Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Jesus og sanninga

Sanning handlar ikkje om at ein og ein er to. Sanning er komplekst. Oslo-biskop Kari Veiteberg om sanning.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

– Sanning er eit kjerneomgrep for teologar?

– Det dukkar opp på ulike stader. Jesus seier at sanninga skal gjere dykk frie. Det er også mange som har broderi på veggene med bibelord om sanning. Det er mange forteljingar og likningar i Bibelen om sanning. Det handlar om korleis vi skal tenkje og vere. Og om forholdet mellom den sterke og den svake. Det er umogleg å snakke om sanning utan å inkludere eit maktperspektiv. Det blir meir populært med sanningskommisjonar. Det starta i Sør-Afrika, og no skal vi ha vår eigen for samar, kvener og skogfinnar. Kyrkja er aktiv her. Og kyrkja har jo vore med på fornorskinga, på å gjere folk tause og brukt makt. Det handlar om å setje i gang ein prosess der alt må kome på bordet. Sanning kan gi forsoning, og det kan føre til tilgiving.

Når ein spør om kva som er sant, set ein i gang ein samtale.

– Eit sitat frå Jesus, som det finst mange broderte versjonar av, er at «eg er vegen, sanninga og livet». Men kva betyr det?

– Det blikket Jesus har på folk, er eit sant blikk, han har kome for å setje alle fri. Jesus seier at eg er sanning. I det finst det også eit verdigheitsstempel. Han seier at eg, Kari, har verdi. På Jesu tid talde verken barn, kvinner eller slavar. Men han såg også dei. Eg synest det er vanskeleg å lese Jesus på ein annan måte. Men det er sjølvsagt biletleg tale.

Olav H. Hauge skriv fint om sanning:

Kom ikkje med heile sanningi

kom ikkje med havet for min torste

kom ikkje med himmelen når eg bed um ljos

men kom med ein glimt, ei dogg, eit fjom

slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget

og vinden eit korn av salt.

Når ein spør om kva som er sant, set ein i gang ein samtale. Sanning handlar ikkje om at ein og ein er to. Sanning er komplekst. Sanning kan vere å få ei gåve, gi eit kjærteikn, møte nokon med eit kjærleg blikk. Det seiest at vi lever i ei post-sanningsverd. Men det handlar om at alle vil ha enkle sanningar. Verda er ikkje slik.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar