Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Er bygd-by ei relevant konfliktlinje i politikken i dag, Tonje Brenna?

Det å kjenna at ein ikkje blir forstått, er ei ekte kjensle om ein bur i ein millionby eller på den ytste øya. 

Av Kjartan Helleve

Foto: Statsministerens kontor

– Eg trur spørsmålet om sentrum og periferi alltid har vore aktuelt. Konfliktlinja mellom bygd og by var nok like sterkt mellom Flå og Drammen i gamle Buskerud som det no er i Viken mellom Moss og Hurdal. Men dei siste åra har me hatt ei regjering som ikkje har lagt særleg vekt på desentralisering, eller teke omsyn til arbeidsplassar i distrikta når dei har omorganisert. Det har nok forsterka kjensla av at distrikta blir etterlatne. 

Dette er eit spørsmål om makt og avmakt, kjensla av ikkje å bli høyrd. Då er det lett for politiske parti å spela på den kjensla for å skaffa seg merksemd, gjennom å koma med enkle løysingar. Men for den som kjenner avmakt, så finst ikkje alltid dei enkle løysingane. Det handlar ikkje berre om at hjørnesteinsverksemda forsvinn, eller at kommunen blir slegen saman med ein annan. Det handlar om ein større heilskap. Ein del av den norske identiteten er at me har makt over eige liv. Ein kan velja å bli bonde eller å bli akademikar. Men med den sterke sentraliseringa kjem kjensla av at valfridomen blir snevra inn, og ein blir meir ein del av ei utvikling ein ikkje kan påverka.

Avmakt kan du elles kjenna også på Mortensrud i Oslo. Det er ikkje berre nokre få postnummer som har hevd på det, det er universelt. I det veldig køyret Senterpartiet har på konflikten mellom bygd og by, forsvinn denne dimensjonen. Det å kjenna at ein ikkje blir forstått, er ei ekte kjensle om ein bur i ein millionby eller på den ytste øya. 

Eg trur at forståing og empati for andre levemåtar er eit overskotsfenomen. Når arbeidsplassar blir trua, eller det kjem store omorganiseringar ein ikkje forstår eller det kjem ein pandemi, så blir ein fort seg sjølv nærast. Tradisjonelt har me i Noreg stolt på kvarandre, stolt på helsevesenet og skattevesenet, ein har rekna med å få sitt. Her passar sterke marknadskrefter eller liberalisering dårleg inn. Eg trur det blir ein stor jobb å bygga opp att denne tilliten dei neste ti åra. 

Samstundes trur eg dei fleste stadene i landet har større eller små feidar gåande. Eg bur sjølv ein stad der fotballaget framleis heiter Ullensaker/Kisa IL, sjølv om samanslåinga skjedde på 40-talet.

Tonje Brenna er Kunnskapsminister, då ho vart intervjua var ho fylkesrådsleiar i Viken fylkeskommune for Arbeidarpartiet 

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar