Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Lagnadsgudinner

Av Laura Djupvik

Å, der er dei,

desse strikkande tanter,

sit på pinnestolar framfor tunge dører

alltid tre av dei om gongen

snart står dei

krokbøygde i eit vegkryss

helsar knapt når du kjem forbi

tviheld i pinnane 

i natt ser eg dei på kyrkjegarden

strikkar av same nøstet

flettar saman ei byrjing, feller av ein slutt

dei slektar på urgamle kvinner

ser slikt dei ikkje kan rå med

veit meir enn dei ønskjer å vite

festar tråden med nål

ein stad det gjer vondt

alt som er deg

dei veit og dreg og flikkar

makta kjem derfrå

ein stad

du veit best 

du veit kva som er best, 

kva du skal bli, kven du vil vere

likevel er der ei anna historie 

du enno ikkje kjenner

og denne historia

liknar

deg sjølv

Laura Djupvik er forfattar.

Tekstane er henta frå «Strikkehistorier», eit prosjekt i arbeid.

Diktet er trykt i Syn og Segn 3-2022.

Illustrasjon: Laura Djupvik

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar