Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Mot ein betre gymnaskvardag?

Harald Stanghelle:

Ei lov under debatt

Odd Eidem har skrive og sagt mykje. Mellom anna har han i Morgenbladet freista å definera norsk debatteknikk, som han hevdar er slik at den som er snarast til å kalla motdebattanten for re aksjonær, han har vunne. Og den oppskrifta er det heilt tydeleg mange som har lagt seg på hjarta, m.a. arbeidarpartipressa og VG, når dei diskuterer den nye gymnaslova som no skal opp i Stortinget. Motstandarane av denne lova får høyra at dei er mot fram steget og redde for endringar i det noverande systemet. Reaksjonære har dei vorte kalla.

VG finn å måtta ofra ein heil leiar på å forklåra at når Norges Gymnasiastsamband (NGS) på sitt landsmøte i byrjinga av mars ved tok å oppfordra politikarane våre til å trekkja lova attende, er dette reaksjonært oppgulp. Og VG skriv vakre ord om likskap for alle, at no – endeleg – skal alle få høve til å koma inn på vidaregåande skule. Noko positivt er det i dette, nemleg at det ser ut til at vi vil få ein offentleg debatt om lova. Og det er ikkje for tidleg. Førre våren var og lova oppe, men vart trekt attende av Stortinget.

Det var ei skremmande semje om denne lova

Det var ikkje så stor usemje om prinsippa for det nye gymnaset. Dei tykte visst alle var gode greier, men så var det – som det plar vera i skulelover nokre paragrafar om privatskular og religionsundervisning, og då vart det debatt. Det var ei skremmande semje om denne lova, ja, det verka beint ut som om mange av forkjemparane ikkje hadde fullt oversyn over kva følgjene av lova ville bli.

 Ein kongstanke?

Men la oss gå noko attende. For særleg mykje om den nye skulen som skal lovfestast, får vi ikkje vita berre ved å lesa Odelstingsproposisjon nr. 18. Vi må attende til bakgrunnsdokumenta for lova dersom vi skal finna eit svar på alle dei spørsmåla som lesinga av proposisjonen reiser  Arbeidet vart starta for over ti år sidan, då den såkalla Gjelsvik komitéen var nedsett for å planleggja reformgymnasa.

Men hovudarbeidet kom med Skolekomitéen av 1965, eller Steen komitéen. Denne komiteen kom med tre store innstillingar fram til 1970. Kyrkje- og undervisningsdepartementet laga så fyrst eit utkast til Lov om mellomskolen, og ut frå dette utkastet ei gymnaslov. Det var den førre Bratteli-regje ringa som la fram den. Seinare trek te regjeringa Korvald proposisjonen attende, laga ein ny med nokre mindre endringar, fekk den send attende frå Stortinget – og så er ein her att, med endå ein proposisjon.

 Tanken bak denne – sjølve kongstanken – er at alle skal få hø ve til tolv års skulegang, og at alle retningar (praktisk, teoretisk) skal verta stilte på like fot. Det er siste resten av sosialdemokratiets sosia lisme ein finn att i denne lova, trua på at likskap er mogeleg å skapa gjennom eit skulesystem der flest mogeleg tek del.

Men dette er for enkelt og for lettkjøpt. Det skal ikkje så mykje til for å skjøna at om ein pressar alle grupper saman i ein skule, vil dette vera eit minimalt steg på vegen mot å jamna ut sosiale mot setnader i det norske samfunn.

Einskapsskule?

Det viktigaste er ikkje denne yt re organiseringa, det viktigste vert innhaldet. Og her er det lite som følgjer opp dei ideelle prinsippa som tydelegvis Steen-komitéen har hatt for auga. Vi skal få ein tre årig open skule som alle skal ha høve til å gå, og med avsluttande kurs etter kvart år slik at i prin sippet treng ingen slite på skule benken så lenge. Vidare vert da gens gymnas, yrkesskule, handels skule osv. nedlagde i si noverande form. Etter dette skal alle gå på same skulen.

Kven sine premissar vert lag de til grunn for denne nye skulen?

Vi kan sjå på dei einskapsskula ne som i dag finst, og kanskje er Bjørkelangen skolesenter i Akers hus det mest interessante. Det som erfaringane derifrå fortel, er at dette er ein gymnasiastdominert skule. Det er elevane frå teori linene som dominerer, gjev tonen. Yrkeslineelevane kjem i bakgrun nen, ikkje minst av di pensumet er lagt slik opp at alle skal ha ein viss del felles teoriundervisning. Og teorilineelevane skal vidare, på universitetet og høgskular. Di for er det deira premissar som ligg til grunn for undervisninga.

I staden fekk dei fleire skuletrøytte taparar

Difor kan dette aldri fortena namnet verkeleg einskapsskule. For nokre år sidan fekk vi ung domsskulen. Dei fleste var svært så oppglødde og trudde at no had de skule-Noreg løyst problema si ne. I staden fekk dei fleire skuletrøytte taparar, nedlegging av grendeskular og utbygging av sentralskular følgde i ungdoms skulens kjølvatn. Det var eit prinsipp at alle skulle gå ni år i grunnskulen.

No har ein byrja med å gje dispensasjonar frå dette. Men kva skjer? Dei som får dispensasjon, finn seg ikkje til rette nokon plass, av di vi ikkje har nokon plass å gje dei. Eit sterkt press vert lagt på alle dei skuletrøytte, for du misser framtida dersom du sluttar. Det er vorte status å ha dei ni åra. Ingen spør deg om du likar deg eller ikkje. Vil det same skje med innføringa av einskapsskulen? Vil det føra til at det vert eit umenneskeleg press for at alle skal gå vidare, fordi dei som ikkje har denne skulen, inga framtid har? Jau, eg veit dette høyrest pessimistisk ut, men det hadde ikkje vore for tidleg om skulefolk hadde lært av sine eigne feil.

 Sjølvsagt er det positivt at alle no skal ha høve til å koma vidare, men det er likevel eit stort spørsmål om denne «no-skal-alle-verta-studen tar»-tankegangen er det rette ut gangspunktet for ei skulereform.

Det har ög vorte hevda at denne reforma vil verka desentraliserande ved at mindre kommunar og får eit vidaregåande skuleverk. Men her er vi nøydde til å spørja kritisk. Dersom einskapsskulen skal ha det tilbodet som er naudsynt for at det verkeleg skal verta ein einskaps skule, må skulen ha så mange ele var at valfridomen mellom dei uli ke linene er mogeleg. Og kva vil då henda med dei mindre gymnas filialklassane våre? Sjølv er eg opp teken av desse filialklassane under vanlege gymnas og yrkesskular og klassar på mindre stader. Til i dag har styresmaktene våre vore lite viljuge til å byggja ut slike. Vil dei no verta borte på det skulepolitiske kartet?

Paragraf og praksis

Dei ideelle prinsippa i lova kan sjå bra ut, men oppfølginga i praksis er det verre med. Spørsmålet er om det er mogeleg å følgja dei opp. Kanskje ein skal freista å setja opp nokre mål for gymnaset i framtida, for så å sjå på gymnas lova ut frå desse måla:

1. Eit geografisk desentralisert gymnas. Vi veit i dag at vi har for mange bortebuarar mellom skule elevane. Vi veit og at vi har råd gjerder som kan avgrensa dette talet, t.d. utbygging av filialklassar. Den nye lova opnar ikkje for eit desentralisert skuleverk med færre elevar på kvart gymnas, og for ut bygging av einskildklassar som har kontakt med ordinære skular.

2. Desentralisert innhald. Vi kan vel slå fast at det vanskeleg let seg gjera å få eit meir sentralisert gymnas enn det vi har i dag. Inn haldet er lagt opp frå sentralt hald, lite vert gjeve over til skula ne sjølve. Ingen demokratiske organ på kvar einskild skule disponerer over løyvingar, heller ikkje er det indre demokratiet noko å ropa hurra for. Og i den nye lova er det ikkje teke eit steg vidare for å freista å leggja opp til ein demokratisk sku le. Det er ei fullmaktslov som gjev byråkratane i Kyrkje- og undervis ningsdepartementet råderett over dei fleste områda i skulen. Klårast kjem dette fram i § 6 i lova, der det heiter at «departementet gir regler om vurdering av elevenes arbeid og utskriving av vitnemål».

Vi kan vel verta samde om at det er karaktersystemet som i stor mon formar skulen, det er karaktersystemet som avgjer korleis den einskilde lærar legg opp si under visning, og korleis skulen er organisert. Og på denne bakgrunnen er det mest utruleg at eit departement får ei slik fullmakt. Kanskje dette verkar særskilt sterkt no etter at både elevar og lærarar har synt mistillit til departementet på bak grunn av freistnaden på å inn føra 30-timarsveke i gymnaset, seinare og i reformgymnasa.

Denne § 6 kan stå som eit symbol på heile lova, og på det sentralistiske ved ho. Målet må verta ein skule som mest mogeleg er fri for strenge reg lar om undervisning, klasseorganisering og liknande, ein skule som har mest mogeleg sjølvstyre. Både pedagogisk, administrativt og økonomisk fridom er det vi må ha i tankane.

3. Demokrati er det populært å snakka om. Men mange store ord er det ikkje råd å kosta på seg der som ein vurderer omgrepet ut frå den nye gymnaslova. Rett nok vert det skipa eit skuleutval, der fylket har ein sterk representasjon. Men dette utvalet får inga reell makt. Makttilhøva i skulen vert som dei alltid har vore. Vidare må det vera klårt at det er umogeleg at skule utval og liknande kan få reell inn verknad utan at dei får disponera over økonomiske midlar.

4. Ein skule i trivsel. Skulen må leggja vekt på den einskilde eleven, ein må satsa på gruppeaktivitet og samarbeid om oppgåvene. Den innbitne konkurransementaliteten vi finn i dagens skule, er ikkje ei god førebuing til det verkelege li vet. Diverre leitar ein fåfengt etter signal i denne nye lova som skal varsla endring i vår situasjon. Lova legg opp til ein rasjonell skule, ein «effektiv» skule som kastar trivse len inn i eit pokerspel der ein på førehand er dømd til å tapa.

Borna til skattebetalarane

Det er ikkje utan grunn at gym nasiastane har reagert mot dette, og fått brei stønad frå lærarhald. Men det er uforståeleg at så få i dei politiske krinsane våre har rea gert. Den debatten som no må koma om gymnaset i framtida, er difor naudsynt. Vi har tidlegare vore vitne til at mange avgjerder vert tekne over hovudet på dei vedtaka gjeld. Dette er ei skrem mande utvikling i eit demokratisk samfunn, ei utvikling det må verta ei folkesak å snu.

Det eg vonar, er at våre stor tingsrepresentantar kan vera vilju ge til ein dialog med elevar og læ rarar i denne saka – ein dialog eg vonar vil opna augo deira. Vi har framføre oss eit doku ment som vil gripa inn i samfun net vårt, som vil merkja det. Vi  stiller spørsmålet om dette er ei betring av dei til høva som vi i dag har, eller om det ikkje er det. I alle framlegg vil ein finna po sitive sider, slik er det og med den ne nye gymnaslova. Men retninga er klår. Målsetjinga om ein skule med innhald som skaper trivsel, er ikkje lagd til grunn for arbeidet. Det er ikkje ein framtidsskule med perspektiv vi møter i lova. Og så vert det snakka om krav mentalitet, at det ein ynskjer, kos tar pengar, ja, mange pengar – osb. Bjartmar Gjerde seier at skatte betalarane ikkje vil ofra fleire pen gar på skulen. Til det har det vor te svara at no må ein ikkje berre tenkja på pengane til skattebetala rane, men og på borna til skatte betalarane. Eg kan ikkje sjå at denne diskusjonen er så umåteleg interessant. Sjølvsagt må ein ha ei viss ramme, visse økonomiske res sursar til disposisjon. Mitt poeng er at det i dag ikkje er naudsynt med så svære ekstra løyvingar for å skapa ein betre skule, ein skule med trivsel som fyrste bod.

Det er ikkje dei som har si daglege verksemd i gymnaset som står bak «reforma».

Men styresmaktene har ikkje vore viljuge til dette. Dei har ikkje vore viljuge til verkeleg dristige reformer i skulen. Dei arbeider ut frå prinsipp og tenkjemåtar som for lengst skulle vore lagde i grava. Og det er dette vi går til åtak på. Steen-komitéen og Arbeidarpar tiet slår fast at lova vert ei stor veges reform. Eigentleg er dette berre tomt utanomsnakk. Ei viss endring er det når det gjeld organiseringa av skulen. Men erfaringane frå dei såkalla ein skapsskulane syner at endringa gjev seg størst utslag på papiret. Elles er det ein tradisjonell skule når det gjeld innhaldet. Og der som ein skal vita kva ein skule er, må ein sjå på innhaldet. Vi treng reformer innan det vidaregåande skuleverket vårt, verkelege reformer. Formalreformer med negative følgjer har vi liten bruk for. Mange som dagleg har sitt virkefelt i skulen, har vist frå seg denne lova. Politikarane våre – med få og heiderlege unnatak – klamrar seg til ho. Kvifor?

Vi ynskjer ikkje å godta den skuleutviklinga som Bratteli-proposisjonen legg opp til. Det er ikkje dei som har si daglege verksemd i gymnaset som står bak «reforma». Det er ikkje voner om nokon betre gymnaskvardag vi får ved å lesa denne lova. Lova manglar perspektiv, mang lar viljen til eit betre gymnas. Reformer i gymnaset er i høg grad ynskjelege og naudsynte, men det er umogeleg å godta skinreformer som vil setja elev- og lærar grupper i ein vanskeleg situasjon.

Presentasjon av forfattaren

 Harald Stanghelle er atten år og tillitsmann i Norges Gymnasiastsamband. I denne artikkelen går han til åtak på den gymnaslova Stortinget straks skal vedta eller forkasta. Lova er korkje radikal eller demokratisk, seier han, og denne gongen er det for enkelt å stempla motstandarane som reaksjo nære. No må skulens folk læra av feila sine, og ikkje gjera om att feila ein gjorde då ein bygde opp ungdoms skulen, seier Stanghelle.

Artikkelen var trykt i Syn og Segn 4/1974.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar