Endringar i kjønnsrollene gjennom 50 år slik dei er avspegla i språket.
Av Rolv Mikkel Blakar
I det fylgjande kan du lesa ein artikkel med den fengande tittelen: «Kan mannssamfunnet sprengast utan språkrevolusjon?» Før du startar lesinga, skal du få ei tilleggsopplysing: Denne artikkelen sto opprinneleg å lesa i Syn og Segn nr. 10 i 1971, altså for nøyaktig 50 år sidan.
Det er gjennom språket vi grip og forstår oss sjølve og samfunnet. Den beste spegelen for å registrere endringar i sosiale strukturar og samfunn – t.d. i kjønnsrollemønsteret, er derfor å analysere om og eventuelt korleis språket som vi grip og formidlar kjønnsrollene gjennom, endrar seg over tid.
Lese i dag eggar den halvt århundre gamle artikkelen til motforestillingar; enkelte av dei illustrerande døma er utdaterte og forelda, berre til å le av. Noko som klart tyder på utvikling og endring i retning av meir likestilling, slik likestillinga vert avspegla i språket. Men slett ikkje alle døma i denne fem tiår gamle artikkelen er forelda og utdaterte. Ikkje så få av døma treffer (dessverre, må eg seie) framleis så det svir! Personleg meiner eg altfor mange av dei gamle døma og analysane er treffande og gyldige den dag i dag, femti år etter at dei opprinneleg vart publiserte i Syn og Segn.
Men eg skal ikkje dytte på deg som lesar mi oppfatning av kva og kor mykje som har endra seg og kva som framleis står ved lag av dei kjønnsrollemønstra som vart avdekka gjennom språkanalysane i den gamle Syn og Segn artikkelen. Derimot meiner eg at i dag – i 2021 – må den gamle artikkelen lesast med Vinjes tvisyn: Kva er framleis sant og gyldig av det som står der etter fem tiår med kamp for likestilling og kva har utviklinga køyrt over slik at det ikkje lenger er sant og gyldig. Mi oppmoding til deg som lesar er: Ta på deg Vinjes tvisynsbriller og les artikkelen med ope, men kritisk syn. «Bon appétit», som franskmennene seier.
Artikkelen Kan mannssamfunnet sprengast utan språkrevolusjon? les du her
Epilog.
Eg anar ikkje kva din konklusjon er etter å ha lese artikkelen. Men eg vil starte med å peike på at gjennom dei femti åra som har gått sidan artikkelen sto å lesa i Syn og Segn, har det vore kontinuerlege kampar av ulike slag for likestilling i samfunnet. Artikkelen du nettopp har lese var da også meint som eit bidrag til kampen for likestilling. Og den vart også oppfatta slik, noko som vart bekrefta til dømes ved at bladet «Norges Kvinner» umiddelbart trykte opp att artikkelen. Artikkelen vart trykt opp att i utdrag eller in extenso i ei rekke samanhengar. Og da artikkelsamlinga «Språk er makt» kom i 1973, var det nettopp kapitlet som bygde på denne artikkelen som skapte størst interesse. NRK-journalisten Astrid Brekken var den første som laga ei større mediesak om «Språk er makt». Som såkalla nyfeminist og ein av initiativtakarane til «Sirene» sto ho også sentralt i kvinnerørsla. Så langt om den dagsaktuelle ramma for artikkelen den gongen.
Gjennom dei 50 åra som har gått etter at artikkelen du nettopp har lese opprinneleg sto i Syn og Segn, har kjønnsrollemønsteret vårt – kanskje særleg mannens rolle – vore under kontinuerlege åtak. Gjennom desse fem tiåra har det vorte sett inn store ressursar for å skape likestilling. I 1978 vart det til og med etablert eit eige likestillingsombod i statleg regi. Den kanskje mest symboltunge sigeren for norsk likestilling var biletet av Gro Harlem Brundtland si «kvinneregjering», som 9. mai 1986 gjekk sin sigersgang over verda. Sjølv i ein konserverande institusjon som odelslova vart det etter hard strid innført likestilling mellom kvinnelege og mannlege arvingar i 1974. Og i skrivande stund (i 2021, men før stortingsval og regjeringsskifte) er det tre kvinner som innehar samfunnets tre mest topptunge verv: Stortingspresident, statsminister og høgsterettsjustitiarius. Det finst knapt formelle hindre lenger for likestilling i det norske samfunnet. Likevel hevdar kvinner stadig vekk at dei stangar hovudet i glastaket. Eit sentralt element i dette «glastaket» er nettopp språket; eit språk som framleis i stor grad er gjennomsyra av mannens og mannssamfunnets perspektiv.
Det er gjennom språket vi grip og forstår oss sjølve og samfunnet (Blakar, 1973/2006). Den beste spegelen for å fange opp endringar i sosiale strukturar og samfunn – t.d. i kjønnsrollemønsteret, er derfor å analysere om og eventuelt korleis språket som vi grip og formidlar kjønnsrollene gjennom, endrar seg over tid.
Du som lesar kan nå gjere deg opp di eiga vurdering etter å ha lese denne femti år gamle artikkelen. Eg har ikkje noko fasitsvar. Men som eg ga uttrykk for innleiingsvis, er eg pessimist og meiner språket spelar ei konserverande rolle. Sjølvsagt er enkelte av dei illustrerande døma i den gamle Syn og Segn artikkelen forelda, som t.d. uttrykket «konebil». Men framleis kan vi lesa og høyre om «kvinneleg ditt» og «kvinneleg datt», også om «kvinneleg formann» og «kvinneleg brannmann» og andre typar «kvinneleg …mann». Ikkje slik for «mannleg ditt» og «mannleg datt». Til trass for alle dei markerte endringar i retning av meir likestilling i samfunnet, virkar det som om språket vi skal gripe samfunnet og kjønnsrollene gjennom, framleis er mannssamfunnets språk. Derfor er ordet «yrkeskvinne» framleis med oss inn i det nye år tusen, medan «yrkesmann» sjølvsagt framleis er eit ubrukeleg ord. (I 2006-utgava – den foreløpig siste – av «Språk er makt», vart denne type observasjonar dokumenterte.)
Helt til slutt må eg trekke fram eit døme på at det empiriske grunnlaget for analysane i den gamle artikkelen har smuldra bort: Eit av dei mest talande døma på ulik representasjon av manns- og kvinnerolla i språket, var synonyma til respektive «mann» og «kvinne» i Norsk synonymordbok. I den første utgava av synonymordboka etter Syn og Segn artikkelen var publisert, var synonyma til «mann» og «kvinne» totalt endra. Det norske språket kan ikkje omstrukturerast på same enkle måte.
Rolv Mikkel Blakar er professor emeritus ved Universitetet i Oslo
Foto: Tim Mossholder/Unsplash
Litteratur.
Blakar, R. M. (1973/2006). Språk er makt. Oslo:Pax.