Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Å finne fram til sanninga

– Kva gjer ein biograf når det dukkar opp fleire, motstridande versjonar av ei historie, forfattar Arnhild Skre svarar.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

– Ein kan jo for eksempel leggje fram begge versjonane. Då eg jobba med biografien om Berge Furre, oppdaga eg at folk sa ulike ting om fargen på scooteren Furre brukte når han farta rundt frå møte til møte og på turar gjennom Europa. Nokre sa at han var grå, andre sa blå. Eg kontakta Torild Skard , som var kjærast med Furre på den tida, og som hadde vore på ein lang og teknisk komplisert ferie i Europa på akkurat denne scooteren, for å få det endelege svaret. Og ho hugsa det ikkje! Så spurde ho meg: Men kva har det eigentleg å seie?

Og det er eit godt spørsmål. Det handlar om det litterære, om korleis ein skriv. Kva ein har å spele på. Eg hugsar framleis korleis Tore Rem jubla over å ha funne ut korleis gardinene såg ut i det rommet der Jens Bjørneboe gifta seg. Eg enda opp med å ikkje seie noko om fargen.

Andre ting er viktigare. Som til dømes Berge Furres kontakt med ein viss Dieter Stropp, som var handelsattaché ved den austtyske ambassaden i Noreg. Stropp var etterretningsagent og vart seinare utvist frå Noreg på grunn av denne aktiviteten.

Både Stropp og Furre er døde, så eg kunne ikkje spørje dei.

Han sende rapportar heim der det stod at Berge Furre var den viktigaste kontakten hans i Noreg. På 1990-talet fann historikaren Sven Holtsmark desse rapportane, og der stod det blant anna at Furre hadde gitt Stropp namnelister. Holtsmark kontakta Furre, som svara at han aldri hadde møtt Stropp. Både Stropp og Furre er døde, så eg kunne ikkje spørje dei. Men det fanst ei anna kjelde. Ei betre kjelde, fordi ho var skriftleg og samtidig, ikkje basert på kva folk fortel mange år seinare. Eg hadde tilgang til Furre si Pot-mappe (Politiets overvakingsteneste, red. anm.). Og der stod det at Furre var observert i ein, eller kanskje også fleire, samtalar med Stropp. Eg veit ikkje om det har vore overlevert lister eller utveksla namn. Men det er gode grunnar til å tru at Stasi-mannen smurde på, og det kan vere fleire grunnar til at Furre ikkje hugsa. Men med det var eg komen så nær sanninga som eg kunne. Desse Pot-folka og rapportørane deira kunne av og til leggje inn negativt lada adjektiv for eiga rekning, men konkrete beskrivingar som blei rapporterte raskt, trur eg ikkje at dei dikta opp.

Foto: Johan Butenschøn Skre

Arnhild Skre er forfattar

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar