Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Den første homoen på Helgeland

Då han lærte ordet homofil, tenkte han at det er slik eg er. Det som gjorde han til politisk aktivist var at han meinte at det ikkje burde vere eit problem. Geir Hagland er ein av pionerane i den norske homokampen.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

 Det var ein sommarkveld. Storfamilien var samla på ei hytte

hytte ved sjøen, ein stad på Helgelandskysten. Foreldra mine var der, veslesøster mi, eit par søskenbarn og vår felles bestemor. Eit av søskenbarna mine skulle gifte seg neste dag og stemninga var på topp. Eg hugsar at bestemora mi, ein gong i løpet av kvelden sa at ”eg er så glad for at det aldri har vore nokon homofile i min familie. ”

Det slo meg at det var ei merkeleg utsegn. Den var formulert utan noko form for avgrensing. Som om det var noko ho som galt frå Harald Hårfagres tid og fram til i dag.

Eg tenkte straks at ho sjølvsagt ikkje kunne vite det. Så kremta faren min og sa ”men kva med han Geir. Du er jo i slekt med han. Han er definitivt homofil”

Bestemora mi avviste påstanden på det sterkaste. For denne Geir var slett ikkje homofil sa ho, han var berre litt spesiell.

Eg kan ikkje hugse at presten snakka om homofili ein einaste gong. Alt som hadde med sex å gjere var tabu.

Ein psykiatrisk diagnose

Brødtekst: Eg hadde aldri høyrd om Geir Hagland før då. Men han var den første opne homofile på Helgeland. Han stod fram som open homofil i januar 1973. Då var han 21 år gamal og budde i Bodø. Sidan brukte han eit tiår av livet sitt på å reise rundt i Noreg for å snakke tale dei homofiles sak. I tre år var han formann i Forbundet av 1948, organisasjonen for dei homofile i Noreg på 1970-talet.

Då han vart fødd, var slo den norske straffelovens paragraf 213 fast at” utugtig omgjængelse (…) mellem personer af mandkjøn” kunne straffast med fengsel i inntil eit år. Same straffeparagraf omtalte også utuktig omgang med dyr.

Rettnok var det ein sovande paragraf. Politiet dreiv ikkje med aktiv etterforsking. Lovteksten gjorde det klar at handlingane berre skulle bli straffa om det var påkravd av ”almene hensyn”.

Denne paragrafen stod i den norske straffelova fram til 1972. I nordisk samanheng var regelen uvanleg. I Danmark var homofili blitt avkriminalisert i 1933, i Sverige i 1944. Det skjedde etter ein politisk kampanje frå Forbundet av 1948 med den svært så taleføre Kim Friele i spissen.

Fram til 1977 var homofili på Norsk psykiatrisk forenings liste over mentale tilstandar og avvik. I WHO si offisielle diagnosehandbok ICD, stod homofili oppført som ei psykiatrisk liding heilt fram til 1990.

I dag er Geir Hagland pensjonist, og Noreg eit anna land for homofile. Vi har ei ekteskapslov som regulerer homofilt samliv og heterofilt samliv likt. Homofile kan adoptere og få assistert befruktning. Pride-festen har gått frå å vere eit lite opptog for nokre få til å bli ein folkefest der også ein sittande Krf-leiar har deltatt.  I dag kappast store selskap som konsern som DNB og IKEA om å markere Pride med regnbogefarga tilbod. Homofili har gått frå å vere tabu til å bli ein synleg del av samfunnet  på mindre enn ein mannsalder.

Helvetes pinsle på bedehuset

Brødtekst: Syn og Segn møter Geir Hagland i leilegheita hans på Øvre Grünerløkka for å snakke om korleis det kjenst. Veggene her inne er dekka av minne frå eit langt liv som politisk aktivist. I ei ramme heng avisoppslag med titlar som  ”Kastes ut av hybler fordi de er homofile”, med bilete av Hagland frå den tida han var Helgelandseinaste opne homofile. Eit anna oppslag har tittelen ”Når skal vi bli godtatt som naturlige mennesker?” artikkelen er illustrert med bilete av Hagland og Kim Friele.

  • Det verkar kanskje overraskande, men eg har aldri kjent skam over at eg er homofil, seier Hagland.

Han forklarer at mor hans var sjukepleiar og hadde Karl Evangs ”Seksuell opplysning” i bokhylla Evang var politisk aktiv på venstresida og Folkehelsedirektør i Noreg frå 1945 til 1972. Boka vart brukt i undervisning av helsepersonell og omtalte fleire tema som var tabu i Haglands oppvekst, som onani, korleis barn blir til og kvadet er å vere homofil, lesbisk og bifil. 

Evang skreiv nøkternt, sakleg og utan moralsk fordømming. Då eg las om homofile tekte eg at ”så det er slik eg er”, fortel Hagland.

Det var noko han alltid hadde visst, men som han ikkje hadde hatt ord for før då.

Ikkje øl i helvete

Den hylla han plukka Karl Evangs bok ut frå, stod i eit kvitmala hus på Gjerøya, ei forblåst øy på Helgelandskysten. Øya var heimen til rundt hundre sjeler. Dei aller fleste var knytt til øyas lågkyrkjelege miljø. Forutan frikyrkja stod også baptistane og pinsevenene sterkt i området. Alkohol var ikkje å få kjøpt, for i kommunestyret hadde KrF kontroll. På søndagane gjekk alle i bedehuset. På den tida var det framleis var heilt innafor å snakke om helvetes pinsle der inne. Forstandaren i forsamlinga skildra det i eit saftig språk og skrytte av den gongen han hadde sett eit par karar som drakk øl på plass med orda .”Berre kos dykk no. Det blir ikkje meir øl å få når de hamnar i helvete”.

Eg vart berre slått ned ein gong.

– Eg kan ikkje hugse at presten snakka om homofili ein einaste gong. Alt som hadde med sex å gjere var tabu. Ein snakka ikkje om det i det heile tatt. Det nærmaste ein kom var vel å understreke det sjette bodordet, det at ”du skal ikkje bryte ekteskapet”, seier Hagland.

Seinare har han forstått at det var andre homofile på den øya det han voks opp. Det var ein mann som alle kalla ”dama”. Han var lausarbeidar og drog rundt på gardane og hjelpte til med bakst, husvask og klesvask, det som var rekna som kvinnfolkarbeid.

– Eg hugsar at dei vaksne snakka om han ”dama”. Då eg kom inn i rommet sa mora mi hysj på ein bestemt måte. Det var slikt ein ikkje skulle snakke om framfor ungane.

Stempla som tenesteudyktig

Å vere homofil, var berre slik han var. Det som gjorde han til politisk aktivist var at han meinte at det ikkje burde vere eit problem. Og det var det ikkje så mange andre som var einige i på den tida.

Som 18-åring skreiv han eit brev til Forbundet av 1948 der han bad om å få bli medlem. På dette tidspunktet var det lenge sidan han hadde informert veneflokken om at han var homofil. Men han vart nekta medlemskap. Han var under 21 år, og var ikkje rekna som myndig. 

Saman med avslaget fekk han ei debattbok med tittelen ”Paragraf 213 – Onde eller nødvendighet?” Boka var initiert av Kim Friele, og den var eit ledd i Forbundet sitt  arbeid for å avkriminalisere homofili.

– Det var vel eigentleg først då at eg vart klar over at det var ulovleg. Det likte eg dårleg.

På den tida gjekk han på skule på Nesna.

Samanlikna med den øya der han var fødd, var Nesna ein metropol. Det var kafear, pubar og eit yrande studentliv knytt til det som då var ein distriktshøgskule. Ungdomane strøymde til utdanningsinstitusjonane i eit slikt omfang som ein aldri tidlegare hadde sett i Noreg. Utdanningsrevolusjonen skapte politiske masserørsler. Det var kvinnekamp og høg aktivitet på den politiske venstresida.

Det fanst eit AUF-lag eit SUF-ML-lag, forløparen til dagens Raudt og til og med ei lita avdeling av Norges kommunistiske parti (NKP). Der vart Hagland medlem. 

Då han vart kalla inn til sesjon, sa han til legen at han var homofil. Ettersom homofili var rekna som ein sjukdom, vart Hagland erklært tenesteudyktig.

Denne erklæringa gjorde at han aldri kom til å gjere teneste i det norske forsvaret. I staden kom han til å tene den norske homokampen i meir enn eit tiår.   

– Eg hadde jo aldri følt meg sjuk. For meg var det opprørande, fortel han.

Ville ikkje la Oslofolket bestemme

I januar 1973 vart han den første opne homofile på Helgeland. Historia om korleis det skjedde startar på puben ”Skomvær”.  Den låg i kjellaren på SAS-hotellet og var den einaste skikkelege skjenkestaden i Bodø. Hagland var ny i Bode, og var ofte der. Det var det fleire andre av byens homofile menn som var.

Dei bestemte seg for å danne ei eiga foreining og bad om støtte av Forbundet av 1948. Men dei sa nei. Forbundet hadde kontor i Oslo. Dei meinte det var unødvendig med eit lag i Bodø når det alt fanst eit lokallag i Tromsø.

For Geir Hagland var det eit fullstendig absurd standpunkt. Det var 50 mil til Tromsø.  Det kunne jo ikkje gå an at det skulle sitte nokon i Oslo og bestemme kva homofile på Helgeland trengte og ikkje trengte. Så dei starta si eiga gruppe.

– Vi var seks menn. Vi kom raskt opp i 40 betalande medlemer. På det meste 100 betalande. Det var vel 95 menn og fem kvinner. Det var slik det var den gongen. Den tidlege homorørsla var svært mannsdominert, seier Hagland.

Hagland hadde organisasjonserfaring frå NKP og hadde lett for å styr på ting. Dermed fekk han raskt ei sentral rolle i laget. Han var den einaste som skreiv lesarbrev om homosaken og underteikna med fullt namn.

Livet handla om å reise og å vere aktivist.  

Den som trur at kjærleik berre finst i livslange, monogame forhold har ei veldig snever oppfatning av kjærleiken.

Han levde av strøjobbar. Seks månader på eit lager for NSB, tre månader på ein jernvarehandel. Nokre månader på eit vaskeri. Han reiste i heile Nord-Noreg. Det resulterte blant anna i eit avisoppslag med overskrifta ”Homofil informasjon blir spredt rundt på skoler i Finnmark”. 

Han reiste åleine. Han stod åleine på gata og delte ut flygeblad med informasjon frå Forbundet av 1948. Han snakka på skoler og med avisene.

– Det var veldig mange bra oppslag i pressa. Særleg i A-pressa. Det mest negative kom frå kyrkjefolket. Dei kunne kome bort til meg når eg stod på gata og seie at det var sjukt og ekkelt å vere homofil, eller dei kom og las opp frå utvalde stader i bibelen for meg.

Tre brott på kjevebeinet

Han var aldri den einaste homofile i byen. Men han var den einaste opne homofile. Bodø byrja etterkvart å kjennast trongt, litt klaustrofobisk.  

– Det gjekk ikkje an for meg å få meg kjærast der. Andre menn var redde for å gå ved sida av meg på gata. Dei var redde for at nokon skulle tru dei var homofile.

Avisoppslaget om at homofile vart kasta ut frå hyblane sine, vart laga på denne tida.

Å flytte til Oslo kjendest som ei frigjering.

Han jobba som grillkokk på restaurant Metropol på førmiddagen. Den var eigd av homo-rørsla, var svært populær. I si memoarbok To kvinner skriv Kim Friele om Metropol at

”et sånt sted er veldig viktig for mennesker som trenger kontakt. Det de gjør i første omgang, er ikke å melde seg inn i Forbundet, men puste ut, ta seg en øl, kikke på folk i trygghet, danse, leve litt.»

Om ettermiddagen jobba han for Forbundet av 1948. Han var leiar i forbundet i tre år, Kim Friele, var generalsekretær. 

Han heldt fram med å reise. Han fortel at det stort sett gjekk bra. 

– Eg vart berre slått ned ein gong. Han som gjorde det var nok ikkje heilt edru. Eg veit ikkje kva det var med han, men han slo iallfall veldig hardt.

Det skjedde ein kald og mørk novemberettermiddag. Han stod åleine på gata i Sandnes og delte ut flygeblad.

Slaget gav tre brot i kjevebeinet. Legen sette på ein munnlås for at det skulle gro rett. Den satt på i sju veker. Han levde på suppe og juleøl og gjekk med ei tang i lomma. Den skulle han bruke til å klippe opp munnlåsen med i tilfelle han måtte spy.

Å akseptere seg sjølv

I Oslo fekk han ein kjærast. Og sidan ein til. Dagens lovverk opnar for at homofile kan gifte seg, få barn og leve A4-liv med Volvo og golden retriever.

Geir Hagland er glad for at det er slik. Men han seier at han aldri har ønskt ”alt det der” for seg sjølv. Han lever åleine.

– Den som trur at kjærleik berre finst i livslange, monogame forhold har ei veldig snever oppfatning av kjærleiken. Kjærleik kan vere så mykje. Gjennom arbeidet i forbundet fekk kom eg veldig tett innpå folk. Det var mykje nærleik. Eg har hatt eit liv med veldig mykje kjærleik og veldig mykje sex. 

På ein av veggene heng ein gravferdsbrosjyre med bilete av ein blond, smilande mann. Dødsdatoen hans var i november i fjor. Han er ein tidlegare kjærast, og han døde som følgje av eit planlagt sjølvmord.

Like etter dødsfallet fekk Hagland vite at han var nemnd i testamentet. Han skulle arve pengar

– Det var inga god kjensle. Samstundes måtte eg tenkje at dette også er kjærleik.

I dag er han pensjonist. Då han skulle få rekna ut sin pensjon, fann han vite at han hadde  44 år med registrert lønnsarbeid. Eit liv med strøjobbar gav pensjonspoeng for 29 år pensjonspoeng. Det inkluderte 10 år i reingjeringsbransjen, 15 års jobbing på ein institusjon for psykisk utviklingshemma og ein heil serie av korttidsjobbar.

– Det er annleis å vere homofil i dag om ein er ung. Det er blitt fleire av oss. Vi er blitt synlege. Og det er så mange ulike måtar å leve som homofil på. Vi snakka faktisk aldri om å vere i skåpet. Det uttrykket kjem frå andre enn oss. Vi snakka om å akseptere seg sjølv, seier Hagland.

Då Per Kristian Foss stod fram

Så kva var det eigentleg bestemora mi hadde imot homofile? Det er lenge sidan ho døde. Ho voks opp i det same strenge frikyrkjelege miljøet som Hagland, men var ein generasjon eldre enn han.

Der var skam og tabu ikkje noko personleg og individuelt. Eit tabubrot svulma opp og velta ut over heile familien.  Anten ein var alkoholikar, fekk barn utanfor ekteskap eller om ein var homofil, det var ei familiesak.

I januar 2000 skreiv avisene at Høgrepolitikaren Per Kristian Foss stod fram som homofil i avisene. Han skulle bli nestleiar i partiet. Foss hadde levd saman med ein annan mann i fleire år på dette tidspunktet. Men det var slikt ein ikkje snakka om.

Eg hugsar at eg såg Foss på Dagsrevyen saman med bestemora mi og at eg spurde om kva ho tenkte om det. ”Det er vel andre tider no. Eg synest Per Kristian Foss er ein flott mann,” svarte ho.

Teksten vart opphaveleg publisert i Syn og Segn 1-2021.

Foto: Ketil Blom Haugstulen

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar