Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Er det for mykje snakk om identitet i norsk offentlegheit, Inger Merete Hobbelstad?

Inger Merete Hobbelstad,

er kulturkommentator i NRK

– Er det for mykje snakk om identitet i norsk offentlegheit?

– Det er både interessant og forståeleg, og kanskje naudsynt at ulike minoritetar i samfunnet er opptatt av denne identiteten, og av å få fram korleis det pregar deira erfaringar i det moderne Norge. Debatten om norskheit, der en rekke nordmenn med minoritetsbakgrunn snakka om sitt ambivalente forhold til det å være norsk, var særlig fascinerende, og et sunnhetsteikn, tenker eg – det trengs jo ein viss sjølvtillit for å kome med slike utfordringar, og viser at mange nordmenn med minoritetsbakgrunn ikkje føler de trenger å ver audmjuke og varsame  i møte med det norske, på den måten foreldra deira kanskje følte at dei måtte. Samstundes blir eg uroa for at pukking på identitet skaper ei kjensle av framandheit og ein sjenanse mellom folk som kan vere uheldig, og ei fatalistisk kjensle av at vi aldri eigentleg kan forstå kvarandre.

– Kva bør vi i så fall snakke meir om og kvifor?

– Klassetilhøyrsle, heilt klart. Økonomi, referansar og kodar skaper usynlege, men ofte smertefulle skilje, og eg trur det pregar folks syn på seg sjølv i større grad enn vi erkjenner der vi er nå.

– Når samtalen handlar om identitet, kva er viktig for deg å framheve om deg sjølv?

– Eg er odelsjente av fødsel og humanist av utdannelse. Det har nok gjort meg opptatt av lange liner og skjulte tegn, av spora frå fortida og samtiden som må bli tolka og analysert og bli fornemma.

– Hender det at du føler deg skore over ein kam, som del av ei gruppe?

– Eg har sett et utal generaliseringar om kvinner, både positivt og negativt meint, som eg slett ikkje har kjent meg att i. Det gjeld alt frå “kvinner kan ikkje melde actionfilm” til “kvinner veit at det aldri er heilt trygt å vere åleine i eit rom med ein mann”, for å parafrasere to heilt konkrete tilfelle.  

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar