Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Er det for mykje snakk om identitet i norsk offentlegheit, Bjarne Bjørnevik?

Funksjonshemminga mi er ein viktig, men slett ikkje einerådande del av min identitet.

– Er det for mykje snakk om identitet i norsk offentlegheit?

– Me har ein lei tendens til å snakka om identitet slik han framstår når han er knytt til egoet. Me har altså ei oppfatning av identitet som seier «eg er ikkje som deg», og som dimed avgrensar evna til å setja seg inn i korleis andre menneske lever. Identiteten min er verdilaus viss han ikkje også rommar ei medkjensle for alt som eksisterer. Difor ser ein også at eldre overgangsritar ofte legg vekt på ei tid då ein må vera utan identitet og er bunden til heile samfunnet.

– Er det tema vi bør snakke meir om?

– Spørsmålet er snarare kva me vil med sjølve samtalen. I den norske ålmenta gjev me for mykje merksemd til dei som ropar høgt og trur at dei må vekkja alle oss andre. Slik tenkjer dei at rettferd skal skje. Men rettferd er langt meir komplisert enn fleirtalet av såkalla aktivistar ser ut til å tru. Eg insisterer på å leva i eit samfunn der det herskar ein tillit til at andre menneske er vakne og lyttar, sjølv når eg snakkar lågmælt.

–  Når samtalen handlar om identitet, kva er viktig for deg å framheve om deg sjølv?

På sett og vis har den moderne velferdsstaten redusert folk med funksjonsnedsetjingar til «stovemenneske»

– At funksjonshemminga mi er ein viktig, men slett ikkje einerådande del av min identitet. Når gatepredikantar vil utføra mirakel på meg (og det skjer ofte!), prøver eg å forklara at det sikkert hadde vore fint å vera funksjonsfrisk, men at eg kjenner ein viss lojalitet til det livet eg faktisk har.

– Hender det at du føler deg skoren over éin kam, som del av ei gruppe?

– Nei. For min del er det grunnleggjande problemet at eg aldri kan kjenna meg sett som ein minoritet med legitim rett til deltaking i samfunnet. På sett og vis har den moderne velferdsstaten redusert folk med funksjonsnedsetjingar til «stovemenneske» som skal sitja heime og vera takksame.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar