Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kva må til for at Noreg skal bli eit meir vellukka fleirkulturelt samfunn, Astrid Hoem?

Eg meiner at det største problemet er rasisme og folk som vil dele befolkninga inn i oss og dei.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

Foto: AUF

Det er fleire som må ta ansvar for å seie frå når vi ser rasisme i kvardagen. Rundt middagsbordet eller i andre sosiale samanhengar. For om vi ikkje kan seie frå til kvarandre i eit rom der vi har tillit til kvarandre, korleis skal vi då kunne stoppe folk i å skrive slikt på nettet eller gi uttrykk for denne typen haldningar på bussen?  

Vi må sjølvsagt også snakke om integrering, men også om dei positive sidene av det fleirkulturelle samfunnet. Det er eit problem at det ser ut til å ha festa seg eit bilete av at vi har store utfordringar knytte til integrasjon. Eg meiner at det største problemet er rasisme og folk som vil dele befolkninga inn i oss og dei.

Det vi må slutte med er å snakke

det fleirkulturelle samfunnet ned

Eit fleirkulturelt samfunn er eit gode. Det er nyttig for oss å få nye impulsar frå andre stader, det er også nyttig for oss at folk med ulik tilknyting til Noreg og til andre land bur her i landet. Det gjer noko med oss menneske når vi blir kjente med personar med ulik religion, ulik kultur og ulike språk. Vi lærer at vi kan vere ulike på mange forskjellige måtar, men at vi også er like. Det er mykje å lære av det. 

Det vi må slutte med, er å snakke det fleirkulturelle samfunnet ned. Rasisme er ei samfunnsutfordring som vi treng å snakke  om. Vi treng også å snakke om at ikkje alle får god nok norskopplæring. Og så må det bli slutt på å bruke ord av typen «snikislamisering». Det er svartmåling på grensa til konspirasjonsteoriar. 

Astrid Hoem er leiar i  AUF

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar