Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kva er tabu for deg, Øystein Hauge?

Å dela med kameratar når du sist gjorde det med deg sjølv, liksom? Nei takk.

Av Kjartan Helleve

Foto: Øystein Eik

– Eg kjem i farten på minst tre tabu. Tema dei fleste av oss blir både nervøse og flakkande i blikket over å skulla nærma oss. Einsemd er eit slikt tema. Ikkje den sjølvvalde einsemda, som vel nærast kan gi status. Men den ufrivillige einsemda. Vi ser innimellom nokre modige kvinner og menn i avisintervju ta opp temaet. Men å innrømma at du er einsam, sit nok veldig langt inne hos dei fleste. Du er jo skild frå så mykje. Det er ein nakenskap nesten meir skremmande enn nakenskapen sjølv. Og kanskje Anna Gavalda har sloppe litt lett unna med Saman er vi mindre aleine. Det er akkurat når me er saman med andre, at mange av oss verkeleg kan oppleva å vera aleine! Då snakkar me kanskje om ei form for «åndeleg einsemd», som vel mange av oss opplever stadig. Men aldri snakkar om.

Og eg er jo såpass godt vaksen at det er tabu å snakka om alt som har med seksuell sjølvtilfredsstilling og onani. Det er eit tema eg nok aldri ville ha tatt opp i vår tretti år gamle lesesirkel (der vi elles snakkar om alt). Å dela med kameratar når du sist gjorde det med deg sjølv, liksom? Nei takk. Så i ei tid der sex bokstaveleg talt blir bretta ut overalt, er det nok likevel sider av seksualiteten som er tabu for mange.

Meir enn noko anna er jo temaet tabu også basert på kulturelle førestillingar og kontekst. Det er greitt å sjå bilete av nakne i kyrkjetaket, men ikkje i blada eg gøymde under madrassen som femtenåring. Eller: Det må ha vore ein grunn til at eg gøymde dei. Kunne ikkje ha dei liggande på nattbordet. Dessutan er det vel heilt på sin plass i denne samanhengen også å nemna tabu nærmast som eit viktig element i maktutøving. Tenk berre på kvinner som ikkje har tilgang til gudshus under menstruasjonen.

Og til slutt: Eg trur eg enno har til gode slik i daglegtalen å spørja vener og kjende kva dei tener i året. Det har sjølvsagt å gjera med verdsetjing. Kor mykje er du verd opp mot andre?

Øystein Hauge (f. 1956) er lyrikar

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar