Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kva er tabu for deg, Camara Lundestad?

Ein blir så fort skulda for å ta offerrolla for å oppnå noko.

Av Kjartan Helleve

Foto: Maria Gossé

– Eg har vakse opp med tabu, mellom anna at far sat i fengsel. Då eg var 15, var eg med i ein paneldebatt, og ein frå FpU sa at det ikkje var rart at eg var med i SU, sidan eg ville at fleire kriminelle skal koma til landet, og visste folk forresten at far min sat i fengsel? Eg reagerte med å seia at «eg tek sterk avstand frå han, og me har ingen kontakt!». Så ikkje berre var han kriminell, eg gjorde han også til ein fråverande far, nok ein stereotypi. Ei veke seinare åt eg middag med far, drakk kaffi og snakka om det som stod i avisa. Eg greidde ikkje fortelja om hendinga. Eg skamma meg. Og korleis kunne eg driva med antirasisme, når eg levde med stereotypien på kvifor ein måtte avgrensa innvandringa til Noreg?

Det tok lang tid før eg tok tak i dette. Eg ville at kulturlivet skulle tru at også eg berre kom sigande inn frå ein eller annan middelklassevilla. I mitt tilfelle handla det om å forstå korleis det var for far å koma til Europa som attenåring ein gong på 70-talet. Det er dette eg har arbeidd med og skrive om seinare, det å ikkje kunna snakka om slike ting. Om oppveksttabu, det å skamma seg over foreldra sine, kvar ein kjem frå, det å lata som om ein kjem frå ein annan stad, og om klassereiser.

I dag er det meir offerrolla som er nærast det å vera eit tabu. Den avvisinga ein møter når ein snakkar om at ein har blitt utsett for noko, for så å bli skulda for å trekka offerkortet. Det gjer at ein heile tida må seia at «eg er sterk» og «eg er komen vidare». Det er liksom ikkje lov å seia at «eg vart skikkeleg lei meg» eller at «det gjorde skikkeleg vondt». Ein blir så fort skulda for å ta offerrolla for å oppnå noko. Offerrolla høyrest ut som eit kostyme ein kan ta av og på. I staden prøver ein heile tida å vera rakrygga og blir kanskje i overkant hard.

Dette er moglegvis noko allment, frykta for å bli avvist når ein snakkar om noko som er vanskeleg. Redsla for at ein skal bli sett på som veik, er så stor at ein heller prøver å stå fram som sterk. Så det å vera avhengig av hjelp kan nok vera eit tabu.

Camara Lundestad Joof (f. 1988) er skodespelar, dramatikar og forfattar

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar