Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Er bygd-by ei relevant konfliktlinje i politikken i dag, Iver B. Neumann?

Dette er ei global problemstilling, og me veit alle kva retning den balansen går i.

Av Kjartan Helleve
Foto: Christopher Olssøn

– Ein skulle kanskje tru at konflikten skulle bli mindre gjennom dei store overføringane av midlar som har gått til bygdene dei siste sytti åra, men det ser ikkje ut til å vera tilfellet. Det er vel ein identitetskonflikt, som også er reell politikk. Om det er transpersoner, ei etnisk gruppe eller folk på bygda som står i motsetning til den gjeldande politikken, så blir det ein politisk konflikt. Det er ikkje noko mindre reelt, det, enn om det skulle vore materielle ressursar på spel.

Dette er ei global problemstilling, og me veit alle kva retning den balansen går i. For tre generasjonar sidan var det få som budde i byar, i dag er det over femti prosent. Det som er særskilt i Noreg, er at landsbygda blir sett på som så forferdeleg viktig. Dette er landet der folk som har budd to generasjonar i byen, framleis snakkar om «å reisa heim til jul». I seg sjølv er ikkje dette eit problem, alle har ein identitet. Men det får litt rare konsekvensar. Til dømes går det ofte mange år før studentar melder flytting, slik at skatten dei betaler, ikkje går til den staden der dei faktisk bur, han går til heimbygda.

For femti år sidan sat kommunestyra og diskuterte om dei skulle byggja barnehagar. I dag er dette lovpålagt, pengane kjem, og kommunestyra diskuterer no kva farge barnehagane skal ha. Når ein så snakkar om desentralisering, så vil ein eigentleg berre ha større overføringar. Ein vil ikkje ha meir sjølvstyre, som ville ha betydd at ein måtte skaffa pengar til barnehagane sjølv. Dette er ei problemstilling dei som er for desentralisering, ikkje er i nærleiken av å ta i.

Så det er litt forstemmande som samfunnsvitar å lesa om at sentraliseringsspøkelset er så sterkt. Eg har hytte i Lillesand. Nokre få kilometer lenger inn i landet ligg Birkeland, med eget rådhus og hva vet jeg. Er det virkelig sentralisering å la Birkeland sammen med Lillesand? Om motstanden mot sentralisering handlar om ikkje å vilja bli slått saman med nabokommunen, så er ikkje det så veldig interessant.

Iver B. Neumann er direktør for Fridtjof Nansens Institutt

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar