Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kva er tabu for deg, Thomas Hylland Eriksen?

Det å fornærma grupper og få dei til å kjenna seg mindre verde er eit tabu i samfunnet, og det er det gode grunnar til.

Av Kjartan Helleve

Foto: Universitetet i Oslo

– Eg er ganske frittalande frå naturen si side og tenkjer ikkje alltid over konsekvensane av det eg seier. Men det er jo ting eg ikkje snakkar om, sidan det blir for pinleg og privat. Og dette er jo nær den opphavlege polynesiske tydinga av ordet tabu: ‘det som ikkje skal seiast’. I jødedomen er det Guds namn, i Harry Potter-universet er det Voldemort. Dette er ordmagien, ideen om at ord kan føra til endringar i den fysiske verda.

Men også i det norske samfunnet er det emne som ein kan kalla tabu, der du risikerer å koma opp i store problem om du snakkar om dei. Eitt døme er motstandsrørsla under andre verdskrigen og deira oppfatning av demokrati, nasjonalisme og jødar. Å køyra i fylla er heller ikkje noko ein snakkar så høgt om etterpå.

Privat har eg blitt forsiktig med å seia at eg fekk eit betre liv etter at eg fekk kreft. Dei første åra la eg ut om kor mykje nærare eg hadde kome familien min, at eg hadde forstått meir av livet, og at eg hadde oppdaga langsemda. Slike ting skal ein ikkje seia utan å ta atterhald. Det er litt som å seia, og her har eg også gått i fella, at koronakrisa har hatt nokre positive sider. Det er jo dårleg gjort mot dei som er permitterte, og ikkje minst mot fattige folk i andre delar verda.

Offentleg er rasisme tabu for meg. Me ber alle på fordomar, og stundom glepp det ut noko om svenskar, bosniarar eller pakistanarar eller kva det skal vera. Om eg sjølv seier noko tankelaust og respektlaust, så ber det rett i kjellaren etterpå. Det å fornærma grupper og få dei til å kjenna seg mindre verde er eit tabu i samfunnet, og det er det gode grunnar til. Eg veit at folk på ytre høgre meiner at dei bli fråtekne ytringsfridomen sin, av di det kjem reaksjonar på at dei nyttar fritida si til å fornærma andre, men ei ytring kan også vera ei handling. Det er ikkje berre leik med ord. Kan henda er me blitt meir hårsåre, men det handlar i så fall om ei stigande forståing for at ein må møta folk med respekt. Om folk ikkje vil bli kalla neger, så skal ein ikkje gjera det.

Thomas Hylland Eriksen (f. 1962) er professor i sosialantroplogi ved Universitetet i Oslo

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar