Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Sjukeleg opptatt av å vere frisk

Sal av legemiddel og kosttilskot er ein vekstbransje i Romania. Aktørane blir hjelpte fram av lettpåverkelege politikarar. Nokon opererer i juridiske gråsonar. Det kan vere livsfarleg.

Av Eva Marie Bulai

– Orsak, men kor mykje av tida di brukar du på dette? Altså å skrive ut friskmeldingar, spør eg legen.

– Svært mykje av tida, svarar ho.

Vi er hos fastlegen med dei to borna våre for å få ei stadfesting på at dei er friske nok til å gå i barnehagen. Korleis vi hamna her? Lat oss spole tre dagar attende: Femåringen har akkurat gått inn døra til den nye barnehagen sin her i Bucuresti, Romania. Men han kjem like fort ut att saman med dama som kvar morgon kikar han i halsen og ser etter raude prikkar på kroppen.

– Han pustar ikkje godt, er domen hennar.

Eg ser utforståande på ho.

– Jau, han pustar heilt fint. Han er litt tett i nasen, svarer eg, med vekt på litt.

Foto: Dima Mukhin/Unsplash

Eg skal ikkje gje att orda som etter dette vert kasta mellom oss. Eg hissar meg opp på rumensk. Dei ristar truleg på hovudet over denne uansvarlege norske mora. Enden på visa er at både femåringen og eittåringen blir avviste i døra. Me må ha friskmelding for at dei skal få lov til å setje foten sin i barnehagen att. For meg er det ei ny verd.

Eg trudde legar var til for å undersøkje folk som er sjuke, ikkje friske, men eg må ha misforstått noko på vegen. Og no står vi altså her på legekontoret med to born som spring rundt og er superfriske. Den overarbeidde legen kikar dei litt i halsen, tullar med minstejenta, skriblar noko på ein papirlapp og toppar det heile med eit flott stempel. Yess, borna våre er offisielt erklært friske.

Ei pille for det som er ille

Men det er tydeleg at det er nokon som ikkje vil at me skal kjenne oss for friske. Ein vanleg dag startar med at eg skrur på radioen – for å få med meg siste nytt. Men eg får også spørsmål om eg har sove godt? Om ikkje, kan stemma i radioen anbefale eit produkt – ei pille eg kan ta for å sove betre. Om eg har vondt i kneet eller skuldra, kan eg ta ei anna pille som gjer at eg kan danse som ein tenåring.

Slit du med låg konsentrasjon eller gløymer ting?

Svaret ligg alltid i ei pille

Etter kvar reklame kjem ei stemme som nærmast snakkar i dobbel fart. I byrjinga skjøna eg i-n-g-e-n-t-i-n-g. Etter kvart gjekk det sport i å lære seg orda utanåt for heile familien. Setninga vert nemleg gjenteken til det keisame – på radio – på TV – heile dagen – dag ut og dag inn. Eg vart ganske overraska då eg skjøna at setninga tyder: «Dette er eit kosttilskot. Du må lese pakningsvedlegget nøye.»

Lat oss ta til dømes Optisomn – ei pille som lovar ein meir avslappande søvn og morgonar fulle av energi og produktivitet. Innhaldet er melatonin, pasjonsblomster, humleblomster og magnesium. Det interessante er at når eg går inn på nettsida til produsenten, brukar han store delar av plassen på å skrive at du først og fremst må følgje nokre reglar for å få god søvnkvalitet. Dei går ut på å vere fysisk aktiv gjennom dagen, ikkje drikke kaffi seint, leggje deg til same tid kvar dag, ikkje sjå på skjerm rett før leggjetid og ha lufta godt på soverommet. Etter dette skriv produsenten at Optisomn er laga spesielt for å gje deg god søvnkvalitet. Kva som eigentleg gjev god søvn, er litt uklårt for meg. Kan hende mest det eg må gjere sjølv?

Altså, eit kosttilskot som gjer at eg søv betre om nettene? Eit anna skal ifølgje produsenten kunne fjerne stress i kvardagen. Og så eit som eg kan ta om eg har vondt i kneet. Dette er ein språkleg akrobatikk eg er uvand med.

Fleksible politikarar

– Eg meiner dei har kryssa ei linje der, seier han og tek ein bit av lunsjen. Eg møter han i parlamentet der han er nestleiar i helsekomiteen. Mannen har praktisert som lege i 25 år og irriterer seg over selskapa som kallar preparata sine for kosttilskot.

– Har du talt reklamane på TV? Ni av ti reklamar er for piller, klagar han.

Det er akkurat det eg har gjort. Eg har talt kor mange av reklamane som er for helsefremjande middel, og eg har irritert meg. På nettet får eg bekrefta at medikament er eit av dei tre produkta det blir reklamert oftast for i prime time på TV i Romania. Det skriv Romanias svar på Finansavisen. Kvar gong eg skrur på TV-en, skjønar eg kvifor eg ikkje klarar å ha han på i meir enn éin reklamepause. Spørsmåla vil ingen ende ta: Har du smerter i brystet? Har du sure oppstøytar? Har du vondt i kneet? Slit du med låg konsentrasjon eller gløymer ting? Svaret ligg alltid i ei pille. Reklamane inneheld gjerne grafar som viser kor fort lindringa kjem, eller nokre kjekke, unge menneske som fortel overtydande korleis denne pilla har endra liva deira totalt. Nokre av pillene vert kalla medisinar, medan svært mange altså er kosttilskot.

Det er Nasjonalt institutt for mat og biologiske ressursar (IBA) som godkjenner kosttilskot i Romania. Statistikkane deira viser ein kraftig auke i talet på kosttilskot sidan 2005. I dag er det rundt 25 000 registrerte kosttilskot i landet. I 2010 var Romania landet i EU-området som hadde størst auke i kor mykje kvar innbyggar brukar på kosttilskot. Førebels tal frå IBA viser at marknaden for kosttilskot kan auke med så mykje som 41 prosent i perioden 2015 til 2020.

Ein går ikkje med barnevogn på fortauet i Bucuresti, så enkelt er det, skriv Eva Marie Bulai. Foto: Catalin Paterau/Unsplash

I ein rapport skriv instituttet at dei er medvetne om gråsonene mellom medisinar og kosttilskot. Samstundes blir det understreka at eit kosttilskot er nettopp det. Det er eit tilskot, og ikkje ein medisin. Det rumenske regelverket slår fast at produsentane ikkje skal bruke uttrykk som at tilskotet kurerer eller avverjar sjukdom, når dei reklamerer. Den som registrerer eit kosttilskot, skal oppgje korleis preparatet påverkar kroppen. Men han treng ikkje å ha nokon vitskapeleg dokumentasjon på det.

Apotek på kvart gatehjørne

Lat oss ta ein tur ut på gata i ein vanleg rumensk by. Kva er det som pregar bybiletet? Samanlikna med Noreg er det svært langt mellom treningssentera. Eg vert overraska kvar gong eg ser eit. Det som er mest iaugefallande, er kor tett det er mellom pengespelplassar og apotek. Det er nesten ei bragd å ikkje finne eit apotek. Og om du kjem på apoteket for å kjøpe ein medisin, vert du gjerne tilbydd noko anna samstundes, til dømes kosttilskot. Apotekkjeda med namnet Dr. Max er eit skilt eg ser titt og ofte. Då eg las i ei nettavis at dei først kom inn på den rumenske marknaden i starten av 2020, vart eg overraska. Korleis har dei spreidd seg så fort? På eitt år har Dr. Max ifølgje ei nettavis opna 450 apotek i 93 byar over heile Romania.

Men kven er det som kjøper alle desse pillene som lover gull og grøne skogar? Lat meg teikne ein karikatur for deg. Sjå for deg ei eldre kvinne. Ho bur på landsbygda, er mor til seks born og har lite utdanning. Ho har levd under kommunismen der alt var regulert. Livet har vore prega av mykje kroppsarbeid: gardsarbeid heime, lange arbeidsdagar ute. Romania er eit samfunn der både menn og kvinner jobbar, men kvinnene gjer ofte alt husarbeidet i tillegg. Legg til at ho har lite kunnskap om folkehelse, om korleis ein held seg i form og hindrar livsstilssjukdomar. Det å gå ein tur er ikkje vanleg. Når ein aldri har lært å symje og kosthaldet inneheld mykje kjøt, lite fisk og mykje feit mat, er det ikkje vanskeleg å skjøne at ho kan kjenne at ho treng piller for å få bort vondtane i kneet og hofta, førebygge hjarte- karsjukdomar eller løyse muskelspenningar. Og når ein endelaus straum av reklame fortel ho at ho treng alle desse preparata, er det etter kvart lett å tru at ein gjer det.

Eg brukte ein eldre person som døme. Men det finst også mange i min generasjon som har lite kunnskap om korleis ein held seg i form, kva mat som er sunnast å ete, og korleis ein sjølv kan gjere små endringar i kvardagen for å ta vare på helsa. Om ein ikkje er vand med å prioritere ein tur ut i parken, kan ei pille verke som ei redning. Piller som blir kalla kosttilskot, og som ikkje har nokon dokumentert verknad.

Lovpålagd folkeopplysning

Dei første gongane eg såg reklame på TV her i landet, kjente eg fysisk kvalme.

– NEI, ropte eg tilbake. – Svaret ligg ikkje i ei pille. Gå ut og beveg deg. Sov om du kjenner deg tung i hovudet. Drikk vatn. Et meir frukt.

Det verste er at dei gode råda finst. Problemet er at dei druknar i kjensleladde reklamar for legemiddel og kosttilskot. I Romania er det må vete lovpålagt å formidle dei viktige statlege råda for ein sunn livsstil. Men slik det ofte er når noko blir obligatorisk, så forsvinn engasjementet og lysta til å lage noko som fenger. Frå radioen seier ei monoton stemme at eg bør drikke minst to liter væske om dagen for å leve sunt. Punktum. Ikkje noko meir. Total mangel på energi i den stemma.

dei kule hipstarane har skifta til e-sigarett

for å seie det slik

På TV blir det nesten parodisk. Rett etter ein kjensleladd reklame som forsikrar meg om at eg får eit nytt liv om eg berre kjøper pillene deira, endrar skjermbiletet seg: På blå bakgrunn kjem kvite bokstavar og fortel meg at eg bør bevege meg minst 30 minutt om dagen. Stemma les opp bodskapen som om det var ein handlelapp. Ja, bodskapen er presentert for offentlegheita. Ups, ingen fekk med seg det som vart sagt.

Eg har ofte undra meg over kvifor ingen har tatt seg bryet med å lage ein liten video som viser døme på korleis ein kan bevege seg i 30 minutt om dagen? Kva med å vise at ein kan gå til jobben? Kva med å informere om at det er eit poeng å få opp pulsen for at rørsla skal ha effekt? Eg snakka med ei eldre dame om kor viktig det er å røre på seg kvar dag.

– Ja, men eg går då mykje rundt heime i huset, svara ho. Informasjon ved hjelp av eksempel hadde verkeleg hatt noko for seg.

Bilane har overtatt fortaua

Misforstå meg rett. Som i alle andre store byar finst det også her i Bucuresti folk som er opptatt av å halde seg i form. Den typen folk som joggar omkring i parkane. Overalt i verda er det alltid nokon som trener til neste heil- eller halvmaraton. Sjølvsagt vil det eksistere folk som trener, og folk som ikkje trener. Det som er uvant, er at det kjennest som om det manglar ei gruppe: vanlege folk som ser nytta av å halde seg i form. Slike som syklar eller går til jobben.

Det er kanskje ikkje så rart at dei ikkje gjer det; fortaua vert nytta som parkeringsplass. Det er ikkje sjeldan eg må gå ut i vegbanen for å kome meg fram når eg går med barnevogn. Ein går ikkje på fortau med barnevogn i Bucuresti. Så enkelt er det. I dag smaug eg meg forbi ein mann som hadde tatt så mykje av fortauet han klarte med bilen sin. Han blei flau då han såg kor smalt det var der eg måtte klemme meg inn, mellom gjerdet og bilen hans. Eg trur rett og slett ikkje bilistane er vande med fotgjengarar med ei robust joggevogn som tek litt plass. Det verkar som om det er uvanleg at nokon brukar fortaua til å gå på, og ikkje berre til å gå inn og ut av bilen.

Har ein småbarn, vel dei aller fleste ei vogn som lett får plass i bagasjerommet. Så kan ein køyre til nærmaste park, ta ut vogna og spasere ein roleg tur, gjerne med høge hælar. Bilane står tett når det er levering og henting i barnehagen. Eg er ganske åleine om å levere gutungen til fots eller på sykkel. Sonen min spør meg irritert kvifor han må ha på vottar, og ikkje dei andre. Fordi han er ute i frisk luft og blir kald på fingrane, medan dei andre går ut og inn av ein varm bil, svarar eg.

Det er sjokkerande mykje reklame for kosstilskott i rumensk fjernsyn, fortel Eva Marie Bulai.
Foto: Saru Robert/Unsplash


Grensa mellom sjuk og småsjuk

Pip, piiip, pip. Det tikkar inn meldingar på mobilen. Eg tel. Ein, to, tre – fire ungar (av 15) kjem ikkje i barnehagen i dag. Grunn: Ein har litt vondt i hovudet, ei anna er litt tett i nasen, og den tredje hostar litt. Ingen har feber. Eg er klar over at korona gjer oss meir bekymra nett no, men samstundes synest eg lista for kva som er ein frisk unge, vert lagd unaturleg høgt. Ein dag får eg pakkelista for gutungen som skal på skitur med barnehagen. Vi blir bedne om å sende med dei feberdempande, smertestillande og termometer. Eg hoppar over dei to første og legg ved eit termometer.

No høyrer det med til historia at underteikna er av typen som kan hende tek ein Paracet i halvåret og elles min daglege Møllers tran. Så kven er eg til å kritisere pillebruk? Til mitt forsvar må eg leggje til at det ikkje berre er eg som reagerer. Når eg snakkar med folk om temaet, har dei fleste ei meining. Fleire trekker fram mengda av reklame for preparat som ingen eigentleg veit verknaden av. Legen i parlamentet meiner i tillegg at all denne reklamen for helsefremjande middel bidreg til å svekkje legen sin autoritet i samfunnet. Eg spør han kva som gjer Romania til ein spesielt god marknad for dei store selskapa som sel medisinar eller kosttilskot. Han peiker på den generelt låge kunnskapen om folkehelse, kombinert med det han kallar svært medgjerlege politikarar.

For å illustrere fortel han om motstanden han møtte då han tok initiativet til å innføre ein anti-røykelov. Fleire av motstandarane hevda at ei innstramming for tobakksindustrien ville styrkje den grå og svarte økonomien. Eit av forslaga gjekk ut på å forby det å ha sigarettar og tobakk synleg framme i supermarknader og på bensinstasjonar. Ein skulle heller ha dei i lukka, nøytrale skap. Då sa motstandarane at loven diskriminerte røykarane og straffa dei når dei sjølv måtte spørje om å få ei røykpakke. Han merka etter kvart at tobakksindustrien var for sterk og venene deira for mange.

E-sigarettar for helsa

Eg kom på ei lansering eg var på før pandemien. Det var innomhus i ei gamal, ærverdig bygning som var totaloppussa, og som ligg sentralt i Bucuresti. Sjølve arrangementet var ei stor hending i kulturlivet, det var mange frå filmbransjen til stades. Vi vandra omkring i dei ulike romma. I andre etasje stoppa eg opp då eg såg fleire logoar for eit e-sigarettmerke. Eg spurde og skjøna etter kvart at dette selskapet eigde heile huset. Det kan ikkje vere billeg, tenkte eg.

I mi verd er det litt rart at eit tobakksfirma leiger ut husvære til store kulturarrangement. Det gjer noko med profilen på arrangementet. Denne kvelden kunne ein sjølvsagt kjøpe alt ein kan drøyme om av tilbehøyr til e-sigarettar, og sjølvsagt sigarettar. I Romania er det framleis (for meg) uvanleg mange som røyker. E-sigarettane vert marknadsførte som det sunne alternativet. Dei kule hipsterane har skifta til e-sigarett, for å seie det slik.

Sjukeleg redde for trekk

På sommaren kan det bli rundt 40 grader i Bucuresti. Eg har enno ikkje tatt trikken (utan air condition) i den verste heten. Eg kvir meg for å gjere det. Eg har høyrt at eldre folk ikkje vil ha vindauga opne fordi dei er redde for trekk. Folk er sjukeleg opptatt av trekk. Ein blir sjuk av trekk. Så enkelt er det.

Sit det ein godt vaksen rumenar som har dei vanlege trekk-haldningane, ved vindauget, kan du berre gløyme den luftinga. Trekk er farleg. Om det er litt vind i lufta, får eg ofte spørsmål om eg vil sitje ein annan stad, spesielt om eg har med meg ein unge. Eg elskar trekk. Dei er overtydde om at ungen blir sjuk av trekk.

Ein storstilt svindel

Men medan eg irriterer meg over reklamar på TV og manglande trekk, legg eg merke til ei overskrift som fangar all interessa mi: «Enorm svindel med kosttilskot.» Saka ligg ute på ein av dei beste nettstadane for undersøkjande journalistikk i Romania, Recorder.ro. Dei har avslørt eit svindelnettverk med røter til Russland og Ukraina. Ein smilande ung russar poserer framfor ein Porsche. Han viser seg å vere ein av dei som tener store pengesummar på å selje kosttilskot til Europa, mellom anna i Romania. Selskapet rettar seg særskilt inn mot eldre og generelt menneske som ikkje er så vande med å manøvrere på internett.

Trykker ein seg inn på reklamane til dette selskapet, blir ein send vidare til klona nettsider. Det kan til dømes vere til ei nettside som er til forveksling lik nettsida til helsedepartementet. Idet ein person trykker på at han ynskjer å bestille produktet, blir han straks oppringd av ein kundebehandlar.

Livsfarlege råd

Ein av metodane dette firmaet brukar, er å overtyde folk om å slutte å bruke medisinar dei har fått på resept frå legen, og heller skifte til eit kosttilskot som potensielt kan setje livet deira i fare. Denne typen råd gjev selskapet mellom anna til folk med hjarteproblem og diabetes, ifølgje recorder.ro.

Eg speler av lydfila der ein av journalistane snakkar med ein representant for firmaet. Journalisten fortel at han har hjarteproblem. Han forklarer at han har hjartebank og prikking. Seljaren forklarer at kosttilskotet Detonic garanterer stabil spenning i kroppen, stabilt kolesterolnivå og blodsirkulasjon. Så seier han at om kunden går på ein annan hjartemedisin, kan han slutte å bruke den etter 25 dagar. Då kan han gå over til å bruke berre Detonic. Han blir rådd til å kjøpe tablettar for tre månader. Prisen er på rundt 1000 norske kroner.

Journalisten gjev seg ikkje. Han spør om legar anbefaler produktet. Seljaren svarar at legar frå fleire land har jobba med å utvikle det. Vidare seier han at formelen er rumensk, men då journalisten spør etter namnet på legane og om kvar dei jobbar, vert seljaren usikker. Til slutt seier han at det er ein student ved eit sjukehus i byen Iasi som står bak vedundermiddelet. Men han forklarar at det er svært vanskeleg å hugse namnet på studenten og sjukehuset.

Eg elskar trekk, dei er overtydde om

at ungen blir sjuk av trekk

Artikkelen fortel også om ei som tidlegare jobba ved eit av kundesentera. Ho fortel om ein episode der ein diabetikar som alt hadde starta på kosttilskotet dei selde, ringde inn og fortalde at ho hadde problem med stigande blodsukker. Kundebehandlaren hadde klar instruks frå arbeidsgjevaren: få kundane til å slutte med dei medikamenta dei hadde fått frå dokteren, og selje kunden endå fleire piller. Kundebehandlaren klarte ikkje å fullføre samtalen. I intervjuet på Recorder.ro står det at ho der og då sa til seg sjølv at ho ikkje kunne sette livet til folk i fare. Ho reiste seg frå stolen og gjekk.

Journalistane i Recorder.ro har også fått tilgang til nettverket sitt salssystem ved å melde seg som interessert partnar. Eit av verktøya dei har fått tilgang til, er ei liste over kor i Romania dei ulike produkta sel best. Det er til dømes utvalde fylke der diabetes er meir utbreidd, medan slankeprodukt er meir populære i andre fylke. Lista inneheld også tips til korleis ein kan overtyde rumenarar. Eit av tipsa lyder slik: Familien står svært sterkt i Romania. Vi foreslår at ein nyttar frasar som «for å sørgje for familien» når ein prøver å selje kosttilskot.

Ingen av kosttilskota det internasjonale svindelnettverket sel, er godkjende i Romania. Men ettersom alt skjer på nett, seier myndigheitene at det ikkje finst nokon heimel i loven for å stoppe dei. I andre land har myndigheitene starta med mot-reklame for å åtvare folk mot å skifte frå medisinar dei har fått frå legen, til desse uregulerte kosttilskota.

Firmaet som vidaresel produkta i byen eg bur i, har det slåande namnet Make Profit. Det ligg i nabolaget mitt og 17-dobla inntekta frå eitt år til det neste. Eg kjenner at eg blir kvalm.

Eva Marie Bulai er journalist i NRK og bur tidvis i Romania.

Artikkelen var på trykk i Syn og Segn 3-2021.

Kjelder

TV- og radio-reklamar for kosttilskot

Nasjonalt institutt for statistikk, Bucuresti

Dr. Adrian Wiener (USR), nestleiar i helsekomiteen i Det rumenske parlamentet

Nasjonalt instituttet for mat og biologiske ressursar (IBA), https://bioresurse.ro/en

Nettstaden Recorder.ro: https://recorder.ro/uriasa-escrocherie-a-suplimentelor-alimentare-milioane-de-euro-din-minciuni-care-impanzesc-internetul/

Fakta Romania

  • 19 millionar innbyggjarar
  • den raskast veksande økonomien i EU, tala frå fjerde kvartal 2020 syner framleis høg vekst i BNP (4,8 %)
  • ei befolkning der 22,5 % har høgare utdanning (i Noreg er talet 34,6 % )
  • ei arbeidsløyse på 5,2 % (gjennomsnittet i EU er 6,8 %)

Kjelder: Nasjonalt institutt for statistikk, Bucuresti. 

Eurostat, euroindicators, mars 2021.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar