Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Generasjon klimastreik

I haust skal mange av dei ungdomane som streika for klimaet, stemme for første gong. Eg håpar det vil merkast.

Av te Eiterjord

Når miljøsaker blir diskutert i avisene, er temperaturen ofte høg. Det er kanskje ikkje så rart. Å gjera om på måten me lever på for å ta vare på livsgrunnlaget vårt, vil krevja store omleggingar. Nokre av dei blir ikkje lette. Hadde det vore lett å løysa alle miljøproblema, hadde det jo vore gjort for lenge sidan. Men i vår tid har me ikkje lenger tid til å lena oss tilbake og gjera endringar litt og litt. Det må skje mykje på ein gong viss det framleis skal gå godt.

Forskarar er tydelege på at det hastar å stansa tapet av naturmangfald, avgrensa temperaturstiginga på kloden og få forbruket vårt av naturressursar ned på eit nivå som ikkje utarmar jorda[1]. Viss me ikkje set i gang store tiltak for å få energibruken over frå fossile til fornybare energikjelder, stansar nedbygging av natur og i mykje større grad gjenvinn og minskar bruken av avgrensa ressursar, vil me slita i framtida.

Det synest eg ei rekke politikarar gløymer når dei protesterer mot miljøtiltak. Når ein høyrer folk som Sylvi Listhaug eller Trygve Slagsvold Vedum, verkar det ofte som kampen for dieselbilen er viktigare enn kampen for framtida mi. Det synest å vera viktigare å protestera mot miljøtiltak enn å seia korleis dei sjølv tenker dei skal få ned utsleppa. Dei vil jo ikkje eingong at det skal bli dyrare å forureina. 

Koronaen blir småtteri

Min generasjon og mine ungar kjem til å oppleva store utfordringar med dei klimaendringane som allereie er i gang. Og alt me unge har ofra i koronapandemien, blir småtteri samanlikna med det me potensielt kan oppleva dersom me ikkje gjer nok nå mens me har sjansen. Eg ser ikkje lyst på framtida når eg høyrer kva klimaforskarane seier kan koma av flaum, tørke, hetebølger og sviktande naturtenester. For ikkje å snakka om den vonde klumpen eg får i magen av å tenka på at eg sjølv, og mine ungar, kan risikera å leva på ei jord som er mykje fattigare enn den foreldra mine fekk leva på. For også den ibuande verdien i ei rekke artar vil gå tapt når naturen dei har tilpassa seg å leva i, ikkje finst lenger. For meg er det klart at me menneske også har eit moralsk ansvar for å unngå artsutrydding, i tillegg til å sikra vårt eiga livsgrunnlag.

omstillinga må vera Rettferdig

Det som gir meg håp midt oppi det heile, er at det framleis er tid til å gjera noko, og at me ikkje manglar kunnskap eller teknologi. Men dei som har makt, manglar vilje til å gjera noko. Den andre tingen som gir meg håp, er at eg veit kor mange andre som også vil at det skal skje noko. I tida mi som miljøaktivist har eg fått oppleva at titusenvis av barn og unge i Noreg, og millionar over heile verda, har streika på skulen i protest mot miljøøydelegging. Det har endra miljødebatten fundamentalt og har fått natur og klima høgare på dagsordenen.

Elefanten i rommet

Ei undersøking utført av analysebyrået Kantar i fjor viser at norske veljarar meiner «klimaendringer» er den største utfordringa me har.[2] Spørjeundersøkinga blei utført under koronapandemien, og miljø trumfar dermed «nærare» spørsmål som helse og arbeidsløyse. Til hausten er det stortingsval, og det er første gong mange av dei som har streika på skulen for klimaet, skal bruka stemmeretten sin. I lokalvalet 2019 gjekk valdeltakinga hos unge kraftig fram.[3] Det tenker eg norske politikarar også burde merka seg nå: Dei som skal leva i dette samfunnet framover, forventar meir av dei – og det er på tide å legga om politikken.

Skolestreik for klimaet i Bonn, Tyskland. Foto: Mika Baumeister/Unsplash

Kva er det viktigaste politikarane våre så kan gjera for å gi unge betre framtidsutsikter? Mange tiltak trengst. Men det er ein stor elefant i rommet som me må ta tak i: olja. Nå treng me politikarar som ikkje lukkar auga for at fossil energibruk er den viktigaste drivaren bak klimakrisa, men som seier at nok er nok. La oss lytta til forskarane som seier me har funne meir olje og gass enn me kan bruka[4], og starta ei planlagd og kontrollert utfasing. Følgande bør gjerast:

1. Slutt å leita

Eit av dei viktigaste verkemidla politikarane har for å avgjera aktiviteten på norsk sokkel, er nye løyve til å leita etter olje og gass. Når eit oljeselskap får eit løyve, vil selskapet setta i gang med å leita. Dersom selskapet finn noko, vil det som regel ta 10–15 år før feltet er i gang med å produsera. Derfor er det å gi eit slikt løyve i dag å legga til rette for utvinning langt utpå 2030-talet – når me er nøydde til å ha kutta utsleppa kraftig. Det seier seg sjølv at det ikkje går an å opna nye oljefelt då.

2. Skap nye jobbar

Det å stansa leiting vil ikkje skru av oljekrana over natta – eksisterande felt er jo framleis i produksjon. Men det er ikkje til å stikka under ein stol at leitestopp er eit klart signal om at utfasinga er i gang. Det betyr at aktiviteten vil dabba av, og at jobbar i oljenæringa vil forsvinna. Gradvis bør den eksisterande olje- og gassproduksjonen i Noreg bli trappa ned, samstundes med at politikarane legg til rette for arbeidsplassar i andre næringar. Kompetansen, arbeidskrafta og investeringane som blir gjort i olje og gass, må brukast andre plassar, til dømes til havvind, skipsfart og elektrifisering av samfunnet. Det er viktig at politikarane tar ei aktiv rolle her. Det er ikkje den norske oljearbeidaren personleg som skal bera byrda av nasjonen si omstilling. Han eller ho jobbar i ein bransje som skal fasast ut, og må få høve til å bruka kompetansen sin i nye næringar. Omstillinga må vera rettferdig.

Det seier seg sjølv at det ikkje går an å opna nye oljefelt

3. Bruk pengane betre

Skattefordelane oljenæringa har i dag, gjer at staten tar ein stor del av den økonomiske risikoen for nye oljebrønnar og oljefelt. Det kostar mykje: Stortinget vedtok skatteendringar for oljenæringa i 2020 som er rekna å kosta samfunnet 40 milliardar kroner.[5] Kva om vi heller hadde brukt pengane på å hjelpa andre næringar, slike som ikkje koker kloden, opp på beina? Det er heller ikkje slik at fossil energi kjem til å bli ei meir populær vare i framtida; fornybar energi blir stadig billigare. Ny teknologi som el-bilar vil svekka etterspurnaden etter olje. Akkurat no er det som om vi er eit land som produserer skrivemaskiner og satsar på at alle vil fortsetta å kjøpa dei, sjølv om resten av verda vil gå over til datamaskiner.

Gaute Eiterjord er forfattar og tidlegare leiar i Natur og Ungdom.

Artikkelen vart trykt i Syn og Segn 2-2021.

Foto: Thor Due/ Aschehoug

Notar


[1] United Nations Environment Programme (2020). Emissions Gap Report 2020 – Executive summary.

IPBES (2019): Summary for policymakers of the global assessment report on biodiversity and ecosystem services of the Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services.

[2]Kantar. November 2020. Klimaendringer topper igjen listen over landets største utfordringer. Henta frå: https://kantar.no/kantar-tns-innsikt/klimabarometeret-2020/

[3]Kleven, Ø. (2019, 6. november). Langt flere unge stemte i årets valg. Statistisk sentralbyrå. Henta frå: https://www.ssb.no/valg/artikler-og-publikasjoner/langt-flere-unge-stemte-i-arets-lokalvalg

[4] UNEP. Desember 2020. Production Gap Report 2020

[5] Statistisk sentralbyrå. Februar 2021. Nasjonalregnskap for 2020. Side 13. Henta frå: https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/artikler-og-publikasjoner/_attachment/445742?_ts=177aa02acb0

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar