Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Er det for mykje snakk om identitet i norsk offentlegheit, Jan Inge Sørbø?

Talen om identitet må haldast saman med talen om fundamentale rettar.

– Nei. Men snakket er dels ureflektert, dels sterkt polarisert. To bruksmåtar blir blanda saman: den sjølvsagde retten til å ha og uttrykkja ein personleg eller kollektiv identitet, og identitetspolitikk, som i somme tilfelle handlar om å avgrensa retten til kritikk. 

– Kva bør vi i så fall snakke meir/mindre om, og kvifor? 

– Talen om identitet må haldast saman med talen om fundamentale rettar. Alle har rett til å ha og uttrykkja identitet, det tyder at eigen identitet må stå i dialog med andre, utan hat og sensur, at ein har omsorg for andres identitetsuttrykk og rettar. Ein må også tenkja på identitet og makt samtidig. Ofte er det dei med majoritetsidentitet som åtvarar mot små grupper med minoritetsidentitet, og skuldar dei for å vera autoritære. Dei ser ikkje kor sterk majoritetsidentiteten kan vera. 

– Når samtalen handlar om identitet, kva er viktig for deg å framheve om deg sjølv? 

– At eg er vestlending, litterat og kristen.

– Hender det at du føler deg skoren over ein kam, som del av ei gruppe? 

– Som religiøs vestlending blir eg fort sett i bås, men sjeldan hengd ut og aldri truga. Unge debattantar frå innvandrarmiljø har det mykje verre. 

Jan Inge Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda og forfattar

Foto: Agnete Brun

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar