Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Kva må til for at Noreg skal bli eit meir vellukka fleirkulturelt samfunn, Yohan Shanmugaratnam?

Portvaktarane i offentlegheita har dyrka ei tilnærming til ytringsfridom som mellom anna førte til at offer for 22. juli-terroren dreiv politisk sjølvsensur i ti år.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

Foto: Signe Fuglested Luksengard

Storsamfunnet må først og fremst ta innover seg kvifor Noreg har blitt eit fleirkulturelt samfunn og framleis kjem til å vere det. Pakistanarane kom ikkje hit på ferie og bestemte seg for å bli, Noreg trong arbeidskrafta deira. Somaliarane kom ikkje hit fordi dei likar å køyre taxi,  det var krig i heimlandet deira. Folk kjem ikkje hit frå Filippinane fordi dei likar å vere borte frå sine eigne ungar. Nordmenn betaler dei for å passe ungane sine. Noreg er i verda, og verda er i Noreg. Vi må også dyrke dei fellesarenaene som finst der vi, på godt og vondt, blir tvinga til å sameksistere.

Noreg er i verda og verda er i noreg

Det gjeld ikkje berre for skular og andre offentlege institusjonar, men kanskje særleg for arbeidsplassane. Folk kan ha ulik hudfarge og ulik tru, men gå i same arbeidsantrekk og ha medlemskap i same fagforeining. På jobben møter dei ofte den same urettvisa, og gjennom å organisere seg kan dei bli mobiliserte langs andre aksar enn det som skil dei. Det er i slike samanhengar at skepsis kan bli toleranse og toleranse bli til solidaritet. Sist, men ikkje minst må vi lære av feil som har blitt gjorde. Mellom anna har portvaktarane i offentlegheita dyrka ei tilnærming til ytringsfridom som mellom anna førte til at offer for 22. juli-terroren dreiv politisk sjølvsensur i ti år, medan mykje av tankegodset som førte til terroren, fekk breie om seg. Då er det lov å stoppe opp og tenkje seg om sjølv for den sjølvrettvise meiningsbransjen. 

Yohan Shanmugaratnam er journalist i Klassekampen og forfattar av boka Vi puster fortsatt

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar