Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Ny utgåve av Syn og Segn

Denne gongen handlar det om Ukraina og Russland. Den ukrainske poeten Ljuba Jakimtsjuk tar lesarane med inn i bustadhusa i Kyiv, medan bombene regnar over byen og fortel om korleis det kjenst å plutseleg vere eit mål i ein angrepskrig.  

Ljuba Jakimtsjuk (Lyuba Yakimchuk) er elles eit namn å følgje med på. I USA har ho gjort suksess med diktsamlinga Apricots of the Donbas (University of Washington Press 2021 ). I april las Jakimtsjuk eigne dikt under Grammy-utdelinga. 

Ljuba Jakimtsjuk er jorunalist og poet frå Donbas i Ukraina. Foto: Dirk Skiba

I artikkelen På sporet av Vladimir Putins verdsbilete skriv Russlandskjennar Kåre Johan Mjør om korleis Vladimir Putin brukar historia instrumentelt for å rettferdiggjere eigne geopolitiske ambisjonar.  

Ingunn Lunde, som er professor i russisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen, gjer eit djupdykk i forfattarskapen til Guzel Jakhina og Sergej Lebedev. Ho fortel også om kvifor russiske samtidsforfattarar aldri slepp unna fortida.

Darya Shut på markering for Belarus framfor Stortinget. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Den belarussiske demokratiforkjemparen Darya Shut voks opp med ein far som var politisk dissident. I Syn og Segn fortel ho om vegen frå å skamme seg over sin eigen familie, slik ho gjorde då ho var barn, til å bli  ein av dei aller mest aktive i det belarussiske eksilmiljøet i Noreg.  

Syn og Segn kastar seg også inn i 125-årsfeiringa av Tarjei Vesaas. Nordiskprofessor Benedikt Jager fortel historia om korleis Vesaas endeleg slo gjennom i Tyskland, vel femti år etter første forsøk.

Journalisten Eva Marie Bulai skriv om verdien av tillit og gjer eit djupdykk i rumensk politisk kultur.  

Syn og Segn 2-2022 har også ei ny diktspalte redigert av poeten Martin Ingebrigtsen. Første poet ut er Kaisa Aglen. Karl Egil Johansen analyserer fråhaldsrørsla sin veg frå å vere den sterkaste folkerørsla i Noreg til å bli marginalisert. Journalisten Per Emil Skjelbred skriv om den tyske politikaren Sarah Wagenknecht og hennar retoriske felttog mot den liberale venstresida. Vi trykker også intervju med forfattaren Erika Fatland, Øyvind Nordsletten, som er tidlegare norsk ambassadør i Russland og Ukraina, journalist og Russlandskjennar Amund Trellevik og Helsingforskomiteens Russlandsekspert Lene Wetteland.

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar