Me snakkar mykje om identitetspolitikk. Me burde snakka endå meir om kva internett har gjort med det offentlege ordskiftet.
Av Maria Horvei
Det hender ein får lyst til å skru av samtida som ei lyspære, eller å kaste alt av offentleg debatt i papirkorga saman gårsdagens aviser. Ingenting godt kjem ut av dette, kan ein tenke. Ingen nye innsikter vert vunne. Sidan massemedia tok dei fyrste, ustøe skritt inn i vår felles sfære, har det blitt åtvara om at forteljinga og den visstnok meiningsberande anekdoten erstattar dei rotete og ofte sjølvmotseiande kjensgjerningane som utgjer verkelegheita, som igjen ser ulik ut for kvar og ein av oss. No har den tilsynelatande triumfert med absolutistiske konsekvensar. Vekke er kompleksitet og djupnesyn. Tilbake står rutenettet og eit sett med sjablongar, som ein etter beste (eller verste) evne forsøker å tvinge verda inn i.
Ingenting godt kjem ut av dette, kan ein tenke.
For eigen del er det ingenting som i større grad får fram denne strutseaktige impulsen enn diskusjonar om identitetspolitikk – ein kategori som ifølgje ordboka viser til ein politisk eller aktivistisk rettigheitskamp på vegner av utsette grupper, og som ifølgje kritikarane viser til ei feilslått vekting av gruppeidentitet over fridom for individet. Det merkelege er at eg ved å vedkjenne meg denne vegringa ikkje avslører noko om kvar eg sjølv står i dei siste åras debattar om marginalisering av minoritetspersonar, undertrykkande samfunnsstrukturar, tendensar til scenenekt og framveksten av ein kanselleringskultur – kvar eg står i den siste kulturkrigen, kort sagt.
To verder
Takka vere den «polariserande» internettkulturen og redaktørstyrte media som hovudlaust halsar etter han, har det etablert seg ei historie om to leirar med kvart sitt sett av verdiar, som begge skuldar den andre leiren for å forfekte ein forenklande og forflatande samfunnsanalyse. På den eine sida: Dei liberalistiske og individualistisk orienterte ytringsfridomsforkjemparane, som med jamne mellomrom må finne seg i å bli slått i hartkorn med uttalt rasistiske grupperingar som fyrst og fremst kjempar for fridommen til å oppretthalde dagens beviseleg skeive fordeling av materielle og immaterielle gode. På den andre sida: Dei «oppvakte», interseksjonelt orienterte rettigheitsforkjemparane, som minst like ofte vert skorne over éin kam med alt som kan krype og gå av internettbasert moralpoliti og deira vilkårlege handheving av reglane for akseptabel menneskeleg framferd i den nye tida. Legg til eit generasjonsskilje her, med den eldre garde plassert i den liberalistiske hæren og ungdommen svimande rundt blant identitetspolitikarane, og frontane er ytterlegare spissa.
Ingen av desse karikerte posisjonane er særskilt godt eigna til å handtere den enormt vanskelege balansegangen mellom å sikre alle menneske, uavhengig av klassetilhøyrsle, kjønn, seksuell legning, etnisk identitet, funksjonsevne osb., individuell respekt og lik tilgang til fellesarenaene i samfunnet, samstundes som ein opprettheld ei romsleg forståing av ytringsfridomsomgrepet og eit handterleg handlingsrom for menneskelege tabbar. Likevel er det nettopp desse posisjonane store delar av debatten er konstruert omkring.
Og ut av dette spring trongen til å skru av brytaren, å bere ut søpla.
Kva er problemet?
Under det årlege kritikarseminaret på forårets litteraturfestival på Lillehammer var nettopp identitetspolitikken ein del av grunnlaget for det overordna temaet: «Kritikk, moral og moralisme – hvor går grensen?» I ein av panelsamtalane reiste ordstyrar Frode Helmich Pedersen spørsmålet om vår tids innsnevring av det kritiske ytringsrommet, og viste til ei rekke døme som illustrerte tendensen: Stormen som kom i kjølvatnet av J.K. Rowlings essay om transpersonar. Forlaget Oktobers avbryting av samarbeidet med Per Marius Weidner-Olsen, etter avdekkinga av ein overgrepsdom mot forfattaren, som kasta eit – for somme – nytt lys over hans debutromans tematisering av seksuelle overgrep. Forlagshuset W.W. Norton & Companys avgjersle om å stoppe distribusjonen av Blake Baileys Philip Roth-biografi, etter påstandar om at denne forfattaren hadde valdteke og seksuelt trakassert ei rekke kvinnelege studentar og personar i forlagsbransjen. Litteraturvitar Ståle Dingstads avvising av Knut Hamsuns forfattarskap på grunnlag av Hamsuns antisemittisme. Kontroversen kring den amerikanske forfattaren Jeanine Cummins’ framstilling av immigranterfaringa i romanen Amerikansk jord, der påstandane både var at Cummins som kvit person ikkje hadde rett til å skildre denne verkelegheita, og at ho gjorde det på ein svært lite realistisk måte.
Å sjå forbi twitter-mobben
Ei slik oppramsing er nyttig, og om ein hadde bevega seg utanfor litteraturfeltet, kunne lista ha vakse til uvisse proporsjonar. Dei evinnelege samtalane om identitetspolitikk og kanselleringskultur spring ut frå noko, fortel ho oss. Samstundes er lista, som jo er anekdotisk i sin natur, talande for eit poeng av meir generell verdi, som har å gjere med kor vanskeleg det er å slå fast eitt enkelt problem som ligg til grunn for alle døma ho er sett saman av – sjølv om ein har greidd å samle seg om at kvart einskilt døme peikar mot noko problematisk. At J.K. Rowling vart utsett for uakseptable mengder hets i etterkant av utsegnene sine, er det slik eg ser det, ingen tvil om, men eg er heller ikkje i tvil om at dette er eit uttrykk for dei skitne realitetane i eit digitalt meir enn i eit identitetspolitisk ordskifte, eit ordskifte som råkar alle tenkelege standpunkt i diskusjonar om transpersonars rettar like hardt. (At Rowling framleis har ei plattform å snakke frå, og at ho også vart møtt med svært balansert kritikk, bør det òg vere lite kontroversielt å hevde.)
I tilfella Per Marius Weidner-Olsen og Blake Bailey er det snakk om avgjersler tatt av forlagshus, og som i alle fall delvis må tolkast som økonomisk motiverte. Ståle Dingstads utfall mot Hamsun kan ein vere einig eller ueinig i, men dei vart fremja som eit bidrag til ein debatt i form av ei omfangsrik og kjeldebelagd bok, og var såleis ein del av eit kritisk ytringsrom heller enn eit forsøk på å stenge det ned. Noko av same gjeld kritikken mot Jeanine Cummins: Om ein lukar vekk Twitter-mobben, vart kritikken mot ho i stor grad formulert som ei kritisk undersøking av kva føresetnader ein forfattar har for å framstille ei verkelegheit som ligg så langt unna eins eigen, og ein skepsis til i kva grad Cummins hadde lukkast med å utføre oppdraget ho hadde gitt seg sjølv. Eg er usikker på om ei kritisk offentlegheit hadde vore så mykje sunnare om desse spørsmåla ikkje hadde vorte reiste.
Eller nei, det er eg ikkje: Eg er sikker på at ho ikkje ville vore noko sunnare.
Kva er nytt?
Ein skal dessutan vere var for at den sterke gjennomslagskrafta forteljingar om kansellering og scenenekt har i dagens offentlege ordskifte, dreier seg meir om «endra effekt enn historisk omvelting» – ei formulering eg låner frå den amerikanske essayisten Maggie Nelsons diskusjon av eit tilstøytande tema i den siste boka hennar On Freedom: Four songs of care and constraint (2021). Dei to yngste av dagens vaksengenerasjonar – populært kalla Gen Z og millennials – har vakse opp med ei heilt anna forståing av kva diskriminering er, korleis det ser ut, og kvifor det er gale, enn det eldre generasjonar nødvendigvis gjorde. Dei har òg vakse opp med Internett, som sjølvsagt påverkar korleis idear vert spreidde, og i kva form dei vert uttrykte. Legg til litt mindre individfokusert postmodernisme i monitor under formative universitetsår, og du står att med ein gjeng unge vaksne som er godt eigna til å drive fram identitetspolitikken i den breie offentlegheita.
Forteljinga om nymoralismen
Men sjølv om forteljinga om ein omsegbreiande, identitetspolitisk nymoralisme er godt klikkstoff i dagens offentlegheit, er det ikkje slik at reguleringa av kven som slepp til i det offentlege ordskiftet, og ulike former for kollektiv straffing av dei som trør over visse grenser, er noko som har oppstått i og med ein ny generasjon identitetspolitikarar. Etter at den amerikanske countrygruppa The Dixie Chicks våren 2003 slengde ein kritisk merknad mot president George W. Bush – som den gong stod på terskelen til å invadere Irak – frå scenekanten i London, vart dei i løpet av få veker svartelista av tusenvis av radiokanalar i USA. Frå å ha vore eit av dei mestseljande banda i verda, uansett sjanger, gjekk dei no til å miste spelejobbar, sjå sin siste singel forsvinne ut av Billboard-lista og motta dødstrugsmål. Den totale avvisinga dei møtte frå store delar av tilhengarane sine – som òg vart støtta oppunder av meir tungtvegande mediepersonlegdommar og kommentatorar – er noko bandet framleis ikkje har kome seg tilbake frå, sjølv om dei i åra som følgde, tok grep for å etablere eit nytt publikum for musikken sin.
Dei evinnelege samtalane om identitetspolitikk og kanselleringskultur spring ut frå noko.
Ein kan gå lenger tilbake i tid og finne fleire døme. Ein kan òg gå til litteraturkritikken, som jo var det som var i søkelyset på Lillehammer i fjor, og spørje seg om identitetspolitiske tendensar ikkje alltid har vore ein del av det kritiske virket. Kaja Schjerven Mollerin, som sat i panelet Frode Helmich Pedersen leia, viste til Chinua Achebes banebrytande, postkoloniale kritikk av Joseph Conrads Heart of Darkness som eit døme på identitetspolitiske litteraturlesingar av stor kritisk verdi. Her er det sjølvsagt mogleg å føye til tallause identitetspolitiske litteraturlesingar utan stor kritisk verdi, slik som kritikken som i si tid vart retta mot Philip Roths framstilling av ikkje-nødvendigvis-så-sympatiske jødar, som Roth kontant påviste som uhaldbar i essayet «Writing About Jews» (1963). Poenget om at dette ikkje er eit nymotens fenomen, står seg uansett. Endra effekt, endra gjennomslag i dagens medieoffentlegheit: Ja. Historisk omvelting? Nei.
Kva meiner eg?
Under det same kritikarseminaret deltok eg sjølv i eit panel som takla den identitetspolitiske problemstillinga endå meir direkte: «Kritikk og identitetspolitikk» var overskrifta for samtalen. Standpunktet mitt kan enkelt oppsummerast som ei full tilslutning til den interseksjonelle og antirasistiske feminismen som til forveksling er lik identitetspolitikken. Eg presiserte skiljet mellom å avfeie eit litterært verk fordi det viser fram noko me helst skulle vore forutan – som rasisme eller misogyni –, og dei tilfella der den eventuelle rasismen eller misogynien er ein konsekvens av ein kunstnarisk svikt, til dømes gjennom umedviten eller sleivete reproduksjon av stereotypar. Fyrstnemnde går eg ikkje med på; alle krav om at litteratur mynta på vaksne menneske skal framstille verda slik me skulle ynskje at ho var, heller enn slik ho er, vil vere å forveksle litteratur med sosiologi, slik James Baldwin skreiv i essaysamlinga Notes from a Native Son (1955). Med tanke på sistnemnde – å påpeike den kunstnariske svikten som ligg i å skrive fram stereotypiar eller liknande – meiner eg at dette er ein naturleg del av eit litteraturkritisk virke. Eg skriv gjerne under på den same Baldwins formuleringar, i same tekst, om korleis ein forfattar må hugse at mennesket ikkje berre erein medlem av Samfunnet eller ei Gruppe eller ei ubehageleg gåte det er opp til Vitskapen å forklare. Han er – og kor gamaldagse lyder ikkje desse orda! – noko meir enn som så, noko standhaftig udefinerbart, uføreseieleg. Ved å oversjå, fornekte, omgå kompleksiteten hans – som ikkje er noko større enn vår eigen urovekkande kompleksitet – minskar me og går til grunne; berre i dette nettet av ambivalens, paradoks, denne svolten, faren, dette mørkret, kan me finne oss sjølve og samstundes krafta som kan setje oss fri frå oss sjølve. Det er denne openberrande krafta som er forfattarens sak, denne reisa mot ei større verkelegheit som må setjast føre alle andre krav.[1]
Moralpolitiet er overalt
Elles er det heller ikkje slik at det berre er identitetspolitikarar som kan finne på å agere som moralpoliti. På nettsida til den amerikanske bibliotekforeininga, viste eg til, kan ein sjå ei oversikt over titlane som tiltrekker seg flest krav om å bli fjerna frå amerikanske bibliotek og skuleboksamlingar kvart år. På den siste lista, frå 2020, vart to av dei ti topptitlane klaga inn på grunn av rasistisk språk og rasistiske stereotypiar (John Steinbecks Om mus og menn og Harper Lees Å drepe en sangfugl). Ein annan, Den helt sanne dagboken til en deltidsindianer, vart klaga inn på grunn av påstandar om seksuelle overtramp gjorde av forfattaren, Sherman Alexie, i tillegg til seksuelt eksplisitt innhald. Tre bøker heilt eller delvis felte av den identitetspolitiske leiren, altså.
Det er ikkje berre identitetspolitikarar som kan finne på å agere som moralpoliti.
Av dei sju som stod att, var årsakene for innklaginga (som i fem tilfelle òg førte til at boka vart trekt frå eitt eller fleire bibliotek) at bøkene inneheldt skildringar av sex, skildringar av valdtekt, skildringar av lhbti+-erfaringar, ein splittande antirasistisk retorikk og/eller standpunkt som var sterkt kritiske til politiet. Også i eit femårsperspektiv, som vel er nokså samanfallande med perioden med identitetspolitikkens påståtte strupetak på det frie offentlege ordskiftet, er det desse kategoriane som gjer ei bok suverent mest utsett for klager og eventuell sensur. I 2019, til dømes, var åtte av ti titlar klaga inn på bakgrunn av lhbti+-positivt innhald. Kombinert med dei talrike døma på at identitetspolitikk har ein lang veg å gå før han vert heilhjarta ynskt velkomen i dei samfunnssektorane som utøver reell makt, for å seie det forsiktig,[2] konkluderte eg med at det skremselsbiletet somme forsøker å måle fram av identitetspolitikken som ei total og øydeleggjande kraft i det moderne samfunnet, er ei sanning med svært store modifikasjonar.
Kven har skulda?
Ingenting av dette som eg sa under seminaret den gongen, er noko eg ikkje står inne for i dag. Identitetspolitikken, slik tallause akademikararar, forfattarar, kunstnarar, aktivistar og kritikarar forstår og forfektar han, er slik eg ser det, eit avgjerande verktøy for å vri samfunnsutviklinga vekk frå å repetere eit historisk mønster av kvinneundertrykking, rasisme, sexisme, homofobi osb. Sjå til den feministiske rettigheitskampen, sjå til den amerikanske borgarrettsrørsla. Sjå til ACT UP, den aktivistiske grupperinga som på slutten av åttitalet spelte ei avgjerande rolle i kampen mot aids. Desse sigrane vart ikkje vunne av det liberalistiske idealindividet, men av menneske som fann saman i solidaritet og tvinga samfunnet til å endre seg, med alle dei smertene det inneber.
Men for å kunne framføre desse argumenta med ei viss grad av kraft og overtyding, var også eg tvinga inn i ein posisjon som forenkla. Identitetspolitikken, slik eg og tallause andre akademikarar, forfattarar, kunstnarar, aktivistar og kritikarar forstår han, er ikkje nødvendigvis einstydande med all aktivitet som går under ei identitetspolitisk fane. Med framveksten av Internett, og særskilt sosiale medium som den primære plattforma for offentleg meiningsbryting, står me i ein situasjon der terskelen for aggresjon, hets, personangrep og kategorisk heller enn kompleks tenking er låg, på alle sider av det politiske spekteret. I motsetnad til somme debattørar knyter eg ikkje dette berre opp mot identitetspolitikken, men ringverknaden av problema når også dit.
Terskelen for aggresjon, hets, personangrep og kategorisk heller enn kompleks tenking er låg.
I essayet «The Paranoid Style of American Politics» frå 1964 skildra den amerikanske historikaren Richard Hofstadter framveksten av ei konspiratorisk tilnærming til praktisk politikk, der den «paranoide» forsøker å øydeleggje det hen oppfattar som ein uhaldbar samfunnsmodell, under dekke av å kjempe mot eit bestemt trugsmål – det vere seg Illuminati, kommunisme eller jesuittordenen. Kjensla av å vere eit offer for urett på det private planet vert slik kanalisert inn i eit altomgripande syn på verda slik ho fortonar seg for den det gjeld. Denne modellens notidige relevans for alt frå incels og Proud Boys til religiøse ekstremistar bør vere sjølvinnlysande. Den følgjande passasjen kan òg kaste lys over verdssynet til dei mest innbitne deltakarane i den identitetspolitiske kulturkrigen – i begge endar av spekteret:
Sidan det som står på spel, alltid er ein konflikt mellom det absolutt gode og det absolutt vonde, vert det ikkje streva etter kompromiss, men etter viljen til å stå i kampen til siste slutt. Sidan fienden vert førestilt som heilt vond og heilt umogleg å snakke med, må han bli gjord heilt til inkje – om ikkje frå verda, så i alle fram frå den maktsentralen den paranoide rettar merksemda mot. Dette kravet om fullstendig triumf leier til formuleringa av håplaust urealistiske mål, og sidan desse måla ikkje er så mykje som vagt oppnåelege, vil feiling heile tida auke frustrasjonen den paranoide kjenner. Sjølv delvis suksess etterlèt han med den same kjensla av maktesløyse han byrja med, og dette igjen styrker berre medvitet om den enorme og fryktinngytande styrken i fienden han motset seg.
Den paranoide stilen
Hofstadter åtvara i si tid mot den effekten massemedia vil ha når det gjeld å tilspisse ein slik paranoia, og ville neppe vore overraska over det ekstra giret internett i dag har tilført det heile. Som Maggie Nelson skriv i On Freedom: «Nye merksemdsteknologiar (også kjent som Internett, sosiale medium), som vert fôra og bidreg til skapinga av det hurtige, augeblikkelege, reduserande, vidtrekkande og av negative kjensler (slik som paranoia, sinne, avsky, naud, frykt og audmjuking)» aukar presset, i eit allereie polarisert politisk landskap, til å signalisere «kva side du står på» – grunnlaget for paranoide tilstandar, om noko. Lik Nelson ser eg den paranoide impulsen hjå visse utsette grupper som ein naturleg forsvarsmekanisme i møte med eit samfunn som nektar å ta innover seg konsekvensane av rasisme, sexisme, homofobi osb. Men lik Nelson ser eg òg på dei eventuelle føremonane ein slik impuls kan føre med seg, i form av faktiske sigrar vunne, som usikre og ustabile.
Hofstadter åtvara i si tid mot den effekten massemedia vil ha når det gjeld å tilspisse paranoia.
For her er utfordringa: Dei deltakarane i det offentlege ordskiftet som vert råka av paranoia, slik Hofstadter definerte tilstanden, er sjeldan sentrale tenkarar eller ideologiske fyrtårn på vegner av korkje liberalisme, konservatisme eller identitetspolitikk. Dei er heilt vanlege menneske, med store lager av meir eller mindre legitim frustrasjon, som me i ein gamaldags, redaktørstyrt mediekvardag berre ville høyrt fjerne ekko av.
Mange taparar
Mykje godt kan seiast om demokratiseringa av ordskiftet som Internett har ført med seg. Samstundes har Internett, og den moglegheita det gir så å seie alle til å seie si meining, ført til at sjølv eit lite mindretal kan gi inntrykk av å vere dominerande. Den enorme mengda brukarar sørgjer for at det alltid finst nok av tilfeldige døme, til bruk av den eine sida, på at den andre sida er fullstendig sprø – same om det tilfeldige dømet ikkje råkar motstandaren på anna vis enn gjennom «guilt by association».
Dette er ei sak som har lite med ideologi å gjere.
Og meir alvorleg: Det vil alltid finnast ei stor nok gruppe, blant millionar av Twitter-brukarar, til å plante frykta for uthenging, kansellering, tap av inntektskjelder i andre menneske. Til å drukne einskildpersonar i hets og trugsmål. Til å utgjere ein reell maktfaktor, fordi det vert vanskeleg å ikkje ta omsyn til han, det vere seg som individ, bedrift eller organisasjon. Dette er ei sak som har lite med ideologi å gjere, ettersom dei same mekanismane er i spel over heile det politiske spekteret, og som har enormt mykje med den nesten totale mangelen på regulering av profittmaksimerande, digitale diskusjonsplattformer.
Min eigen impuls til å slå av brytaren stammar også frå dette: Kjensla av å vere dratt inn i eit spel som handlar om å vinne, og som eine og aleine produserer taparar.
Maria Horvei er kritikar og forlagsredaktør.
Foto: Markus Winkler/Unsplash
Notar
[1] Dette sitatet – og essayet det er henta frå – er òg illustrerande for den ubrukelege framstillinga av identitetspolitikk som noko ein i alle avskyggingar er for eller mot; alt etter kvar eins sympatiar i utgangspunktet ligg, kan det takast til inntekt for ein kritikk av den gruppetenkinga ein ser i identitetspolitikken, eller brukast som eit identitetspolitisk verktøy i avdekkinga av underliggande fordommar i litteraturen.
[2] Kan leggje inn døme her! Dansk folketings vedtak mot «aktivistisk» forsking, amerikanske delstatars forbod mot kritisk raseteori, det konservative partiet i Englands «war on woke» etc.