Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

På innsida av opprøret

Bygde-Noreg protesterer. Og frå bygda ser opprøret annleis ut enn frå Oslo sentrum.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

Det kan handle om rovdyr, køyring av snøscooter eller om kor mange kommunar landet treng. Ein annan gong er det bunadskledde kvinner som poserer med knytte never og krev trygt, lokalt fødetilbod. Det piplar fram og finn stadig nye former. Det handlar om den evige konflikten mellom sentrum og periferi her i landet. På meiningsmålingane, ein sikker seismograf for taktskifte i politikken, har Senterpartiet herja så lenge at alle parti no er i ferd med å blankpusse sin distriktsprofil fram mot haustens val.

Parallellar

Når Oslo-baserte ekspertar skal forstå denne trenden, er det gjerne med den kneggande latteren til Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum, hans åtvaringar mot «ekspertveldet» og rusinga frå dieselmotoren i hans Volvo v-70 som bakgrunnsstøy. Det dei ser, er noko som sender tankane til dei kreftene som var i sving då britane stemte for Brexit. For Senterpartiet vil jo seie opp EØS-avtalen, vil dei ikkje? Eit anna referansepunkt er Donald Trump. Han ville setje America first og promoterte eit skamlaust proteksjonistisk politikk. Der har ein igjen ein parallell til Senterpartiet. Trump hadde jo også så lite respekt for fagfolks vurderingar at han opererte med eigne, alternative fakta.

Eg arbeider også på kontor i Oslo. Men eg veit for mykje om landet vårt til å tru at ein blir så mykje klokare av å påpeike slike parallellar.

Det handlar om pengar

Sosiologen Reidar Almås, sjølve nestoren i fagdisiplinen norsk bygdeforsking, kallar det som skjer, eit varsla opprør. I sin artikkel her i Syn og Segn går Almås inn i strukturane. Han påpeikar at det sjølvsagt handlar om økonomi. Almås skriv om svak kommuneøkonomi over tid og om bygdenæringar under press. Erna Solbergs reformpolitikk som har fått kommunar og fylkeskommunar til å forsvinne frå det politiske kartet og gitt lengre reisetid til offentlege tenestetilbod for mange, var den siste dropen. Den som fekk mange til å kjenne at no får det vere nok. Almås påpeikar at det har skjedd eit taktskifte i norsk politikk. I etterkrigstida har det vore tverrpolitisk einigheit om store tiltak med eit eksplisitt mål om å fremje spreidd busetting. Almås nemner Nord-Norge-planen, Distriktsutbyggingsfondet, Selskapet for industrivekstanlegg (SIVA) og den differensierte arbeidsgivaravgifta. Solbergs sentraliserande reformer er blitt gjennomførte utan tiltak som gir kompensasjon til Bygde-Noreg for det tapet dei opplever. Dermed er sentrum-periferi-konflikten tilbake i norsk politikk for fullt.

Denne gongen har Syn og Segn også henta inn stemmer frå folk som står på barrikadane i det nye bygdeopprøret. Frå innsida ser opprøret annleis ut enn frå eit kontor i Oslo sentrum.

Solbergs reformer har blitt gjennomførte utan tiltak som gir kompensasjon til distrikta.

Marit Aakre Tennø frå Luster skriv om korleis ho sjølv kom inn i politikken fordi ho ville hindre at grendeskulen vart lagd ned. I åra som folkevald har ho sett lensmannskontor, skatteoppkrevjar og ein vidaregåande skule forsvinne frå kommunen. Ambulansetilbodet er blitt redusert. Kvar haust har ho kjent den tyngande vekta av eit krympande kommunebudsjett. Ho prøver å setje ord på det som er i sving når folk rundt om i bygdene samlar seg i protest. Det handlar om noko som går tapt. Tennø samanliknar bygdesamfunna med ein steingard. Om du pillar ut nok stein, har du til slutt ingen steingard lenger. Du har fått ei steinrøys.

Å tenkje utanfor byen

Anette Musdalslien er ordførar midt i det som er Senterpartiets kjerneområde, innlandskommunen Gausdal. Ho er verken redd for fagkunnskap, caffe latte eller vegansk kosthald. Likevel er ho blitt ein del av dette nye opprøret.

Sjølv har eg ingen planar om å stemme på Vedums og Musdalsliens parti. Men også om ein ser verda frå Oslo, kan løysinga på mykje av det vi slit med, vere å finne eit godt stykke utanfor bygrensa. Bustadmarknaden i Oslo er brennheit. For dei fleste husstandar er bustadkjøpet lånefinansiert. Mange sit med bustadlån heilt opp til pipa. Samferdselsårene i Oslo, og nærområdet rundt, er ikkje robust nok til å handtere den mengda av folk som skal passere gjennom i løpet av ein normalarbeidsdag. Lang reisetid, endelause køar og trafikk-kork er ein del av framtidsscenariet for dei fleste oslofolk. Det er mange gode grunnar til å føre ein politikk som legg til rette for at folk skal ha lyst til å busetje seg over heile det langstrekte landet vårt.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn

Artikkelen var på trykk i Syn og Segn 2-2021.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar