Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kva må til for at Noreg skal bli eit meir vellukka fleirkulturelt samfunn, Aon Raza Naqvi?

For meg er eit vellukka fleirkulturelt samfunn eit meir inkluderande samfunn. Historiene vi fortel om andre menneske, må endre seg og bli langt meir nyanserte. I media, i film, i tv-seriar og i bøker er presentasjonen av personar frå andre kulturar svært ofte prega av feilinformasjon og fordommar.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

Foto: Mats Bakken

Ein må for eksempel vite forskjellen mellom kultur og individuelle handlingar. I nyhenda høyrer ein gjerne at ein norskpakistanar har gjort slik og slik. Då er det mange som byrjar å tilleggje alle norskpakistanarar intensjonar og motiv som dei ikkje har. Om ein majoritetsnordmann gjer noko gale, blir han gjerne framstilt som eit einskildindivid eller ein einsam ulv. Samfunnet må endre måten ein ser på andre på. Såkalla æresdrap er ukultur, også i Pakistan. Hemn er eit menneskeleg konsept og ikkje knytt til ein spesiell kultur. 

eg ville fortelje noko anna enn dei velkjente

historiene om skumle innvandrarungdomar

Eit eksempel her er at i avisene kan ein lese statistikkar som fortel at barn av innvandrarar står bak meir kriminalitet enn andre. Det ein indirekte seier når ein presenterer ei problemstilling slik, er at dei blir kriminelle fordi foreldra har innvandrarbakgrunn. Men om ein går inn i historiene, vil ein sjå at folk blir kriminelle på grunn av ting dei har opplevd i livet, på grunn av utanforskap, traume eller for eksempel eit dårleg oppvekstmiljø. Grunnen til at eg gav ut boka Third Culture Kids, var at eg ville fortelje andre, nye historier om oss som har fleirkulturell bakgrunn. Eg ville fortelje noko anna enn dei velkjente historiene om skumle innvandrarungdomar på austkanten i Oslo.

Aon Raza Naqvi er journalist og redaktør for boka Third Culture Kids

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar