Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kva er tabu for deg, Siri Dokken?

Om ein heile tida retta satiren mot den same staden, så er ein udugeleg. Desse tinga er flytande, makta flyttar seg.

Av Kjartan Helleve

Foto: Thea Hegg

– Sidan Muhammed-teikningane i 2005 har eg ofte fått spørsmål om det er noko eg ikkje kan teikna. Det er to feil med det spørsmålet. For det første er det ordet «kan». Eg kan i utgangspunktet teikna det eg vil, med mindre eg skulle koma til å bryta norsk lov ved å oppfordra til vald eller noko. «Vil» er eit mykje meir presist ord. Poenget med satire er å retta han mot staden der han trengst.

For det andre endrar dette seg heile tida. Om ein heile tida retta satiren mot den same staden, så er ein udugeleg. Desse tinga er flytande, makta flyttar seg. Til dømes homofile kan vera ei utsett gruppe i nokon samanhengar, men om homofile par kjøper tenester av ei surrogatmor i India, er det annleis. Satire skal sparka oppover, men kva som er opp og ned, er heller ikkje konstant. I religionar er prestar moglegvis opp, medan kvar enkelt truande er ned. Men om det er ei gruppe med truande, er det då opp eller ned? Og når er ei gruppe stor nok til å vera ei dominerande gruppe? Difor må eg heile tida finna ut kven som har makt. Det må eg finna ut kvar dag. Makt er ikkje på ein gitt stad til kvar tid.

Men det er likevel til kvar tid tema eg er forsiktig med. Til dømes er minoritetar ofte sett ned på, og ungdom er som regel sårbare. Eg er merksam på folk som har vore utsette for dramatiske ting, det ligg eg unna. Og folk som har fått veldig mykje juling. Tidlegare var det enklare å sjå når nokon hadde fått nok. No kan ein person få veldig mykje hets og truslar som me ikkje ser, av di det kjem i sosiale medium. Så eg har fått eit anna medvit om desse tinga. Der er eg blitt meir vaken.

Stundom blir det snakk om sjølvsensur. Alle skal vel driva med sjølvsensur, elles blir me jo idiotar. Men det kan ikkje vera så mykje sjølvsensur at ein ikkje får gjort det ein skal. Eg har ein jamn diskusjon med meg sjølv om kvar grensa går.

Siri Dokken (f. 1966) er avisteiknar og illustratør

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar