Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Ny utgåve av Syn og Segn

«Den største løgna er ikkje den du fortel til andre. Det er den du fortel til deg sjølv». Dette skriv Lars Akerhaug, tidlegare redaksjonssjef i den islam- og innvandringsfiendtlege nettavisa Resett i den nye utgåva av Syn og Segn som akkurat har kome frå trykkeriet. Temaet denne gongen er sanning og løgn. Akerhaug fortel om sin veg til Resett, og om vegen ut att.

Doktorgradsstipendiat Marthe Elden Wilhelmsen skriv om klimaskepsis og sanning i ein tekst som handlar om fakta, alternative fakta og om alternative oppfatningar av verkelegheita.

Maksym Sytnikov frå ukrainsk PEN fortel om sitt arbeid for å sikre at pressa kan rapportere fritt frå krigen i Ukraina.   

Maria Parr. Foto: Agnete Brun

Maria Parr vart kjent for bøkene Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. No skriv ho eit essay om kva historier som er viktige å fortelje og kva som eigentleg er verd å skrive om.

I teksten Å lese Vesaas i Paris fortel forfattar og litteraturkritikar Margunn Vikingstad om korleis Tarjei Vesaas vart eit stort namn i Frankrike. Utan å røpe for mykje kan det nemnast at Jon Fosse spelte ei nøkkelrolle.

Mette Karlsvik skriv om korleis ho vart hovudstups forelska i forfattarskapen til årets nobelprisvinnar Annie Ernaux.

Ingrid Senje svarar på eit spørsmål ho har fått litt for mange gongar etter at ho debuterte med novellesamlinga Stupeteknikk i 2021;  om kvifor ho eigentleg skriv noveller når ein jo faktisk kan skrive romanar.

Tharaniga Rajah, forfattar av dystopiske framtidsromanen Det er lenge til skumring, skriv om kva som gjekk skeis i diskusjonen om såkalla litterære sensitivitetslesarar tidleg i haust. Det handlar om litteratur, sensur og om kunnskap. Rajahs tekst stod også på trykk i Klassekampen sist helg. 

«Eg ynskte ikkje at syster mi skulle døy, men eg ønskte sterkt ein slutt på det», skriv læraren Eivind Ødegård. Han fortel om kva han lærte av å leve med ei søster som var narkoman. Det er blitt eit eineståande essay om kva det kostar å vere tett på personar som slit med rusmisbruk. Ødegård skildrar ambivalens, avmakt, sorg og skam. Tittelen på Ødegårds tekst er «Når døden er ei frigjering».   

Har du spørsmål om det nye Syn og Segn?

Ta kontakt med astrid@synogsegn.no

Tlf: 91809653

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar