Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Høgre ved ein skiljeveg?

Av Harald Stanghelle

Høgre-folk teier om partiet Jau, eg må vedgå at overskrifta ly der merkeleg. Høgre det trauste, gamle næringslivspartiet, partiet for «det gode borgarskapet», for dei som eig noko. Skulle det vera kome til eit vegskil? Likevel er ikkje overskrifta så meiningslaus som ho kan verka ved det fyrste augnekastet. Etter formannsvalet i Høgre i 1970 har det gjæra i par tiet. Stendig fleire har våga seg til å stilla spørsmålet om ein var på rett veg. Stendig fleire har stilt spørsmål ved leiinga av partiet. Stendig fleire har spurt kva partiet eigentleg vil. Og desse «stendig fleire» har ikkje fått svar. For sva ret vantar. Den noverande parti leiinga har ikkje ynskt å gje det – eller kanskje svaret ikkje finst i det Høgre som presse og kringkasting presenterer oss for dagleg?

Høgre er i dag inne i ei ideologisk krise. Venstresosialistane ut faldar ein ideologisk aktivitet som kan ta pusten frå nokon kvar, med utslag i konkrete framlegg frå par tia og SVs stortingsgruppe, og i

det eine tidsskriftet etter det andre med ideologisk innhald, som til dømes Kontrast. Senterpartiet held på med ein ideologisk disku sjon om populisme og partigrunn lag som kan føra partiet til klår leik i mange spørsmål. Kristeleg Folkeparti stormar framover på dei politiske meiningsmålingane på sine «folkelege» tankar om «livs verdiar». Medan alt dette hender, står Høgre i stampe, ei ideologisk stampe som det i dag ser ut til å vera vanskeleg å koma ut av. Ikkje eingong det ideologiske skriftet til partiet, Minervas kvartalsskrift, har kome ut det siste året. Likevel har det vore liten eller ingen debatt om dette. Høgre-folk har lært å teia om sitt eige parti. Einige og tru – til Høgre fell, er mottoet. Slik verkar det, i alle fall. I staden for å ta opp ein debatt om partiet sine mål, om det samfunnet partiet ynskjer, har ein kasta seg ut i ein prinsipplaus skattedebatt med tanke på den tjuandeparten av veljarane som gjekk over til Anders Lange ved fjorårsvalet.

Ein kan – diverre med rette -spørja om partiet sitt høgaste mål er å innføra 80 %-regelen når det gjeld skattlegginga att? Det er ikkje for tidleg om det no vert ein debatt kring desse sakene i Høgre, ein debatt som eg vonar kan avdekkja dei gamle motsetna dene som finst, og som kan føra til at einskilde krefter skalar av – og at nytt blod vert ført inn i Høgres gamle kropp. For motsetnader finst det. Og dei er ikkje nye av året. For korleis kan ein sameina interessene til distriktspolitikarar innan partiet og det veletablerte næringslivet i Oslo regionen? Korleis kan ein vera konservativ og bestevener med Norsk Hydro, var det ein som skreiv i eit brev til meg. Spørsmålet er ikkje så lite aktuelt som det kan høyrast ut til.

Den ideologiske grunnvollen

For kva er eigentleg den norske konservatismen? Nokre stikkord kan kanskje forklåra korleis eg opp fattar den ideologiske grunnvollen til partiet: 1. Verdiar. Konservatismen stre kar under at einskilde verdiar er så verdfulle at dei må liggja til grunn for samfunnet vårt. I føre målsparagrafen til Høgre vert det snakka rundt om kristne grunn verdiar, rettsvern og demokratiske prinsipp. Men dette er ord som det i dag står heller liten strid om. Dersom ein meir konkret går inn på saka, finn ein at verdiar til dømes er busetjingsstrukturen vår. Det er ein struktur som har skapt ein kultur som byggjer på eit de sentralisert samfunn. Det er gren deskulen og ungdomslaga.

Det er dette folk flest skjønar med ordet verdiar, og ikkje vakre ord om ting som dei fleste i dag reknar for sjølvsagde. Men dette har ikkje Høgre ofra mykje tenking på. 2. Einskildmennesket. Høgre har heile tida understreka retten for den einskilde til fritt å velja, om det no var buplass, arbeidsstad, livsveg, eller kva det måtte vera. Men kvar har det vorte av denne vene snakkinga når Stortinget har vore samla, når dei konkrete sa kene har vorte debatterte? Sjeldan finn ein det att. Det er på tide at Høgre vert klår over at fridom for einskildmennesket ikkje tyder fri dom for nokre bedriftsherrar til å etablera seg der dei tener mest. Det må også tyda at dei i utkantane skal ha rett til å bu der. Høgre burde vera det fyrste partiet som tok opp spørsmålet om etablerings kontroll. I staden går partiet mot dette. Ei manglande forståing for kva fridom for den einskilde vil seia i praksis, pregar partiets poli tikk. I staden for å ta denne feil slegne politikken opp til drøfting klagar partiet på ein dårleg «ima ge». Men det ein ikkje skjønar, er at nett denne dårlege oppfatninga som folk flest har av Høgre, kjem seg av dei politiske standpunkt partiet tek. På ei reise i Nord-Noreg møtte eg ein eldre kvalfangar som budde på ein bortgøymd stad i Lofoten. Han var Høgre-mann. Kvifor, ville eg vita. Jau, no hadde det seg slik at folka på denne staden ynskte seg veg. Dei ville ha industri til plas sen. Men han var mot dette. Ve gen ville føra så mykje uro til byg da, trudde han, ville føra til fleire hus, fleire menneske osb. Dessutan var han redd dei ville leggja vegen rett ved sida av huset hans. Difor stemde han Høgre. For dersom dei fekk makt nok, var han sikker på at det ikkje kom veg til staden. Sjølvsagt er dette sett på ein spiss. Likevel er det skremmande mykje attom. Ta til dømes lang tidsplanen til NSB: Svært mange kan sameinast om at den er ein studie i avfolking, med nedlegging av stasjonar, minka stopptal på andre, og oppfølging av Linjegods avtalen. Eg vil ikkje hevda at Høgre står ansvarleg for planen, men det var ikkje dei som reiste motstandsfana mot han, endå det ut frå partiet sin ideologiske grunn voll ikkje skulle vera nokon tvil om kvar partiet står.

Fridom for den einskilde er eit omgrep som partiet må setja seg ned og definera, og ein må ikkje gløyma kva dette vil seia i praktisk politikk når grunnvollen verkeleg skal brukast til å setja føtene på. 3. Framandgjering er eit om grep som har vorte populært. Ein snakkar om kontakten mellom individa, kjensla av å vera med på avgjerdslene, samarbeid mellom dei folkevalde og dei meinige sam funnsmedlemene. Store ord har vorte nytta for å karakterisera tilhøva, og endå større for å fortelja om mogelege løysingar. Og dette ordskiftet har samanheng med den krisa som demokratiet vårt er midt oppi. Ein maktar ikkje å stimulera til auka aktivitet, maktar ikkje få menneska med på avgjerdsleproses sen, vert det hevda. Svært få stiller spørsmålet om dei styrande gjer det mogeleg for folk flest å vera aktive. Og dette er eit spørsmål som ikkje minst dei konservative må ta al vorleg. Men kva ser vi? På viktige område kjem dei kon servative slepande etter der dei skulle gått i brodden. Vi kan berre nemna debatten om bedriftsdemo krati, debatten om demokrati i skulen, og sjølv når det gjeld eit spørsmål som partiet har program festa, grende- og bydelsutval, går det mange stader svært trått. Det ser ut som Høgre har vanskar med å ta initiativ. Det er tydeleg at det er lettare å koma med negative kommentarar til andres utspel.

Etter denne vesle freistnaden på å klårleggja nokre ideologiske hovud omgrep kan det kanskje vera på tide å koma meir inn på det som i dag hender i det norske Høgre. Rett nok er det semje i partiet, ei grunnfalsk semje som etter leiinga si meining skal føra til at partiet skal verka tillitvekkjande på det norske folket. Den inngrodde mis trua mot å debattera om partiet er på rett veg, gjev seg utslag i at dei fleste nøyer seg med å småmurra på kammerset og i private parti samlingar.

Partiet skal om ikkje så lenge halda landsmøte. Og det er kan skje ein føremon at dette vert hal de i eit år utan val i næraste fram tid. Kanskje har ein då mot til å ta den debatten som skal til.

Klårlegging av partiet sin politikk som er naudsynt. Eg skal peika ut nokre moment som bør stå svært sentralt i denne partidebatten: 1. Sak og person heng saman, det er vel dei fleste klår over. Det er klårt at når partiet vel ein direk tør frå Oslo, som attpåtil står på høgrefløya i partiet, til formann, er dette eit politisk signal. Kåre Willoch har sett eit merke på partiet som det ikkje vil vera lett å verta kvitt. I Willoch har næringslivsfraksjonen i partiet hatt ein solid talsmann, fordi ein for mann med den makta Willoch har fått, set sitt preg på partiet sin politikk. Skal Høgre fyrst og fremst vera eit parti som talar «bekymra» næringslivsfolk si sak? El|er skal eit desentralisert samfunn vera merkesaka? 2. Den nye politikken vil ik kje koma automatisk, men han vil få ein sjanse til å veksa innan par tiet av di det er den som har fram tida på si side. Det fører til at Høgre endeleg må setja seg ned og definera kva slags samfunn ein ynskjer seg. Høgre har teke på seg å vera forsvarar for vårt system. Medan Arbeidarpartiet – og sær skilt AUF – kan kritisera det sam funnet som dette partiet meir enn nokon annan har skapt, så fell det på dagens Høgre å forsvara det. Kvifor? Vi har då langtfrå eit samfunn som held mål i ein kon servativ sine augo! Det å vera samfunnskritisk har vorte oppfatta som kjettartankar i partiet. Etter mi meining er det nett eit parti som Høgre som bur de vera kritisk. Ikkje med tanke på revolusjon, men med tanke på den store essayistens ord: «De store begivenheters stemme forkynner det for oss. Dere må reformere om dere vil bevare.» Og det er djuptgripande reformer som er aktuelle.

Og dette er noko som det norske Høgre må bruka tid på etter eit formannsskifte : Definera det samfunn ein ynskjer – og forma den praktiske politikken etter det. I dag er eit ikkje-sosialistisk samarbeid ein illusjon. Ein av grunnane er den isolerte politikken som partiet har køyrt, mellom an na i skattespørsmål, i den siste tida. Det burde vera ein grufull vekkjar for partiet at eit usosialt og sam funnsnedbrytande parti som Anders Langes Parti kunne røysta for Høgres budsjettframlegg i Stortinget i haust. Slike skatteutspel har gjort ikkje-sosialistisk samarbeid umogeleg. I skrivande stund (januar) er lite avklåra til det komande landsmøtet. Difor er det umogeleg å spå kva som vil henda på Geilo i mai. Mitt ynske er at partiet vågar å ta oppgjeret. Vi har vore altfor samde hos oss i Høgre. Og det kjem seg av at vi har valt ein kom promisspolitikk for å sameina partiet. Valresultata ved dei siste vala har synt at dette ikkje lenger held. Veljarane ynskjer eit konservativt parti med initiativ og med ein politikk for framtida, ikkje eit par ti som har til oppgåve å kommentera andres framlegg. For oss som enno trur på partiet, vert dette ei spanande tid. Det må koma til eit oppgjer. Venteleg vil det skje i fredelege former – på Høgres vis. Det spelar mindre rolle. Hovudsaka er at dette landsmøtet opnar for ein ny politikk – fram ført av ei ny leiing. Eg skjønar godt Senterpartiet som viser frå seg samarbeid med Høgre. Det Høgre som er i pakt med sine grunnverdiar, sin ideologi, har vi ikkje. Berre framtida vil syna om vi får det. Og ei slik positiv kursendring vil leggja grunn laget for ei ny ikkje-sosialistisk samling. Senterpartiet og Høgre er, dersom ein ser ideologisk på det, dei ideelle samarbeidsparti, men praktisk politikk har øydelagt dette.

Oppgjer på Geilo?

I skrivande stund (januar) er lite avklåra til det komande landsmøtet. Difor er det umogleg p spå kva som vil henda på Geilo i mai. Mitt ynske er at partiet vågar å ta oppgjeret. Vi har vore altfor samde hos oss i Høgre. Og det kjem seg av at vi har vald ein kompromisspolitikk for å sameina partiet. Valresultata ved dei siste vala har synt at dette ikkje lenger held. Veljarane ynskte eit konservativt parti med initiativ og med ein politikk for framtida, ikkje eit parti som har til oppgåve å kommentera andres framlegg.

For oss som enno trur på partiet, vert det ei spennande tid. Det m koma til oppgjer. Venteleg vil det skje i fredelege former – på Høgres vis. Det spelar mindre rolle. Hovudsaka er at dette landsmøtet opnar for ein ny politikk – framført av ei ny leiing.

Vi ventar i spaning.

Oppsummert:

«I eldre tider hadde det vore slik at born vart døypte til ein flokk og levde i trua på denne flokken til døyande dag. Men i dette vart det no eit stort skifte.»

Det er Jon Leirfall som skriv dette i Soga om Korvald Kyrre. Dei gamle partia våre har alle opplevd slikt. Venstre sprakk og hadde vanskar med å overleva. Arbeidarpartiet fekk eit valresultat som fortalde at hadde gått ut av flokken, medan det tredje gamle, store partiet, Høgre, såg ut til å greia seg betre. Men det murrar også der, skriv attenåringen Harald Stanghelle, tillitsmann i Unge Høgre. Grosserar-Høgre, under Kåre Willochs leiing, har gjeve parti profilen. Den må no skiftast ut, hevdar Stanghelle, med ein ny profil og ein ny politikk.

Artikkelen vart første gong publisert i Syn og Segn 3/1974

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar