Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

 Er det for mykje snakk om identitet i norsk offentlegheit, Priya Bains?

Eg opplever at saker som eigentleg er rettferdskampar, blir kokt ned til identitetsspørsmål.

– Er det for mykje snakk om identitet i norsk offentlegheit?

– Eg veit ikkje om det er for mykje, men eg opplever at saker som eigentleg er rettferdskampar, blir kokt ned til identitetsspørsmål. Så eg reagerer snarare på den forskyvinga enn eg gjer på at det er «for mykje snakk om det».

– Kva bør vi i så fall snakke meir/mindre om, og kvifor?

– Mindre om symptom og meir om strukturar. Mange av debattane vi har, tar tak i problemstillingar som er prega av manglande anerkjenning, men også lite medvit om det at diskriminering vi trur høyrer til i fortida, framleis finst i dag, berre i andre former. Til dømes diskuterer vi om ein kan gå med samekofte på halloween, når det vi kanskje eigentleg bør snakke om, er ting som at den svenske regjeringa framleis tillèt gruvedrift i Gállok, samstundes som den samiske lokalbefolkninga seier at det går ut over reindrifta. Diskusjonane om identitet kjem jo frå ein stad, og det føler eg ofte går tapt. 

– Når samtalen handlar om identitet, kva er viktig for deg å framheve om deg sjølv?

– Vanskeleg spørsmål. I interaksjon med menneske generelt er eg nok meir oppteken av å få fram at eg likar bøker og hundar, enn noko anna. Det andre kjem liksom av seg sjølv, trur ikkje eg treng å framheve det. 

– Hender det at du føler deg skoren over éin kam, som del av ei gruppe?

– Leiande spørsmål! Men jo, klart. Som representant for venstresida, som ein del av kultureliten i Oslo, som feminist, som andregenerasjons innvandrar i Noreg. 

Priya Bains er forfattar og redaktør av tidsskriftet Abhivyakti  

Foto: Baard Henriksen/Forlaget Oktober

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar