Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Er bygd-by ei relevant konfliktlinje i politikken i dag, Helge Andre Njåstad?

Eg som er frå bygda, opplever det utidig når det sit folk på kontor i byen og trur dei veit kva som er best for folk i distrikta.

Av Kjartan Helleve

Foto: Framstegspartiet

– Eg opplever ikkje at det er ein konflikt mellom by og bygd. Eg ser ein genuin vilje til å utvikla både byane og distrikta, og eg trur alle politikarar forstår at det er ein skilnad på Oslo og Bø i Vesterålen. I byar kan ein leva utan bil, noko som er utenkjeleg for folk i distrikta. Der ynskjer ein å vera mobil og samstundes kunne vera på digitale plattformer med skikkeleg fart på nettet. Samstundes har byane sine utfordingar, til dømes med å ha eit godt og tilrettelagt kollektivtilbod og med fortetting. Byane må også få lov til å utvikla seg. Difor er det viktig at dei politiske partia har ein politikk både for byane og for distrikta. Skal ein vera eit breitt folkeparti, så må ein sjå båe utfordingane.

Samstundes er det klart at eg som er frå bygda, opplever det utidig når det sit folk på kontor i byen og trur dei veit kva som er best for folk i distrikta. Me har eit overordna system som syner liten tillit til lokaldemokratiet, og som har eit stort rom for å overstyra. Ein legg seg borti ting som folk kunne ha teke hand om lokalt. Det er eit problem. Lokaldemokratia og distrikta får bestemma for lite over til dømes eigne naturressursar, og dei får dermed ikkje utnytta sine fortrinn, fordi det sit bremseklossar sentralt og overstyrer. Ein er vel alltid irritert på makta. Når me sit i Oslo, er me rasande på Brussel. Men eg trur altså at dei som sit på tinghuset på Voss, veit betre kva som er bra for bygda enn dei som sit i Oslo.

Dette er jo ikkje bestemt av folk i byane, det er berre slik systemet er lagt opp i Noreg. Når me snakkar om Oslo-bobla, så meiner me ikkje dei som bur der. Då er det snakk om institusjonane i hovudstaden, og slik trur eg det er i alle land.

Det er likevel lite som ergrar meg meir enn folk som har flytta inn til byane og likevel meiner mykje om heimdistriktet. Det var så fint og idyllisk då dei vaks opp, og dei ynskjer å finna det same når dei kjem heim eit par veker om sommaren. Dei har lyst til å koma heim til eit museum og ikkje til eit levande samfunn som utviklar seg. Det irriterer meg.

Helge André Njåstad er Stortingsrepresentant for Framstegspartiet

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar