Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Far min, Lukasjenko og Belarus

Då eg var barn, skamma eg meg over familien min. Eg drøymde om at far min skulle byte side og støtte presidenten. Då eg vart gamal nok, forlét eg heimlandet mitt.

Fortalt av Darya Shut, tilrettelagt av Astrid Sverresdotter Dypvik

Noko av det første eg stussa over då eg kom til Noreg, var at det var lov å sitte på grasplenane her. At ein ikkje vart jaga av politiet. Eg vart også overraska over kor lett det var å forstå systemet. Sjølv med dei avgrensa språkkunnskapane mine kunne eg lett forstå korleis ting fungerte, kva steg ein måtte gjennom for å studere, få studentbustad, jobb, opphaldsløyve eller for å levere ei eksamensoppgåve. Alt var transparent og føreseieleg. Heilt annleis enn heime i Belarus.

Då far min var parlamentarikar

Eg vart fødd i Sovjetunionen. Far min var kirurg og sjef for eit sjukehus utanfor Minsk. Som alle andre med den slags jobbar var han partimedlem. Men han kom frå ein familie av såkalla folkefiendar. Bestefar hans hadde vore bonde. Han sat godt i det, men mista alt han eigde då landbruket vart tvangskollektivisert på 1930-talet. Så vart han deportert til Sibir.

Stalin sende femten prosent av bøndene i Belarus til fangeleirar aust for Uralfjella. I tida etterpå svalt mange i hel. Nokre historikarar hevdar at fem prosent av innbyggjarane i Belarus døydde i denne svoltkatastrofen.[1] Min farfar, son til han som vart deportert til Sibir, var krigsfange under den andre verdskrigen. I alle åra etterpå vart han rekna som ein landsforrædar.

Darya Shut, forografert i lag med far sin, Aleksandr Shut. Foto: Privat

Våren 1990 var det parlamentsval i Belarus. Kommunistpartiet var einaste tillatne parti. Folk var inspirert av dei demokratiske protestane i dei baltiske landa. Far min stilte til val som uavhengig kandidat og fekk plass. Den sommaren erklærte Belarus seg som ein sjølvstendig stat. Far min slutta seg til Den belarussiske folkefronten (BFF), eit nasjonaldemokratisk parti. Dei kravde demokratiske reformer og forsvarte belarussisk identitet. Dei ville at belarussisk skulle vere undervisningsspråk på skular og universitet, ikkje russisk, og dei ville reise minnesmerke over belarussarar som var blitt offer for stalinismen. Partiet arbeidde også for å få fram sanninga om konsekvensane av Tsjernobyl-ulukka i 1986. Det siste var svært viktig for far min, ettersom han var lege.

Ei illegal folkerøysting

Det året far kom inn i parlamentet, fekk også ein tidlegare sjef for eit jordbrukskollektiv langt aust i landet plass. Også han hadde stilt som uavhengig kandidat. Han hadde ein folkeleg, direkte stil som appellerte til mange. Han skulda myndigheitene for å ha autoritære trekk. Samstundes la han ikkje skjul på at han sakna sovjettida. Han var både kverulerande og tilsynelatande usikker, for han bytte ofte standpunkt. Far min sa at han oppførte seg bøllete, småleg. Av og til direkte vondskapsfullt. Når han spelte på parlamentarikarane sitt fotballag, kunne han finne på å slå til spelarane på det andre laget, eller spyle dei med kaldt vatn om hans eige lag tapte. Namnet hans var Aleksandr Lukasjenko.

Aleksandr Lukasjenko juksa ved presidentvalet i Belarus i august 2020 og nektar å forlate presidentposten. Foto: Wikimedia Commons

Sommaren 1994 vart Lukasjenko president i Belarus. I valkampen hadde han lova meir ytringsfridom og auka velstand for vanlege folk. Han var populær. Den gongen vann han valet utan å jukse. Far såg det som ei ulukke for landet. Han sa at Lukasjenko ikkje berre var ueigna, men at han var direkte farleg. Alt det første året byrja han vise tenner. Lukasjenko tok initiativ til ei folkerøysting. Han ville knyte Belarus tettare til Russland og samstundes også gi presidenten meir makt.

Opposisjonen meinte røystinga var illegal, og ho fekk også internasjonal kritikk. 19 representantar frå partiet til far min sveltestreika i protest. Far min var ein av dei. Ein dag vart han og dei andre henta av svartkledde menn som truleg var tryggingspolitiet. Alle vart banka opp. Så vart dei dumpa i ein vegkant i utkanten av Minsk, midt på natta. Morgonen etter, då eg heldt på å gjere meg klar til å gå på skulen, banka det på døra. Utanfor stod faren min. Eg hugsar at det framleis var mørkt ute. Han hadde blod på den beige frakken sin, og så var det noko uvanleg med ansiktet hans. Han såg så fortvila ut. Då eg kom heim frå skulen den dagen, viste han meg blåmerka sine. Dei var heilt mørke. Mange var større enn handflatene mine.

Nokre dagar seinare kalla Lukasjenko far min og dei andre som hadde sveltestreika, for løgnarar. Far min vrengde av seg skjorta der og då, inne i parlamentssalen, og viste fram blåmerka han framleis hadde på kroppen.

Som å ha lepra

Etterpå vart alt annleis. BFF mista partilisensen og kunne ikkje stille til val. Dei kunne ikkje arrangere møte fordi ingen ville la dei leige møtelokale. Det var som om dei skulle ha lepra. Far min vart pressa ut av politikken. I tida etterpå flytta fleire av venene til far min frå landet. Familien vår vart verande. Mange bytte side. Dei som gjorde det, byrja unngå far min. Dei slutta å invitere oss på besøk og takka nei til invitasjonar frå oss. Til og med naboen til besteforeldra mine, som før hadde vore innom dei omtrent kvar dag, slutta å kome. Han var redd for tilfeldigvis å støyte på far min.

Vi vart overvaka, alle saman. Breva våre vart lesne og telefonen avlytta. På skulen sa nokre av barna at det var slike som far min som øydela Sovjetunionen. Dei sa også at familien min hadde blitt rik på å snakke om demokrati og vere vestvend. Eg var 12–13 år gamal den gongen, og eg skamma meg over familien min. Det eg ville mest av alt, var at far min skulle byte side. At han skulle støtte Lukasjenko, slik at vi kunne leve som vanlege folk, ikkje lenger vere avvikarar.

Då eg vart eldre, var det mange av venene mine som reiste. Dei flytta til USA, Storbritannia, Tyskland og til Litauen. Sjølv kunne eg ikkje sjå for meg ei framtid i Belarus. Eg ville vekk. For meg var det ikkje så viktig kvar eg reiste. Men eg ville gjerne bu i eit demokratisk land. På universitetet i Minsk hadde eg førelesarar som sa rett ut at for å få gode karakterar måtte vi betale for det, under bordet. Studentane som fekk dei aller beste karakterane, var som regel medlemer i pro-Lukasjenko-organisasjonar. Dei fekk også plass i dei altfor få studentbustadene og meir i stipend.

Ein arbeidshest for staten

Eg flytta til Noreg og byrja studere statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Eit ekstremt vågalt prosjekt, tenkjer eg no i ettertid. Det var vel berre eg av studentane som ikkje kjente det norske politiske systemet. Det viste seg at det einaste som var lett å forstå, var det som handla om val. Alt det andre kjendest som eit stort rot. Alle desse partia som det var uråd å skilje frå kvarandre, og departementa som skifta namn og ansvarsområde. I tillegg kom alle utgreiingane, planprosessane og høyringsrundane.

Eg har kome fram til at eg er einig med John Stuart Mill. Demokrati krev at folk tenkjer. Ein må gjere mykje sjølv. Systemet i Belarus er destruktivt, både for einskildpersonar og for samfunnet. Det er ein stad der alt eigentleg er ferdig tenkt og avgjort, ein har stort sett aldri noko val. Belarus er faktisk eit av landa i verda der det blir drukke mest alkohol. Eg trur det er fordi folk ikkje får bestemme sjølv. Ein blir redusert til å vere ein arbeidshest for staten.

Demonstrasjon for eit demokratisk Belarus i framfor Stortinget i Oslo 25. mars i år. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Protestane

Eg vart ikkje overraska over at folk protesterte mot Lukasjenkos heilt openberre valfusk hausten 2020. Men eg vart overraska over kor mange som vart med. Fleire hundre tusen menneske gjekk ut i gatene med raude og kvite flagg. Dei var ikkje redde. Far min døydde den sommaren, berre nokre månader før dei store protestane starta. Han fekk aldri vite at demonstrantane brukte det gamle slagordet til partiet hans, BFF: Lenge leve Belarus! Han fekk heller aldri sjå at folk posta bilete av han og av dei andre som sveltestreika mot Lukasjenko i 1995, på sosiale medium. Dei skreiv at «dette er Belarus` sanne heltar».

Lukasjenko viser både tenner og klør no. Dei som protesterer, blir fengsla. Journalistar som skriv om protestane, blir fengsla. Advokatane som forsvarar dei som protesterer, og journalistane som skriv om dei, mistar lisensen eller blir fengsla sjølv. Straffene er strenge. Soningsvilkåra harde. Eg kan ikkje hugse at det nokon gong har vore så ille. Det er så mange rop om hjelp frå Belarus no, så eg tenkjer på Belarus kvar dag. Eg håpar på forandring og at Lukasjenko ein dag skal bli stilt til ansvar for det han har gjort.

Fakta

  • Belarus har 9,3 millionar innbyggjarar.
  • Det offisielle norske namnet på landet er Kviterussland. Syn og Segn brukar likevel namnet Belarus, ettersom det er namnet Darya Shut, og den belarussiske opposisjonen brukar. 
  • Aleksander Lukasjenko vart president i 1994.
  • Før presidentvalet hausten 2020 vart opposisjonskandidaten Sergej Tikhanovskij fengsla. Ektefellen hans, Svetlana Tikhanovskaja, overtok plassen hans. Ho vart trakassert under valkampen og rømte landet like etter valet.
  • På grunn av valfusk og trakassering av opposisjonen anerkjenner verken EU, USA eller Storbritannia valet i 2020.
  • Lukasjenko har gjennomført ein storstilt utreinskingskampanje mot sivilsamfunnet etter valet i 2020. Politiske aktivistar, menneskerettsaktivistar og journalistar har blitt fengsla, forfølgt og utsett for politiske kampanjar.

Notar


[1] James Stuart Olson (1994). An Ethnohistorical Dictionary of the Russian and Soviet Empires. Greenwood press.

Foto: Ketil Blom Haugstulen

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar