Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Eit tungt lass å dra

Det tyngste med å arbeide mot seksuell trakassering er kjensla av at tematikken er for krevjande for andre å engasjere seg i.

Av Olaug Nilssen

I januar 2021 arrangerte eg ein litterær salong mot seksuell trakassering i bokbransjen. Fleire gongar i løpet av arbeidet med dette sa eg: «Dette er eit tungt lass å dra.» Eg sa det til meg sjølv, og eg sa det til andre: «Dette er eit tungt lass å dra.»

Grunnen til at eg skipa til dette arrangementet, var at ei rekke av bokbransjeorganisasjonane hadde gjennomført ei undersøking om omfanget av seksuell trakassering i bokbransjen, og resultata av undersøkinga viste at det var eit problem. Seksuell trakassering var eit problem, viste undersøkinga, særleg for unge kvinner, både dei som hadde laus og dei som hadde fast tilknyting til bransjen. Men eigentleg trong eg ikkje denne undersøkinga. Eg visste jo frå før at det var eit problem. Som ein av dei som har ytra noko offentleg om dette både før og no, har eg opplevd at kvinner har tatt kontakt og fortalt kva dei har opplevd, meir eller mindre alvorleg, meir eller mindre skakande, med større eller mindre konsekvensar for psykisk helse og vidare arbeidsliv. Dette opplevde også Agnes Ravatn etter at ho skreiv ein kronikk i Aftenposten med tittelen «No kan ein berre halde på, utan sanksjonar» – folk har tatt kontakt og fortalt sine historier. Tine-Jarmila Sir, som ikkje berre er forfattar, men som også jobbar frilans med manusarbeid, har sjølv varsla om seksuell trakassering. Etter at ho skreiv ein kronikk og stilte opp i intervju om temaet vinteren 2020, har også ho fått historier frå andre i innboksen.

.

Samtalar om seksuell trakassering har ein tendens til å smuldre opp, skriv Olaug Nilssen. Foto: Mihai Surdu

Dei som sa ja

Arrangementet var eit tungt lass å dra. Det var vanskeleg å gjennomføre det på grunn av dei strenge koronarestriksjonane, og sjølv om det var mogeleg å gjennomføre eit fysisk arrangement med publikum i Bergen, føregjekk det meste digitalt. Nokre deltok på zoom, nokre deltok frå Litteraturhuset i Oslo, og det heile blei sendt på youtube.

Men det var ikkje dette som var tyngst. Det tyngste var kjensla av at tematikken var for krevjande for andre å engasjere seg i. Det var ikkje vanskeleg å mobilisere forlag og forfattarorganisasjonar som økonomiske støttespelarar, men det var verre å få med forfattarar til å halde appell. Nesten alle kvinnene eg spurde, sa ja med det same, men ikkje alle. Nesten alle mennene eg spurde, sa nei med det same, men ikkje alle. Birger Emanuelsen var ein av dei som stilte opp, og han snakka i si tilmålte tid om at han eigentleg hadde hatt lyst til å seie nei då eg inviterte han. Og kvifor hadde han mest lyst til å seie nei? Delvis fordi eg hadde skrive i invitasjonen at det var vanskeleg å få menn til å stille, og han lurte difor på kor langt ned på lista han kom, og kven eg helst ville ha hatt på scenen. Men også fordi han sjølv ikkje har opplevd seksuell trakassering og fordi det er vanskeleg å snakke om det. Og det er det jo! Det er lettare å tru seg til kvinner som trur på det ein har å fortelje, enn å tru seg til instansar som ikkje veit korleis dei skal oppføre seg i møte med slike historier, eller til sosiale eller tradisjonelle medium, der alle som ser saka indirekte, blir inviterte til å ha ei meining om saka.

Vekta Av alle historiene skal ikkje leggjast på enkeltpersonar

Det smuldrar opp

Når ein snakkar om seksuell trakassering i ålmenta, har det ein tendens til å smuldre opp. Nokre gonger fordi det ikkje går an å snakke om kva som har hendt, fordi det er ærekrenkande å anklage levande personar for trakassering og overgrep utan prov. Andre gonger fordi det er så ulik oppfatning blant folk om kva som er alvorleg, og kva som ikkje er det, kva ein må tole, og kva som er over streken. Som regel vil det også vere stor usemje om kva konsekvensane skal vere for den som blir funnen skuldig i å ha krenkt ein annan; enkelte meiner at det då skal vere på hovudet ut av maktposisjonar, mens andre meiner det må finnast andre og kanskje mildare sanksjonsmogelegheiter.

Bokbransjen har lova ein tiltakspakke mot seksuell trakassering.
Eg håpar dei held lovnaden, skriv Olaug Nilssen. Foto: Beth Hope/Unsplash

Eg meiner at alt dette gjer at det er best å handtere seksuell trakassering internt på ein arbeidsplass eller ein institusjon, og ikkje på ryktebørs, sosiale eller tradisjonelle medium. Enkelte saker er meir alvorlege og må handterast av politi og rettsvesen. Men når politi og rettsvesen berre klarer å ta seg av ein brøkdel av slike saker, og når bokbransjen ikkje har noka opplagd HR-avdeling å gå til, så er det lett å ty til den offentlege gapestokken i frustrasjon. Og kven vil binde seg til masta med overgrepsoffer? Kven orkar det? Er det ikkje enklare å avfeie slikt?

Det enkeltpersonar må bere

Det er enklare å avfeie slikt. Det er enklare å trekke seg unna, stille kritiske spørsmål til kor truverdig offeret er, kjefte på folk som hengjer ut andre i sosiale medium, tvile. Tine Jarmila Sir sa i sin appell at ho var utsliten. Ikkje berre hadde ho varsla sjølv, ho hadde også tatt imot historier frå andre. Den som tviler på om forlag og organisasjonar vil eller kan hjelpe, går til nokon som ein veit vil tru på det ein har å fortelje – nokon som sjølv har opplevd det same, nokon som har ytra støtte til offer for seksuell trakassering.

kven vil bindeseg til masta som overgrepsoffer?

kven orkar det?

I boka Alt som var mitt beskriv den svenske #metoo-aktivisten Cissi Wallin korleis ho blei utsett for eit overgrep av ein kjent svensk medieprofil, og korleis det var ho som blei rettsforfølgd då ho sa namnet hans på sosiale medium. Boka beskriv også korleis kvinner har vendt seg til henne, både gjennom meldingar og på gata, og fortalt om overgrep, og korleis det oppstår ein varme og ei samforståing mellom henne og andre offer.

Men vekta av alle historiene skal ikkje leggast på enkeltpersonar. Bokbransjen kan ikkje vere bekjent av at Tine Jarmila Sir skal vere den som drar heile lasset; vi kan ikkje ha det slik at ho skal bere både si eiga og andres historier, og at ingenting løyser seg for henne, at børa ho ber, berre blir tyngre og tyngre.

Skal fleire dra lasset? 

Eg syntest arrangementet Litterær salong mot seksuell trakassering var eit tungt lass å dra. Ja, eg syntest det. Samstundes visste eg om meg sjølv før eg begynte på dette, at eg var sterk nok til å dra dette lasset. Men eg har ikkje lyst til å halde på med dette heile tida, eg har ikkje lyst til å få desse historiene, sidan eg er utan kompetanse eller mogelegheit til å vere noko anna enn ei moralsk og emosjonell støtte. Kor lenge har Tine-Jarmila Sir lyst? Kor lenge orkar ho? Kor lenge kan ho vere så sterk?

Bokbransjen har lovd ei tiltakspakke mot seksuell trakassering, og eg håpar dei ansvarlege klarer å halde lovnaden sin om å ta problemet på alvor framover. Bransjen kan ikkje vere bekjent av at historiene hamnar hos enkeltpersonar.

Olaug Nilssen er forfattar.

Artikkelen stod på trykk i Syn og Segn 1-2021.

Foto: Bent R. Synnevåg Det Norske Samlaget

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar