Den mest effektive løgna er ikkje den du fortel til andre. Det er den løgna du fortel til deg sjølv.
Av Lars Akerhaug
Eg byrja som redaksjonssjef i den innvandringskritiske publikasjonen Resett, som nok er Noregs mest omstridde nettstad, i januar 2019. Redaktør Helge Lurås var blant anna kjend for å ha hevda at kvinner i Forsvaret var eit problem. Nettstaden hadde dårleg rykte etter kommentarfelt med grov hets av den norsk-somaliske diktaren og samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali.
Eg var i ferd med å grava meg ned i eit mørkt hol, vel vitande om kva eg gjorde. Men eg laug til meg sjølv og sa at det kunne gå bra. Eg tenkte på pengane som ville koma inn på bankkontoen kvar månad. Drøymde om korleis det kunne bli, såg vekk frå alle dei raude lampane som blinka. Lukka auga og tok steget.
Før dette hadde eg, oppglødd av den amerikanske høgrepopulistiske demagogen Steve Bannon, gjort det til ein vane å studera karismatiske politikarar og profilar av folk på den innvandringskritiske høgresida.
Eg var i ferd med å grava meg ned i eit mørkt hol, vel vitande om kva eg gjorde. Men eg laug til meg sjølv og sa at det kunne gå bra.
Bannon, tidlegare Breitbart-redaktør og rådgivar for Donald Trump, var kjent for å granska politikarar på folkemøte. Ikkje for å høyra på kva dei sa. Det visste han stort sett på førehand. Han ville sjå korleis tilhøyrarane reagerte. Eg byrja å gjera det same. På sosiale medium og i røynda. Det var ein grunnleggande og enkel ting som slo meg. Det verka som om dei som trefte segmentet sinte, kvite menn, hadde ein ting til felles. Dei trudde fullt og heilt på seg sjølv og det dei sa. Når dei sa at Sverige var i ferd med å verta ein islamsk stat, eller at muslimar ville innføra sharia i Noreg, svelgde tilhøyrarane agnet med sluk og snøre. Sjølv om det var ei løgn.
Utan nyansar
Eg visste det jo eigentleg frå før. Då eg debuterte i 2013 med sakprosaboka Norsk jihad, hadde eg merka meg at boka vekte lite interesse blant dei ytterleggåande innvandringskritikarane. Eg var for nyansert og skreiv om eit lite miljø, ikkje om dei breie lag av muslimar i Noreg.
Boka til Hege Storhaug, Islam – den 11. landeplage var full av faktafeil, tendensiøse framstillingar og sveipande generaliseringar. Den trefte mykje betre. Det trur eg var fordi Storhaug sjølv delte lesarane si frykt for islam. Det var ikkje rom for atterhald, ho snakka til dei som hadde slukt førestillinga om islam som ein trussel mot vestleg sivilisasjon.
Storhaug hadde skrive om negative erfaringar med islam og æreskultur heile livet. Sjølv hadde eg eit annleis utgangspunkt. Eg voks opp i en SV-heim og hadde bakgrunn frå ytre venstre. Eg var med på opptøyar under internasjonale toppmøte og var i gateslag med nynazistar i gatene i Oslo. Eg hadde også studert arabisk i Damaskus og Kairo, sovna og vakna til lyden frå minaretane. Islam var ikkje framand for meg og heller ikkje skremmande, sjølv om eg med tida hadde vorte bekymra for trekk ved politisk islam, og særleg korleis det manifesterte seg i vestlege samfunn.
Denne erkjenninga fekk meg til å leita etter ein ny identitet og noko å tru på. Eg enda med å skriva bøker om radikal islam. Eg vart ein del av eit miljø med innvandringskritiske røyster som hadde ein annan og meir akademisk bakgrunn enn politikarar frå Frp og sinte folk i kommentarfelta. Eg var på jakt etter noko å tru på og overtala meg sjølv til å tru at innvandringa var den store saka som ville avgjera framtida til Noreg.
Men inn i debatten om islam hadde eg med meg ein ambivalens. For eg kjente jo ikkje berre til undertrykkinga i muslimske samfunn, men også til varmen og omtanken eg hadde møtt i land som Syria og Egypt. Det var noko heilt anna enn kalde Noreg. Når politikarar som Sylvi Listhaug snakka om norsk kultur som betre enn andre, lukka eg øyra og prøvde å ignorera kva ho sa. Eg visste jo at ho tok feil. Men eg heldt kjeft. Tenkte at slik dumskap måtte eg tola. Saka var viktigare.
Å ta regien
Å verta redaksjonssjef i Resett vart difor freistande, av di eg følte på ein avstand til den såkalla «anstendige» høgresida, dei som ikkje snakka om innvandring utan først å seia «eg er ikkje rasist, men …». Dei ville vera grøne og inkluderande. Alt det dei konservative ikkje er.
Samstundes hadde eg eit ynske om regi, kall det gjerne ei form for stormannsgalskap. Skjønte at eg ikkje kunne vera han som erobra scenen, men eg kunne trekka i trådane. Som ein norsk Steve Bannon. Breitbart hadde fått Trump til makta, Resett skulle få Listhaug og Senterpartiet til makta.
Eg tenkte at om nokon år kunne det verta ei ny høgreside, der konservative krafter i Senterpartiet, saman med FrP, kunne trekka Høgre i ei mindre liberal retning. Eg var fullt klar over at det ikkje var veldig sannsynleg. Men det var heller ikkje ein ynskjedraum utan rot i det verkelege livet. Sterke folk i Senterpartiet ynskjer nok inst inne å vera i regjering på blå side, særleg kretsen rundt nestleiar Ola Borten Moe. Og det var folk i kretsen rundt Trygve Slagsvold Vedum som hadde kontakt med Resett.
Eg skjøna fort at det me gjorde i Resett, ikkje dreidde seg så mykje om å slå inn poenga med hammar.
Slik eg såg det, var det avgjerande viktig at høgresida og delar av sentrum måtte vinnast for ein restriktiv innvandrings- og asylpolitikk. Eg var overtydd om at for å vinna fram måtte me dyrka fram politikarar og folk med utestemme, for å tvinga fram naudsynte debattar og avklaringar. Flyktningkrisa i 2015 og debatten som fylgde, hadde synt at når saka blei sett på spissen, gjekk folk til ytterkantane.
Og inst inne var eg kanskje berre guten med fyrstikkene. Han som ville sjå at noko tok fyr.
Eit våpen
Eg ville gjera Resett til eit politisk våpen, som, brukt rett, kunne ta regi over det eg meinte var naudsynte debattar. Då måtte eg endra nettstaden slik at han vart mindre amatørmessig og meir profesjonell. Då eg kom inn i Resett, var publikasjonen prega av at ingen hadde noka erfaring frå media. Redaktør Helge Lurås hadde arbeidd med analyse og hadde null erfaring frå aviser. Det var ingen rutinar for å diskutera saker eller mediebilete. I praksis var det eit skribentkollektiv som pøste ut klippsaker basert på ting ein hadde snappa opp i andre medium.
Noko kunne eg gjera noko med, andre ting var det vanskeleg å få endra. Likevel sa eg til meg sjølv at om eg berre gav det litt tid, kunne det verta bra. I praksis grov eg meg berre lenger og lenger ned i det mørke holet.
Den mest effektive løgna er ikkje den du fortel til andre. Det er løgna du fortel deg sjølv. Som at du må lyga for ei større sak.
Eg skjøna fort at det me gjorde i Resett, ikkje dreidde seg så mykje om å slå inn poenga med hammar, men å skapa ei selektiv forståing av røynda. Eit døme på dette er ei sak eg skreiv om Ikea.
«Ikea avlyser ‘julehandelen’ – tilbyr vintervarer», stod det i Resett 30. oktober 2019. «Julesesongens varer har fått nye navn hos Ikea, ‘julefeiring’ har blitt forkasta til fordel for ‘vinterfest’», stod det artikkelen. I ein relativt dempa tone fortalde artikkelen om korleis nokre varer hadde fått mindre julete namn.
Saka vart avslutta med det som eigentleg var ei faktaopplysning, men som i ei breiare forteljing skulle minna lesaren om kva artikkelen eigentleg handla om, at Ikea tilpassa seg islamsk dominans.
«Den svenske møbelgiganten er kjent for å gi de ansatte mulighet til å be i arbeidstida og har flere ganger trukket tilbake matretter som inneholder svinekjøtt fra sine restauranter.» Dette var sant, men samtidig ikkje ei opplysning som hadde noko med saka å gjera. Ho var der for å skapa eit inntrykk.
Fungerte etter oppskrifta
Det var ikkje hokus pokus. Lesarane visste korleis artikkelen var meint å bli lesen.
«Då er det berre å avlysa julehandelen hos Ikea», skreiv ein lesar på Facebook.
«Avskyelig og fullstendig latterleg av Ikea», skreiv ein annan.
Eg visste godt kor dumt det var. Tarveleg retorikk. Alle kjenner til pute-tv. Dette var ei form for pute-journalistikk. Av den flauaste sorten. Samstundes såg eg det som naudsynt. Eg ville slå ein kile inn i den liberale høgresida. Og det fungerte etter oppskrifta.
Saka vart stempla som «delvis feil» av Faktisk.no: «Fleire påstår at Ikea har døypt om jula til ‘vinterfest’. Det finst ei rekke julerelaterte produkt hos Ikea, og mange av dei har ‘jul’ i namnet.»
Innhaldet vart også merkt som «delvis feil» på Facebook. Det var ei gåvepakke. Då kunne me slå attende. Faktisk.no var ein heilt perfekt fiende. For mange på høgresida verkar nettavisa som ein autoritær sanningsforvaltar, på vegner av etablerte medium og mediegigantar som Facebook. Lesarane elska det når me vart angripne av institusjonar som desse. For dei var dette eit synleg prov på korleis dei politisk korrekte, etablerte media gjorde det dei kunne for å undertrykka sanninga. Det følgde ein klassisk manual, der me først gjekk hardt til åtak og deretter stod fram som offer når me fekk kritikk.
Tvil er kryptonitt for den populistiske høgresida.
Fake it till you make it er eit vanleg sjølvhjelpsråd. Skal du bli sprek, ta på deg joggesko og byt til treningstøy når du kjem heim. Då vert lysta til å koma seg ut og vekk frå sofaen større. Eg skulle verta ein profesjonell høgrepopulist. Då er det ikkje nok å vera kynisk. Du må øva deg på å nytta uterøysta di og på å vera sint. Alt dette kan trenast, og eg skulle få god øving. Om du let overtydingas kraft ta deg, vert det ei superkraft som skaper klikk, delingar og oppslutnad i val.
Men ho er også sårbar. For om driven din vert lunken, døyr ho. Det finst ikkje noko rom for ambivalens. Tvil er kryptonitt for den populistiske høgresida. Så eg freista å skru av. Det fekk meg til å gjera ting eg før ikkje hadde kunna førestilla meg.
Eg visste kva eg gjorde
Eit døme var ein kommentar eg skreiv om at metoo-saka i 2019 opna døra for Hadia Tajik som mogleg partileiar i Ap, om Støre ikkje vann valet i 2021. Saka var nøytral og dempa i forma og kunne like gjerne ha vore publisert i ei heilt vanleg avis. Eg tok ikkje stilling til Metoo-striden eller om Tajik ville ha vorte ein god Ap-leiar. Men eg visste kva eg gjorde. Kva reaksjonar saka ville få. Ho blei ei av dei mest lesne i historia til Resett. Det var full kok i kommentarfeltet.
«Ein muslim. Nei takk!»
«Forby islam i vårt land. Det er ein ideologi verre enn nazismen.»
«I et Norge uten indoktrinering ville ho for det første neppe ha vore her, og slett ikkje verte akseptert som leiar/nestleiar i et politisk parti.»
«I Noreg skal det vera ei etnisk norsk statsminister!!!!!»
«En muslimsk-statsminister vert aldri ei god statsminister her i Europa. Her må folket setje seg til motverge.»
«Ho må for all del ikkje bli statsminister for da går det fort med å få sharia lover inn på stortinget som den menige borger må bøya seg etter samstundes som eliten vil leva høgt på lidingane til folket.»
Det var ein cocktail av kynisme, sterk overtyding og ei destruktiv kraft inni meg.
Resett vart ein trykkokar for rasistiske haldningar. Desse nettstadene eksisterer i ein slags symbiose. Ein gjev lesarane det dei vil ha, og dei reagerer i form av kommentarar, likes, delingar og ikkje minst donasjonar. Det er sjølvsagt ein negativ spiral. Og til skilnad frå politiske parti som FrP har du ikkje noko incentiv for å skyva dei mest ekstreme vekk frå deg. Mitt inntrykk var at det var denne gruppa som gav mest pengar.
Konspirasjonar og hatefulle folk
Igjen var det heilt etter boka, og eg hadde ikkje særskilt dårleg samvit. Slik eg såg det, var Hadia Tajik og Arbeidarpartiet del av ein elite i samfunnet som styrte landet i galen retning.
Det var kulturkrig på norsk. Det var ikkje vanskeleg. Jobben var å vera fyrbøtar på eit lokomotiv. Det gjaldt å skuffa på dei rette sakene, så gjekk toget av seg sjølv.
Det funka ganske bra ei stund. I 2019 var Resett på 6. plass på lista over Noregs mest delte nettstader. Langt betre tal enn då eg byrja i jobben. Det var ein suksess. Eg hadde skapt eit univers der røynda var heilt annleis enn det du las om i VG eller såg på Dagsrevyen.
Men det dukka opp eit ubehag nokre gonger. Det verste var nok då eg vart kjend med lesarar og sympatisørar. Rasistar, konspirasjonsteoretikarar og hatefulle folk. Eg freista å unnskylda dei. Eg framstilte lesarane våre som undertrykte. Marginaliserte. Folk som hadde meiningar som vart undertrykte. Men det var noko som ikkje trefte heilt. For gruppa som las Resett og heia på hatgrupper som Stopp Islamiseringen av Norge (SIAN), var ikkje fattige, ikkje underprivilegerte. Men dei var ofte ganske uvitande, godt vaksne og sinte. Mange hadde openbert vore gjennom livskriser og enda opp med å la seg oppsluka av debattar på Facebook.
Det var gode grunnar til at eg vart deprimert.
Ein av desse som i dag ikkje kan fatta kvifor eg ikkje lenger er opptatt av innvandring, greidde ut om korleis han tidlegare var i god form og sykla mykje. No sit han i timevis framfor ein skjerm og diskuterer. Han maktar ikkje å leggja det vekk.
Sjølvsagt hadde me mykje til felles, men det var ein intensitet hjå han som var framand for meg. Overtydinga hans verka manisk. Sjølv såg eg meg som kynisk. Han var frelst. Han hadde slukt Resett-pilla.
Det knytte seg i magen.
Tid for ambivalens
Eg byrja etter kvart å tenka på meg sjølv som ein slags advokat. Min jobb var å forsvara, snarare enn å selja ein bodskap.
Det svekte overtydingskrafta. Då flaumlyset rundt Resett forsvann som følge av koronakrisa, fekk eg tid til å tenka. Alt før pandemien hadde me heimekontor, men no vart det svært lite sosialt. På grunn av jobben hadde eg frå før mista mykje sosialt nettverk.
Men eg hadde flaks. Jævlig flaks. Eg vart kjend med nye menneske og nye miljø. Folk som stilte spørsmål og ikkje gav seg om eg svara med lettvinne løgner. Eg vart tvinga til å finna nye svar. Det var fint, men også jævlig ubehageleg. Det fekk meg til å føla at eg hadde grave meg ned i eit hol det ikkje var mogleg å koma opp frå. Eg hadde ikkje moglegheit til å finna anna arbeid og vart sjuk og alvorleg deprimert av det eg dreiv med.
Det var gode grunnar til at eg vart deprimert. Løysinga var ikkje å bli frisk frå sjukdommen, men å gjera noko med problemet.
Heile vaksenlivet hadde eg definert meg sjølv ut frå kva eg skreiv. No måtte eg freista finna ut kven eg var. Eigentleg. Det var ein ganske kjip prosess eg samtidig er svært takknemleg for å ha fått vera med på.
Eg byrja lesa igjen. Skjønnlitteratur. Det var som å verta saman med kjærasten frå ungdomsåra. Eg hadde slutta å lesa romanar som student og journalist, eg hadde overtydd meg sjølv om at røynda trumfa fiksjonen. Eg var van med å lesa sakprosa som bad lesaren ta stilling: Var hen einig eller ueinig med forfattaren? Hadde hen rett, eller tok hen feil? Men sanninga er ikkje alltid sakleg. Gjennom fiksjonen kan forfattaren ta seg fridommar den saklege skribenten må halda seg vekk frå.
Men i litteraturen, som på sett og vis er destillert løgn, fann eg noko som gav meg ei større erkjenning. Det handla sjølvsagt om at god litteratur risikerer noko, ved at vi blottlegg det menneskelege. Eitt døme er Karl Ove Knausgårds røyndomslitteratur. Den har fått mykje merksemd av di han skriv om personar det er lett å kjenna igjen. Men det som verka sterkast på meg, er alle dei fornedrande skildringane av han sjølv og eigne kjensler. For meg er det radikale hjå Knausgård ikkje at han utleverer andre, men at han vrenger seg sjølv som ein klut. Litteraturen utfordra meg. Eg kom inn i eit rom der Resett og innvandringsdebatten ikkje fanst. I etterkant ser eg at mykje av det eg dreiv med på denne tida, var ei flukt frå røynda.
Eg fann eit anna ideal: kompromisslaus ærlegheit.
Mange vil seia at ein ikkje skal flykta. Men om røynda er forferdeleg, er det rasjonelt å freista å koma seg vekk. Menneske blir gjerne åtvara mot brot og store endringar, men slike formaningar kjem gjerne frå folk som er redde for å ta risiko.
Mi flukt skapte eit rom der dei grandiose tankane eg hadde om meg sjølv, der tankane om kor viktig innvandring var, og at det difor var naudsynt å lyga for å oppnå noko, ikkje lenger tok ein like stor plass. Då vart det rett og slett veldig ubehageleg. Det drog meg inn i eit mørkt rom. Men det var noko av det beste som har skjedd meg.
For ut av det kom eg, ikkje som noko nytt og betre menneske – for me endrar oss eigentleg aldri –, men eg fann eit anna ideal: kompromisslaus ærlegheit. Mange likar det nok ikkje. Det kan eg leva fint med. Eg har nok med å prøva å lika meg sjølv.
Lars Akerhaug har studert arabisk ved Universitetet i Oslo, har budd i Syria og Egypt og har jobba som journalist i VG, Aftenposten og Minerva og som redaksjonssjef i Resett. I dag er han journalist i lokalavisa Raumnes.
Foto av Akerhaug: Siv Dolmen