Det første som må skje, er at Noreg må anerkjenne at vi alltid har vore eit fleirkulturelt samfunn. Vi må rett og slett ta livet av myten om ei homogen nasjonal fortid.
Av Astrid Sverresdotter Dypvik
Foto: Fame fotografene
Det er ei historisk løgn som usynleggjer og viskar ut historia til samar, kvener, taterar og andre nasjonale minoritetar og alle andre folkegrupper som har budd her i landet, men som ikkje er anerkjente som nasjonale minoritetar.
Folk måvenne seg til fleirspråklegheit og det
at ein ikkje alltid skjøner kva folk seier
Myten om reinleik blir brukt for å ufarleggjere intoleranse og rasisme. Ein seier at vi ikkje er vane med det. Men dette er berre ei orsaking for å la språket og kulturen til ei folkegruppe dominere på kostnad av andre. Dette er ikkje nytt, dominansen til ei gruppe har alltid vore her, og vi har alltid hatt fleire kulturar. Og ut frå dette burde ein sjølvsagt dra ei heil rad praktiske konsekvensar. For eksempel bør skulen arbeide med alle minoritetsspråka som er del av det norske samfunnet. Skulen bør ha ein fleirspråkleg praksis der ein inkluderer samisk språk og også andre minoritetsspråk. Folk må venne seg til fleirspråklegheit og det at ein ikkje alltid skjøner kva alle seier.
Stine Helena Bang Svendsen, førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU