Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Har T-banen sjel?

Dei lærde stridest om T-banen har sjel.

Av Jørgen Norheim

Eg, T-banefarar 5783 Norheim, vil ta dei lærde med på ei danningsreise over og under jorda i den vesle storbyen Oslo, for i koma nærmare sanninga — om T-banen har sjel.

Eg vil ta dei lærde med på line 5 ein tidleg morgon i oktober. La dei sjå lysa bli tende i blokkane på Ammerud. La dei sjå haustsola sakte farge byen raud.

Eg vil ta dei med ei vinternatt pa line 2. La dei sjå lysa bli slakte i blokkane på Tveita. Tomme stasjonshallar. Etternølarar som skundar seg heim. Snøføyke rundt toget som etter Dovreekspressen.

Eg vil ta dei med ein vårdag på line 3. La dei sjå isen gå på Østensjavatnet. La dei sjå ungane og pensjonistane på veg ut i vårsola.

Eg vil ta dei med ei sankthansnatt på line 1. La dei sia utsikta frå

Frognersetra over byen og Nesoddlandet. Båten på fjorden. Båla på holmane.

— Vel og bra, avbraut dei lærde sjelegranskarane, men kven kan få vera med T-banen?

T-banen er demokratisk, svara eg. Alle får vera med.

Vi kjører rettferdige og urettferdige, dommarar og dømte, venner og fiendar, flaskesamlarar og kunstsamlarar , uteliggjarar og

eigedomsmeklarar, veljarar med ulik farge og fornuft, partileiarar og partieigarar, politikarar og byråkratar, militærnektarar og generalar.

T-banen er kongeleg, sa eg. Vi fraktar kongar og kronprinsar med og utan ski.

— Interessant, sa dei lærde, kvae meir har du å fortelja oss?  

Plutseleg slo det ned i meg, eitkvart var gløymt, men kva?

T-baneringen, tenkte eg! Noko for lærd og lek. Eg sa:

Miraklets tid er ikkje forbi:

At politiske vedtak, stål og betong

blir skapte om til lengting, liv og song, til T-banereiser med ulikt motiv,

til ro og til jag, til tidsfordriv,

til arbeidslyst og kjærleiksreiser, til reiser for den som berre sviv rundt i Oslo ein seinsommardag.

Alt dette, min lærde person,

er verd ei feiring  på  Sinsen stasjon.

Etter a ha avlevert dette rimet sette eg meg ned og lytta til samtalen mellom dei lærde. Inspirert av rimet mitt om T-baneringen snakka dei om ringen som smykke. Ein av dei kunne fortelja at ringen i tidlegare tider var eit truskapssymbol, og at ringen er den mest brukte smykkeforma, ofte brukt som symbol og rangsteikn. Ringar har vorte laga av elfenbein, glas, gull, salv, jern….

— Og stil! avbraut eg.

Storbysmykket,

den doble stålringen.

1435 mm svillemøænster imellom.

Symbolet for bysivilisasjon

Rangsteiknet for storby

Bør pussast dagleg

Tilrådd pussemiddel: MX 3ooo

Eg lurte på kva meir eg hadde a gje dei lærde sjelegranskarane.

Det vart til at eg slo til med eit nytt vers, for tredje gong denne dagen.

I ubunden form, som det høver seg nar ein snakkar om T-banen, dette rullande uttrykket for moderniteten frå det 20. hundreåret.

Det menneskeskapte underet:

Myrer, fossar og stille vatn omskapte til rytmisk klapring mot

 skjener.

Elektrisitet og parlamentarisme — Ny-Noreg.

Snor seg over og under jorda som maurstiar;

Frå maurtue til maurtue: Grønland, Majorstua, Nydalen, Sinsen.

Fremst i maurstimen, små blåkledde kvinner og menn, dreg i spakar, trykkjer på biletskjermar.

Stemmesurr pt oslomål, urdu, nordnorsk, arabisk.

Koda namn som MX 3000, T 2000, T 1, T 8.

Dekoda tyder det arbeidsreiser, kinobesøk, sundagsmiddagar, skiturar.

Arkaisk og moderne: den inste strengen i den ny-norske veremåten.

Dei lærde lytta og noterte, kom no og da med sjelfulle kommentarar. Men eg merka at dei byrja i bli slitne etter å ha kjørt så langt og opplevd sa mykje, sa eg fann tida inne for å avrunde.

Eg hadde tenkt pt det lenge. Eg ville så gjerne koma med eit fyndord til slutt, noko dei kunne ta med seg inn i studerkammera.

Eg famla og visste ikkje heilt, sa det vart berre til at eg sa:

Det er tunnelar vi kan, vi som bur  her i dette landet millom bakkar og berg.

Sa tok dei lærde farvel og gjekk  heim kvar ti1 sitt for å grunde vidare på spørsmålet som opptek oss alle, om T-banen har sjel.

Jørgen Norheim er forfattar og tidlegare t-baneførar i Oslo Sporveier.

Denne teksten vart første gong framført som prolog ved opninga av t-baneringen i Oslo 21.08.2006.

Han stod på trykk i Syn og Segn 3/2006.

Foto: Robert Tudor/Unsplash

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar