Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

På sporet av Vladimir Putins verdsbilde

Geopolitiske ambisjonar og tusen år med historie. Kva har Vladimir Putin eigentleg sagt om Russland, Ukraina, Vesten og verda?

Av Kåre Johan Mjør

I forkant av invasjonen, 21. februar 2022, anerkjende president Vladimir Putin sjølvstendet til «folkerepublikkane» Luhansk og Donetsk i Ukraina. Anerkjenninga blei akkompagnert av ein lang fjernsynstale om Ukraina. Til liks med talen han heldt då Krim vart annektert i 2014, gjekk Putin rett til historia, eller det som er hans versjon av henne: Ukraina er konstruert av russarar, særleg av Lenin og bolsjevikane, men sidan 1991 har det «russofobiske» Ukraina vendt det «hjelpsame» Russland ryggen. Ukraina er no lite anna enn ein arena for fiendslege vestmakter, der det overordna målet er å «halda Russland tilbake». Som stat er Ukraina fullstendig mislukka og har dessutan inga eiga historie.[1]

Putin opptrer gjerne som ein politisk tenkjar.

Sjølv for oss som kjenner måten Putin vanlegvis uttrykkjer seg på, var den aggressive tonen sjokkerande, og representerte ein uvanleg konfronterande framstøyt sjølv til han å vera. Krigserklæringa og utsegner i første fase av krigen gjekk endå eit steg vidare: Ukraina er styrt av ein «junta» som ikkje berre er nazistisk, men også ein gjeng «narkotikamisbrukarar». Fleire ekspertar meiner Putin står fram som meir irrasjonell enn tidlegare.[2]

Putin som politisk tenkjar

Korleis ei så nedlatande haldning til nabolandet skal få Ukraina til nokon gong å opna seg mot Russland, er ei gåte. Etter invasjonen er det blitt umogleg. Samstundes var hovudsynspunkta til Putin i februar 2022 eigentleg ikkje nye. Denne artikkelen tek eit steg attende i tid og undersøker kva Putin har sagt tidlegare om Ukraina og om Russland i verda.

Som «politisk tenking» er dette magre saker.

Desse utsegnene er kjelde til det verdsbildet Kreml ønskjer å kommunisera. Putin opptrer gjerne som ein politisk tenkjar, særleg i form av artiklar i eige namn, sjølv om vi må rekna med at fleire skribentar har vore inne i bildet. Det er alltids lett å innvenda at som «politisk tenking» er dette magre saker. Men det er tvillaust ytringar som blir lytta til, analyserte og responderte på. Nytt i seinare tid er at han har teke på seg rolla som historikar også – han viser gjerne til informasjon han har «frå arkiva». Før vi ser på nyare tekstar, kan det vera nyttig med eit gjensyn med nokre klassiske Putin-ytringar.

Draumen om ei stormakt i ei multipolar verd

I 1999, i det han overtok presidentembetet, kom den første artikkelen i Putins namn: «Russland på terskelen til eit tusenår».[3] Her presenterte han det han meinte var «tradisjonelle verdiar for russarar», og ein av dei var Russland som stormaktderzjava. Og «geopolitikk» er eitt av områda der dette kjem til uttrykk: Russland forsvarer eigen tryggleik og interesser internasjonalt. Forskarar og kommentatorar har i grunnen vore nokså samde i om at det postsovjetiske Russland knappast kan kallast ei reell stormakt, og i alle fall ikkje på dette tidspunktet.[4] Men den nye presidenten la dette fram som ein verdi.

Ei av Putins mest kjende utsegner fall i 2005 under den årlege talen til parlamentet, der han omtalte Sovjetunionens kollaps som «ein av dei største geopolitiske katastrofane i det tjuande hundreåret».[5] Det han særleg viste til i så måte, var dei 25 millionar etniske russarar som brått budde i nye statar, som mange av dei neppe opplevde som heimlandet sitt. Men det hadde også endå større dimensjonar, ikkje minst territoriale. Det var trass alt ein «geopolitisk katastrofe». Ein konkret ting han nemnde, var «Khasavjurt-kapitulasjonen», altså avtalen som avslutta den første Tsjetsjenia-krigen og innebar at føderale styrkar måtte trekka seg ut av den tsjetsjenske republikken. Putins første politiske prosjekt var ei gjenerobring og reintegrering av Tsjetsjenia, og i 2005 var i alle fall offisielt den andre Tsjetsjenia-krigen for lengst over.

Vladimir Putin på tryggingskonferansen i München 2007. Foto: Antje Wildgrube/ Wikimedia commons

Ein annan berømt tale er den Putin heldt på tryggingskonferansen i München i 2007, der han fritt og freidig skulda særleg USA for å tre over grensene sine, både i geografisk forstand og ved å tvinga eigne normer på andre, utan vørdnad for internasjonal rett.[6] Verda har blitt «unipolar», men Putins spådom var at verda i stadig større grad er i ferd med å bli «multipolar» – og at det var ei sunn utvikling. Putins USA-kritikk var ikkje ulik den ein har kunna høyra i Vesten, særleg i kjølvatnet av Irak-invasjonen. Det er likevel viktig å merka seg konklusjonen til Putin: Russland har ei «tusenårig historie» og dermed det privilegiet å kunna føra ein «uavhengig utanrikspolitikk». Kommentatorar har, med ein viss ironi, karakterisert denne talen som det postsovjetiske Russlands «sjølvstendeerklæring».[7] I München såg Putin tilbake til den kalde krigen som norm for ein balanse mellom fleire hegemoniske polar. I 2020 kom dette endå klarare til uttrykk.

Tilbake til Jalta

18. juni 2020 publiserte det amerikanske konservative tidsskriftet The National Interest ein artikkel i Putins namn: «Dei sanne lærdommane av 75-årsjubileet for den andre verdskrigen».[8] Størstedelen av artikkelen handlar om kva som «eigentleg» skjedde i perioden før krigsutbrotet. Han er framprovosert av ei fråsegn frå EU-parlamentet i 2019, som fordelte skulda for krigen mellom Nazi-Tyskland og Sovjetunionen. Putin på si side forklarer krigen med den nasjonale audmjukinga av Tyskland etter første verdskrigen. At audmjuking skaper krigsfare, er lett å lesa som ei skildring av dagens situasjon, der mange – Putin inkludert – hevdar at Russland har blitt «audmjuka» etter den kalde krigens slutt.

Det var trass alt ein «geopolitisk katastrofe».

Artikkelen i National interest brukar mykje plass på å rettferdiggjera ikkjeåtakspakta med Tyskland, og Putin har ikkje uventa fått kritikk for alt han ikkje kjem inn på i denne samanhengen – framfor alt alle overgrepa i kjølvatnet av den sovjetiske invasjonen av Aaust-Polen.[9] Men teksten handlar ikkje berre om det som Putin og Kreml meiner er den historiske sanninga. Sentralt i artikkelens tittel står omgrepet «lærdommar». Éin lærdom er å ikkje dela opp stormakter etter «kunstige grenser», noko som ifølgje Putin skjedde både med Habsburgimperiet og Det russiske imperiet etter den første verdskrigen. I begge tilfelle brukar han metaforen «tidsinnstilt bombe»: Nnye inndelingar bar i seg nye konfliktar og trugsmål. Sovjetunionens oppløysing blir for Putin ei stadfesting av dette.

På den andre sida hadde Sovjetunionen også ein annan dimensjon. Medan radikalismen til dei revolusjonære bolsjevikane (Lenin & co.) gjorde narr av nasjonale tradisjonar og stod for full omvelting, viste andre verdskrigen at sanne patriotiske verdiar hadde overlevd. Russland gjekk ikkje under med revolusjonen, tvert om. Men grensene frå 1920-talet står framleis for Putin som amputasjonar av det som eigentleg er russisk territorium.

Putins første politiske prosjekt var ei gjenerobring og reintegrering av Tsjetsjenia.

Den andre viktige «lærdommen», som særleg er viktig i denne samanhengen der Putin skriv for eit internasjonalt publikum, handlar om internasjonalt samarbeid. Putin understrekar naturleg nok at Sovjetunionens innsats under andre verdskrigen var avgjerande, men han framhevar også at sigeren var eit kollektivt prosjekt der ei rekkje nasjonar bidrog på ulike flankar. Og ut av dette vaks stormaktsalliansen som blei stadfesta på konferansar i Teheran, Jalta, San Francisco og Potsdam. Sentralt her står The Big Three: Sovjetunionen, Storbritannia og USA. Det systemet dei etablerte, «la grunnlaget for ei verd som i 75 år var utan nokon global krig, trass i skarpe motsetnader».

Ukraina har ei særstilling i Vladimir Putins tolking av russisk historie. Foto: Marjan Blan/Unsplash

Denne maktbalansen blei institusjonalisert gjennom Tryggingsrådet. Putin nemner eksplisitt vetoretten som det som sikrar denne balansen og hindrar direkte konfrontasjon. Motsatsen til dette er det gamle Folkeforbundet i mellomkrigstida, som han innleiingsvis skildrar som eit handlingslamma organ. Å fjerna vetoretten, slik nokre ønskjer, vil vera å føra verda attende til mellomkrigstidas kaos, hevdar Putin. Russland har elles nytta vetoretten særs aktivt det siste tiåret, i spørsmål om Ukraina og Syria,[10] og vi kan forventa at landet vil gjera det framover også, i samband med invasjonen av Ukraina.

Vetoretten i Tryggingsrådet er viktig for Russland fordi han er ein av dei få institutta som sanksjonerer ei stormaktsrolle. Til generalforsamlinga i 2015 sa Putin at «Jalta-systemet» hadde stabilisert verda etter 1945. Etter den kalde krigen er dette ei utsegn som har normative implikasjonar. Å halda fast ved rolla ein av «dei store tre» har vore eit utanrikspolitisk mål for Putin.[11] Kva då med dei som ligg «mellom», som Ukraina?

Vi er eitt folk

Artikkelen «Om den historiske einskapen mellom russarar og ukrainarar» blei publisert på Kremls heimeside 12. juli 2021, og er presentert som ein oppfølgjar til ein merknad Putin kom med under den årlege «direkte linje»-seansen like i førevegen, der han sa at «russarar og ukrainarar er eitt folk, eitt heile».[12] Artikkelen er ein etter måten lang gjennomgang av russisk-ukrainsk historie, der vekta ligg på dei venskaplege sambanda – og på det som trugar. Historia hans byrjar den gongen det ikkje fanst noko skilje, i fyrstedømet Kyiv for over 1000 år sidan. Kyiv er «alle russiske byars mor», ei utsegn han også kom med under den berømte Krimtalen i samband med annekteringa 18. mars 2014. Artikkelen er på eitt plan ei utdjuping av fleire poeng frå den gongen. Oppfatninga hans av Ukraina står fast.

I Putins forteljing blei det historiske fellesskapet snart splitta opp, men Moskva skulle sidan bli eit «sentrum for gjenforeininga». Ukraina låg lenge under naboar i vest, men kampen for «frigjering» fekk sitt første resultat i 1654 då kosakkane ved Dnepr svor eid til tsaren. I slike formuleringar er ukrainarar framstilte med vilje til hopehav med Moskva (Russland), til å «venda tilbake». Men eit slåande trekk ved Putins tekst er at ukrainarane i liten grad er framstilte med eigen vilje til noko anna. Når Ukraina har vendt seg bort frå Russland, er det først og fremst andre som står bak, om enn godt støtta av høgreradikale eller svikarar – frå Ivan Mazepa under Peter den store via Symon Petljura under borgarkrigen til nazi-kollaboratøren Stepan Bandera.

Grensene frå 1920-talet står framleis for Putin som amputasjonar av det som eigentleg er russisk territorium.

Premissen her synest å vera at dersom Ukraina ikkje søker seg mot Russland, blir landet ufråvikeleg ein arena for andre krefter lenger vest. Her skin eit unekteleg konspirativt verdsbilde gjennom. Det vitnar også om eit underliggande syn på verda der stormakter med sine interessesfærar er dei reelle aktørane, sjølv om han ikkje nyttar omgrep som «stormakt» og «interessesfære» i denne teksten. Ukraina er meir enn ein interessesfære, det er del av den russiske verda.

Er historia til Putin om russo-ukrainsk hopehav berre harmonisk? Vel, han påstår sjølv at han «ikkje idealiserer», og nemner Valujevsirkularet frå 1863 og Emsdekretet frå 1876, vedtak som la klare restriksjonar på bruken av ukrainsk i Det russiske imperiet. Men også her må ein ta omsyn til den «historiske konteksten», heiter det vidare, der leiarar av den polske nasjonalrørsla ville utnytta «det ukrainske spørsmålet». «Historisk kontekst» blir her eit selektivt omgrep: Putin nemner ikkje den sterke antipolske stemninga i russisk ålmente på 1800-talet, som særleg blei sterk etter oppstanden i 1863. I staden fortel han at «mellom den polske eliten og nokre delar av den veslerussiske intelligentsiaen oppstod og styrktea det seg førestiellingar om eit ukrainsk folk som er skildt frå det russiske». Og det var den polske eliten som først og fremst stod bak.

Kva vil Putin?

På den eine sida fremjar Putin eit krav om å justera grensene mellom Ukraina og Russland: «Ein skal ikkje ta med seg meir når ein går enn ein hadde med seg då ein kom», seier han til ukrainarane. Ut frå dette kan konflikten mellom Ukraina og Russland løysast gjennom nye, meir «korrekte» grensedragingar, som nullstiller bolsjevikane si «manipulering med territorium» på 1920-talet. Sjølv om konflikten i Donbas ikkje blir nemnd, er det nærliggande å lesa dette som ei legitimering av ei eventuell annektering, som i tilfellet Krim, eller ei anerkjenning, som i utgangspunktet var det som skjedde 22. februar. Men samstundes vil jo dette innebera ei anerkjenning av eit fullt ut sjølvstendig Ukraina – med justerte grenser.

Vetoretten i Tryggingsrådet er viktig for Russland.

For på den andre sida, og dette gjer eigentleg heile grenseproblematikken irrelevant, høyrer dei to landa for Putin saman – dei er «eitt folk». Slutten av artikkelen seier at Ukraina på nytt er dregen inn i eit storpolitisk spel som har gjort landet til ein «barriere» mellom Europa og Russland, der «bestillarane» i 2014 utnytta ukrainsk misnøye, medan radikale nasjonalistar støtta dei med «russofobien» sin. Men dersom dei to landa har så mykje felles, korleis kan då det å skapa ein «etnisk rein ukrainsk stat», sjølv om han aldri så mykje er «aggressiv mot Russland», samanliknast med «bruk av masseøydeleggingsvåpen»? Putin stadfestar med dette – tilsynelatande i strid med eigen intensjon – at dei to folka knapt kan kallast «eitt». Med mindre han då meiner at ukrainarar berre kan finna tilbake til sitt sanne sjølv ved å venda seg mot Russland og legga vekk heile tanken om Ukraina som ein eigen nasjon. Han avviser ikkje berre eit «anti-russisk» Ukraina, han avviser i praksis heile ideen om Ukraina.

Oppløysinga av Sovjetunionen var etter Vladimir Putins syn ein geopolitisk katastrofe. Foto: Egor Myznik/Unsplash

Nasjon, imperium og stormakt

At Russlands naboland sikrar eigen suverenitet ved å knyta seg til Russland, er eit synspunkt som har vore formulert mange gonger i det postsovjetiske Russland – no også av presidenten.[13] «I det nye anti-russiske prosjektet er det ikkje plass for eit suverent Ukraina, så vel som for dei politiske kreftene som freistar å forsvara landets reelle sjølvstende.» Putins konklusjon blir dermed at Ukraina berre kan sikra sin eigen, «genuine suverenitet» i partnarskap med Russland. Elles blir landet eit «gissel for ein annans geopolitiske vilje».

Dette konspiratoriske verdsbildet vitnar eigentleg om ei djup kjensle av utryggleik.

Som sagt har ukrainarar i Putins framstilling ingen eigen subjektivitet eller vilje, i alle fall ikkje så lenge denne er ein annan enn Russlands. Dei har for det meste vore brikker i spelet til andre stormakter. Dette konspiratoriske verdsbildet vitnar eigentleg om ei djup kjensle av utryggleik, noko kommentatorar har peika på i lengre tid.[14] Med utryggleik siktar eg ikkje til spørsmålet om Nato-utviding austover og eit eventuelt ukrainsk medlemskap. Russland har alt lenge grensa til Nato-land. Eg siktar snarare til at landet definerer seg sjølv ved hjelp av nabostatar, og då særleg Ukraina. Harvard-professoren Serhii Plokhy har hevda at Russland har utvikla eit nasjonsprosjekt som har gjort seg avhengig av landområda rundt, framfor alt Ukraina. Og når Ukraina vender seg bort, blir det heile eit lost kingdom.[15]

Kreml har lenge søkt ut over landegrensene og inn i det som høyrde til imperiet, for å visa kven dei er. Krigen no er dermed ein kulminasjon av ein russisk nasjonalisme som har blitt imperialistisk. Som Putin skreiv i 1999: For Russland er det avgjerande å vera ei stormakt. I 2022 har han gått til krig for å demonstrera dette.

Kåre Johan Mjør (f. 1973) er førstelektor i russisk ved Universitetet i Bergen og førstebibliotekar ved Høgskulen på Vestlandet. Han har doktorgrad i russisk og har forska på Russland og russisk idéhistorie gjennom fleire år. Han har mellom anna gjeve ut boka Russiske imperium (2017).

Foto oppe: Don Fontijn/ Unsplash

Notar


[1] Vladimir Putin, «Obrasjtsjenije Prezidenta Rossijskoj Federatsii», 21. februar 2022, http://kremlin.ru/events/president/news/67828.

[2] «Eksperter om Putin: Fremstår hevnlysten og emosjonell», VG, 26. februar 2022, https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/g6Q5ML/eksperter-om-putin-fremstaar-hevnlysten-og-emosjonell

[3] Vladimir Putin, «Rossija na rubezje tysjatsjeletij», Nezavisimaja gazeta, 30. dDesember 1999.

[4] Sjå t.d. Brian Taylor, The Code of Putinism (Oxford: Oxford University Press, 2018), s. 166–194.

[5] Vladimir Putin, «Poslanije Prezidenta Federal’nomu Sobraniju», 25. mars 2005, http://kremlin.ru/events/president/transcripts/22931.

[6] Vladimir Putin, «Vystuplenije i diskussija na Mjunkhenskoj konferentsii po voprosam politiki i bezopasnosti», 10. februar 2007, http://kremlin.ru/events/president/transcripts/24034.

[7] Ivan Krastev og Stephen Holmes, The Light that Failed: A Reckoning (London: Penguin, 2019), s. 88.

[8] Vladimir Putin, «The Real Lessons of the 75th Anniversary of World War II», The National Interest, 18. juni 2020, https://nationalinterest.org/feature/vladimir-putin-real-lessons-75th-anniversary-world-war-ii-162982.

[9] Sjå Sven Holtsmark, «Putins flik av sannheten», Aftenposten,8. juli 2020.

[10] Geir Flikke, «Russia Challenges the West: 2014–2018», Den norske atlanterhavskomite: Security Policy Library 1-2018.

[11] Taylor, The Code of Putinism, s. 191.

[12] Vladimir Putin, «Ob istoritsjeskom jedinstve russkikh i ukraintsev», 12. Julijuli, 2021, http://kremlin.ru/events/president/news/66181.

[13] Sjå elles Kåre Johan Mjør, Russiske imperium (Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2017), s. 315.

[14] Sjå t.d. Mark Galeotti, We need to talk about Putin (London: Penguin, 2019), s. 50.

[15] Serhii Plokhy, Lost Kingdom: A History of Russian Nationalism from Ivan the Great to Vladimir Putin (London: Penguin, 2017).

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar