksom aktpågivenhet også overfor våre allierte», og det gjorde han rett i. Kunsten å tenke tosidig på denne måten har vore eit tema i militærteorien og den politiske filosofien i om lag to og eit halvt tusen år. Dei som utgjer dagens politiske elite i Noreg, inkludert kommentariatet, har derimot gløymt dette. Eller dei er kanskje utan danning? Då har dei ikkje gløymt problemet, dei har aldri visst om det.

Skrudd normalitet

Eg skal no presentere og forsvare ein tese som styrker eit par av resonnementa i ei bok eg gav ut på nyåret 2019. Boka ber tittelen NATO-komplekset. Om militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitet. Tesen går ut på at den skrudde normaliteten kring norsk utanriks- og militærpolitikk er avhengig av det eg kallar ideologi-driven infantilisering.

Termen `infantilisering’ eller barnsleggjering krev forklaring ut frå den kognitive utviklingspsykologien innanfor den såkalla Piaget-skulen, særleg slik faget er vidareført av amerikanaren Lawrence Kohlberg. Han blei internasjonalt kjend for granskinga si av korleis den moralske tenkinga utviklar seg hos barn. Eit spørsmål hos Kohlberg er slik: Kor mykje må eit barn alt ha forstått for å kunne fatte at ei illgjerning er og blir ei illgjerning, uansett kven som utfører den? Ut frå Kohlbergs granskingsresultat inneber ei normal kognitiv utvikling at eit barn oppnår denne moralkompetansen i elleve–tolvårsalderen. Å infantilisere er å prøve å få til ein regresjon hos ein vaksen slik at vedkomande fell tilbake til eit stadium der moralkompetansen til ein tolvåring enno ikkje er nådd. Korleis skjer regresjonen innanfor norsk utanriks- og militærpolitikk? Svaret kjem om litt.

Noreg kan i verste fall bli eit bondeoffer i

det store spelet til dei høge herrar i Washington

Statskuppet som ingen hugsar

I 2014 annekterte Russland Krim. I Noreg blei det straks slått fast at dette var det verste folkerettsbrotet i seinare tid. Dermed gjekk Solberg-regjeringa inn for EU-strategien med økonomiske sanksjonar mot Russland. Dette medførte eit visst offer, for Noreg tapte marknadstilgangen for sal av fisk til Russland. Påfallande nok kom eit svært viktig tema i bakgrunnen, for så å forsvinne heilt, nemleg at det hadde vore eit statskupp i Ukraina 22. februar 2014. Den lovleg valde ukrainske presidenten Viktor Janukovitsj blei kasta. Den ukrainske grunnlova slår fast at ein må ha tre fjerdedels fleirtal i parlamentet for å avsette den sittande presidenten. Eit slikt fleirtal fanst ikkje i parlamentet. Men presidenten vart likevel avsett. Krim-intervensjonen til Russland var ein reaksjon på dette statskuppet. Marinebasen til Russland på Krim var i fare. Geopolitisk hadde Russland berre eitt val: å berge basen og flåten der. Dessutan hadde ei folkeavrøysting synt at majoriteten av folkesetnaden på Krim ønskte å slutte seg til Russland.

USS New Mexico som er ein reaktordriven ubåt frå US Navy legg til havn på Grøtsund i Troms. Alle foto: Forsvarets mediesenter

Brot på folkeretten

På YouTube har ein tidlegare toppfunksjonær i CIA, Ray McGovern, levert eit timelangt foredrag om statskuppet i Ukraina. Her gjer han detaljert greie for korleis USA, i løynd, arbeidde for å styrte presidenten og regjeringa i Kiev for så å plassere sine folk i kupp-regjeringa. I det amerikanske tidsskriftet for utanrikspolitikk Foreign Affairs publiserte den kjende militæranalytikaren John J. Mearsheimer alt i 2014 ein artikkel under tittelen «Why the Ukraine crisis is the West’s fault».

Slik sett er ikkje Krim-intervensjonen til Russland det mest opplagde eksempelet vi kan finne på eit folkerettsbrot. Men for argumentasjonens skuld kan vi seie at det er eit eksempel, utan å diskutere det vidare. I staden spør vi: Finst det andre og verre folkerettsbrot i seinare tid?

USAs svarte hol

Frå og med åtaket på Jugoslavia i 1999 har den militære aktiviteten til USA og NATO ført med seg stadig fleire brot på folkerett og militær etikk, vel å merke i andre område enn Latin-Amerika, for der har slik USA-framferd vore vanleg lenge. Kapittelet «Aggresjonsforbrytelsen» i Ståle Eskelands juridiske avhandling De mest alvorlige forbrytelser (2011) inneheld ein kort historikk over denne innsatsen, i tillegg til ein fagjuridisk gjennomgang. Eskeland, som dessverre er død no, var professor i strafferett ved det juridiske fakultetet til UiO. Han viser til Bruno Simma, den fremste folkerettsjuristen i verda. Simma har konkludert med at den krigen som starta med USAs åtak på Irak i mars 2003, ikkje berre øydela dette landet, men også skadde restane av det internasjonale legale systemet for sivilisering av militær maktbruk og okkupasjon. Ifølge Simma er USA (med varierande koalisjonar) hovudkrafta i den raseringa av folkeretten som har skjedd den siste menneskealderen. Mange framståande folkerettsekspertar deler denne oppfatninga.

Tolvåringar forstår jo at illgjerningar er og

blir illgjerningar uansett kven som utfører dei

Etter at Irak var hærtatt, etablerte okkupasjonsmakta USA ei mengd konsentrasjonsleirar og hemmelege tortursenter («black sites», også kalla «black holes»). Det blei terrorisering, kidnapping og tortur av sivile irakarar i stor skala. Somme sit i Guantanamo-leiren framleis. Offisielt har ikkje Noreg ytra noko som liknar på fordømming av USAs innføring av eit system med konsentrasjonsleirar og tortursenter, eit system som elles er assosiert med visse skrekkvelde, for eksempel Stalin-regimet. Mainstream-media syner òg forståing for kva USA ser seg nøydd til å gjere i ei vond verd.

Åtakskrig og okkupasjon

Fråværet av kritikk av dette USA-valdsverket, kombinert med fordømminga av den russiske Krim-intervensjonen, impliserer eit standpunkt som er slik: Åtakskrig og okkupasjon med påtvinga regimeskifte er folkerettsbrot og illgjerning dersom Russland er aktør. Men bruk av militærmakt, okkupasjon med påtvinga regimeskifte og dessutan terrorisering og drap av sivile er derimot ikkje illgjerning når USA er aktør. Då tener maktbruken til sikring av fred og fridom.

Ut frå Kohlbergs kognitive moralpsykologi er denne tenkemåten eit klart symptom på regresjon. Alt tolvåringar forstår jo at illgjerningar er og blir illgjerningar, uansett kven som utfører dei. Eg ser ikkje bort frå at somme i den politiske eliten gjer seg dummare enn dei er. Men kvifor? Jo, for å markere absolutt lojalitet til USA og for å infantilisere vanleg folk, og i dette lykkast dei. Med sløv og infantil aksept har majoriteten vent seg til at den politiske eliten lyder USA i eitt og alt, uansett kva styringseliten i Washington D.C. finn på. I militærpolitisk praksis, om ikkje formelt, er Noreg alt eit lydrike under USA. Teikna er tydelege for dei som vil sjå.

Kunsten å bortforklare

Det byr på problem å finne litterære grep som er sterke nok til å vekke den kritiske tenkinga når tilstanden er som den er. Det trengst problemløysing på nivå med eit såkalla columbi egg, og det er ein type løysing som har minst to kjennemerke: (1) Løysinga er svært vanskeleg å kome på; den ter seg som ein genistrek når den brått er der. (2) Etter at løysinga er funnen og gjennomført første gongen, verkar den sjølvsagd og enkel – ja, nesten banal. Eg skal presentere eit framifrå eksempel av dette slaget. Det dreier seg om å skildre ein viktig type situasjon på ein bakvend måte. Dette lure grepet er gjennomført i siste del av romanen Due og drone av Kjartan Fløgstad.

i militærpolitisk praksis, om ikkje formelt

er Noreg alt eit lydrike under usa

Ein ung mann med etternamnet Nyslott har søkt stillinga som ny informasjonsdirektør ved NATO-hovudkvarteret. Der er i alt 1241 søkarar, men Nyslott er ein av dei tre som er tatt ut til intervju og ligg godt an. I NATO-hovudkvarteret blir han så konfrontert med eit inkvisitorisk panel, to kvinner og ein mann. Første spørsmålet er «kven er våre fiendar?». Etter litt famling og lausprat nemner Nyslott Russland. Ei kvinne i panelet kjem straks med relevante fakta: «NATO-landa brukar tolv gongar så mykje som Russland på forsvaret. NATO har 3,2 millionar soldatar under våpen, Russland har 830 tusen.» Og slik går det vidare. Nyslott prøver å seie noko i favør av USA og NATO, men blir kvar gong avbroten og får servert kjensgjerningar som tilseier at USA og NATO utgjer ein trussel mot verdsfreden. Mannen i panelet seier for eksempel dette: «Frå Tonkin-bukta i Vietnam til invasjonen i Irak har CIA forleda politikarane med nedrige løgner. Kvifor stola på dei, og på oss for den del, når vi seier noko i dag?» Ein annan replikk frå panelet er slik: «Korleis kan vi be ungdom trekka i uniform for å forsvara ulikskap og status quo? Gå til krig for ein urettferdig samfunnsorden?»

Svartekunstar

Dei tre i panelet har oppgåva som djevelens advokatar. Nyslott skal vise at han kan imøtegå dei, men det går ikkje særleg bra. Situasjonen blir stadig verre. Denne bakvende historia, der høgare NATO-funksjonærar kjem med den eine avsløringa av NATO verre enn den andre, syner på ein sjokkarta måte kva slags kompetanse ein informasjonsdirektør i NATO må ha. Han eller ho må kunne bortforklare alle illgjerningar som USA og/eller NATO har gjort seg skuldig i, for eksempel totaldestruksjonen av Libya. Der gav NATO, inkludert det norske flyvåpenet, luftstøtte til islamistiske krigarar som utrydda den kristne minoriteten i landet (jf. O. Tunander, Libyakrigen, 2018). Informasjonsdirektøren må også greie å snu den vanlege tydinga av ord og for eksempel slå fast at fred betyr kjernefysisk opprusting. Vedkomande må såleis nærme seg nivået til noverande verdsmeister i newspeak eller nytale, hans eksellense Jens Stoltenberg.

Nettopp ved at Kjartan Fløgstad syner fram svartekunsten i ei oppdikta og bakvend historie, blir vanens makt broten. Dette tyder på at visse former for diktekunst og visse former for samfunnskritisk sakprosa kan hjelpe kvarandre i å opne for kritisk tenking. Det vil i så fall kunne motverke den militærpolitiske einsrettinga som elles rår grunnen her i landet.

Jon Hellesnes er professor emeritus i filosofi ved Universitetet i Tromsø

Artikkelen stod på trykk i Syn og Segn 1/2021

Referanselitteratur

Eskeland, S. (2011). De mest alvorlige forbrytelser. Oslo: Cappelen Damm.

Fløgstad, K. (2019). Due og drone. Oslo: Gyldendal.

Hellesnes, J. (2019). NATO-komplekset. Om militærpolitikk, atomvåpen og norsk USA-servilitet. Oslo: Det Norske Samlaget.

Kohlberg, L. (1981). The Philosophy of Moral Development: moral stages and the idea of justice. San Francisco: Harper and Row.

Mearsheimer, J. J. (2014). Why the Ukraine Crisis is the West’s Fault. Foreign Affairs, Vol 93, No. 5.

Piaget, J. (1973). Das moralische Urteil beim Kinde. Frankfurt: Suhrkamp.

Tunander, O. (2018). Libyakrigen. Oslo: Sirkel Forlag.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar