Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kva betyr Gud for deg, Ervin Kohn?

Mi haldning til religion er at eg er pluralist. Eg ser på religionar som verdisystem. Det er viktig for oss å ha kalibrerte moralske kompass. Det gjeld uavhengig av kva verdisystem du held deg med. Religion blir eit gode uansett.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

Mange ateistar har sjølvsagt også ei verdiforankring. I jødedommen har vi sju høgtider. Purim er karnevalshøgtida vår. I purim feirar vi at dronning Ester redda det jødiske folket i Persia frå å bli gjort til inkjes, altså frå folkemord. Vi har også våre religiøse plikter ved purim: Vi skal gi kvarandre gåver og gi pengar til dei fattige. Når du lærer dette som barn, trur eg at dette er verdiar som også pregar deg som vaksen.

Vi kan ikkje førestille oss Gud med menneskelege konsept, eller med menneskelege omgrep.

Den jødiske Gud er transcendent. Vi kan ikkje førestille oss Gud med menneskelege konsept, eller med menneskelege omgrep. Gud er noko anna. Vi ser heller ikkje på tru på same måte som kristne lutheranarar. Hos oss er trua underordna den religiøse praksisen. Både jødedom og islam er praksisorienterte religionar, men den lutherske tradisjonen er litt meir spirituell. Vi jødar kan for eksempel ha ateistar i leiinga for trussamfunna våre. For kristne er det heilt uforståeleg. Men kva var det no eigentleg Gud gjorde? Han openberra seg på Sinaifjellet for 3300 år sidan og sa at menneska må ha levereglar, for de kan ikkje halde fram slik de gjer. Han vende seg til eit folk og gav oss dei ti boda; eigentleg er det jo 613, der dei ti boda er dei mest sentrale. Dei seier at du ikkje skal ha andre gudar, at du ikkje skal stele og ikkje drepe.

I dag seier vi at dette er internalisert i heile verda, men dette var ikkje vanleg for 3300 år sidan. Då var det mykje avgudsdyrking, og den var ofte kopla til menneskeofring. Det gjekk stort sett ut over kvinner og barn. Slik skal vi ikkje ha det, meinte Gud. Den gongen trudde folk at den beste måten å dyrke Gud på var gjennom offer. Difor kom Gud med ei rad spesifikasjonar av korleis denne ofringa skulle gjerast. Store delar av tredje mosebok handlar om ofringar, men det er ikkje fordi det var så viktig for Gud. Det handlar stort sett om å avgrense ofringa, ein skal berre ofre i tempelet i Jerusalem, og berre tre gongar i året og så vidare. Etter at tempelet i Jerusalem vart øydelagt, gjekk jødane over til å be.

Ervin Kohn er forstandar i Det Mosaiske Trossamfunn

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar