Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Jussen og sanninga

Vi juristar er ikkje så glade i å snakke om sanning i seg sjølv. Det er vel helst området til teologien eller filosofien. Vi snakkar heller om å etablere faktum, seier Ola Mestad, professor ved Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

– Kor viktig er sanning for juristar?

– Vi juristar er ikkje så glade i å snakke om sanning i seg sjølv. Det er vel helst området til teologien eller filosofien. Vi snakkar heller om å etablere faktum.

Men kva som er sant, er sjølvsagt heilt sentralt innanfor sivilretten og strafferetten, for dommarar og advokatar og også innanfor forvaltninga. Det handlar om å bruke reglar på faktiske handlingar og om å finne ut kva som faktisk har skjedd. Juristane er ikkje ute etter den absolutte, høgare sanninga. Det vi er ute etter, er den sanninga ein best mogleg kan leggje til grunn. Og det er noko anna.

Jussen har fleire system for å finne fram til kva som er sant. Det enklaste er kontradiksjon. I sivile saker med to partar let ein begge partar leggje fram sitt stoff og sine vurderingar. I strafferetten konstruerer ein kontradiksjon. Påtalemakta legg fram sitt, i prinsippet, objektive syn. Så får den tiltala høve til å leggje fram sitt syn på mest mogleg fordelaktig måte. Så skal juristen ta stilling ut frå det.

Juristane er ikkje ute etter den absolutte, høgare sanninga.

– I strafferetten finst prinsippet om bortanfor all tvil. Det er ikkje det same som sanning?

– Det handlar om at det i visse samanhengar har langt verre konsekvensar om det blir gjort feil i éi retning enn ei anna. Når ein dom skal vere bortanfor all tvil, kviler det på eit gamalt prinsipp om at det er verre at ein uskyldig blir dømt, enn at ti skyldige går fri. Og det er jo dette som er det juridiske problemet i Tengs-saka. Fetteren vart frifunnen i straffesaka fordi drapet ikkje kunne bevisast bortanfor all tvil. Men han vart dømt til å betale erstatning etter sivilrettslege reglar, fordi retten meinte at han mest sannsynleg hadde gjort det.

– Og no har det dukka opp ein annan drapsmann?

– Ja. Men vi må tilbake til kontradiksjonen. Prinsippet om kontradiksjon er ein grunnleggjande metode for å forstå kva som har skjedd. Ein brukar det gjennomgåande i prosessretten. Ein lar dei som har interesse i utfallet, belyse spørsmålet frå ulike hald. Og om det er særskilde faglege utfordringar, hentar ein inn ein tredje instans, som sakkunnig. Det kan vere ein medisinsk sakkunnig, ein psykologisk sakkunnig eller ein ingeniør som kan kaste lys over kvifor ei bru bryt saman. Juristar er trena til å ta avgjerder om verkelegheit og jus, basert på innspel frå andre. Det er ein vitskap for avgjerder.

Foto: Universitetet i Oslo

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar