Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

E-post i utval

Den dag kjem aldri at eg gløymer fyrste gong eg opna E-post i utval av Ragnar Hovland. 

May Linn Clement

Ho var ei slik bok eg hadde lånt på biblioteket utan heilt å vita kvifor. Så ho vart no berre liggjande der i veska, til eg ein dag sat på eit venterom ved eit legekontor i Bergen, og ikkje hadde anna å ta meg til enn å byrja lesa frå starten. 

Sidene kom brått på meg, der eg sat mellom ventande pasientar. Eg lo så eg skreik, så stille eg kunne.  

Ideen er enkel og genial; dette er ei samling e-postar Ragnar Hovland, i kjend hovlandsk stil, sende til kollegaane sine i Samlaget i åra 2000 til 2009. 

Veit dei to finansrådgjevarane i Fokus bank kva meisterverk dei er med i?, spør May Linn Clement. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Sidan openberringa på venterommet har eg alltid hatt eit eksemplar av E-post i utval lett tilgjengeleg i stova. Har eg gjestar som er av eit slikt slag at dei etter nokre glas vin likar å lesa høgt, tek eg boka fram og ber dei ta dei seks sidene eg har klistra ein merkelapp på, side 80, 82, 85, 119, 128 og 137. Desse omfattar e-post-føljetongen eg likar aller best, nemleg den om finansrådgjevarane frå Fokus bank, Berit Teppen og Eva Rønning, som ein gong i 2004 var innom Samlaget med visittkorta sine. 

Det hender eg finn på å googla Berit Teppen og Eva Rønning. Eg lurer på om dei veit kva meisterverk dei er med i? 

May Linn Clement er satireteiknar og journalist.

Foto: Privat

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar