Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kva betyr Gud for deg, Gyrid Gunnes?

Vi kan sjølvsagt ikkje gi eit endeleg svar på korleis Gud er.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

I den kristne tradisjonen eg er del av, trur vi at Gud er skaparen, at han openberra seg i Jesus og det livet han levde, og at Gud er til stades i kvardagen og gir kraft og livsmot til menneska gjennom den heilage anden. Det finst andre tradisjonar. Islam vil til dømes skildre Gud på ein annan måte. Vi kan sjølvsagt ikkje gi eit endeleg svar på korleis Gud er. Det vi kan svare på, er korleis Gud er innanfor den og den tradisjonen, og anerkjenne at det finst ulike måtar å snakke om Gud på.

I den kristne tradisjonen eg er ein del av, og som den vestlege kulturen er sterkt prega av, har ein gjort ei kopling mellom Gud og mann. Ein har brukt mannlege metaforar og mannleg pronomen for å skildre Gud. I den største kristne kyrkja, den katolske, kan ikkje kvinner vere prest, biskop eller pave. Det at det er så mange kvinnelege prestar, er unikt for lutheranismen. Den tunge historiske koplinga mellom Gud og mann gjer at det er vanskeleg å tenkje på Gud om ein er feminist. I praksis har det å tilbe Gud blitt å tilbe det mannlege. Feministisk teologi oppstod på same tid som frigjeringsteologien i Latin-Amerika. I den feministiske teologien har det vore sentralt å tenkje gjennom det liturgiske språket. Ein har søkt å finne kjønnsnøytrale metaforar og også å bruke kvinnelege metaforar.

Det er det at Maria var ei kvinne, som er viktig; den seksuelle statusen hennar reknar eg som ei privatsak.

Akkurat kva det kvinnelege er, er sjølvsagt verken enkelt eller berre éin ting. Det å erstatte Gud Fader med Gud Moder er ikkje alltid løysinga. Eg skildrar ofte Den heilage anden som ei hønemor som samlar kyllingane rundt seg. Den heilage anden er sjølvsagt inga hønemor. Det er ein metafor. Vi kan ikkje skildre Gud direkte som om han var eit menneske. Vi må alltid bruke metaforar. Eg seier at Jesus er fødd av kvinna Maria, ikkje av jomfru Maria. Det er det at Maria var ei kvinne, som er viktig; den seksuelle statusen hennar reknar eg som ei privatsak.

Korleis vi snakkar om Gud, reflekterer korleis vi fordeler makt og ressursar i samfunnet. Når Gud berre kan omtalast som ein mann og berre menn kan vere prestar, seier det noko om kvinner si stilling i kulturen generelt og om deira tilgang til maktposisjonar. Det å vere feministisk teolog er ikkje ein statisk posisjon, der ein har kome fram til det endelege svaret, og der alle andre tek feil. Det er ein sjølvkritisk posisjon der ein stadig leitar etter blindflekker hos seg sjølv.

Gyrid Gunnes er prest, forfattar og forskar.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar