Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Psykoanalyse

Sidan tidleg i 1890-åri, då Wien-lækjaren Sigmund Freud fyrste gongen gav ut skrifter um teoriane sine um sjukt og friskt sjeleliv, hev «psykoanalysen» gjenge gjenom ei rivande utvikling.

Av Karl Evang

I fyrstningi gav psykoanalysen seg berre ut for ein metode til å granska og ─ um so var ─ lækja ymse sinnslidingar som lækjarkunsti fyrr mesta ingi råd hadde visst med, fyrst og fremst hysteri og tvangsnevrose dei kallar. Denne serlege lækje-måten synte sers gode resultat, og det tydde på at den tolkingi av sjeletilgangane som måten bygde på, var inne på den rette vegen. Dei røynslone dei gjorde med pasientane, vart kjernen i vidare og vidare granskingar av normalt sinnsliv og med dei serlege psykoanalytiske granskingsmåtane. Etter kvart hev det soleis vakse fram ein heil psykologi, som i mange stykke skil seg frå den gamle psykologien, og som stort sét hev hevda seg godt mot han.

Tyngdepunkt

I denne vitskaplege psykologien ligg no tyngdepunktet i psykoanalysen; men i sjeldsynt stor mun hev psykoanalytikarane visst å føra inn grunn-synsmåtane sine i andre vitskapsgreiner med, og med rike resultat. Dei handsamar problem innanfor psykiatrien, kriminalistikken (granskingi av brotsmenn og brotsverk), pedagogikken, mytologien, sosialhygiena og den reine sosiologien. Psykoanalysen hev vorte ein ser-vitskap, med ein sers rik litteratur, fleire tidsskrifter, eit eige internasjonalt forlag osfr. Han byggjer i ein sjeldsynt mun på tankane åt ein einskild mann; Freud stend den dag i dag, trass sine 71 år, som føraren alle hyller. Nokre av læresveinane hans hev gjenge sine eigne vegar og hev slite lag, sume hev jamvel freista skipa «skular» sjølve; dei mest kjende av dei er Jung og Adler.

I utgreidingi her vil me leggja hovudtyngdi på den psykoanalytiske psykologien, d.v.s. læra um det normale menneskjelege sjelelivet, og berre so vidt snerta innpå synsmåtane um sinnslidingar og handsamingi av dei. Å ganga større inn på den medisinske sida av psykoanalysen vilde føra for langt, heller ikkje kann det interessera den store ålmenta, og dertil kunde det lett føra til grove mistydingar.

Den Freudske psykologien er éitt samanhangande system, endå det fulla ikkje er fullenda enno; det er likevel ein organisme som det er heilt upp vanskelegt å kløyva upp på ein måte som er lagleg for ei stutt skriftleg utgreiding. Utan å gjera altfor mykje vald på sanningi kann ein vel setja upp desse grunndragi:

1. Libido-teorien. ─ I nær samanheng med den:

2. Læra um høvet millom kynslivel, eg’et og eg-idealet.

3. Læra um det umedvitne.

Men det er ikkje nok å skildra desse grunndragi. Kvar mann bør vita, segjer Freud, at forståingi av psykoanalysen vil møta sterke fordomar i honom sjølv; stundom vil krefter som er sterkare enn hans eigen vilje til å forstå, nekta honom å tileigna seg eit sant skyn på kva det gjeld.

Eins eige kjære «eg» vert ribba for illusjonen um si makt

For det fyrste støyter Freuds psykologi mot moralske og estetiske fordomar, med di han hevdar at heile vårt liv ligg under makti åt «seksualiteten». Di næst mot intellektuelle fordomar, sidan det umedvitne spelar so stor ei rolle i det psykoanalytiske synet samanlikna med det medvitne sjelelivet. Utan å draga nokor samanlikning elles, reknar Freud læra si for eit grunnskot mot folks intellektuelle ovmæting av seg sjølve, eit grunnskot av liknande slag som Kopernikus-læra og utviklingslæra. Eins eige kjære «eg» vert ribba for illusjonen um si makt og si stode i tilværet, og slik ribbing set det seg sjølvsagt imot av all makt, etter di illusjonen sparer det for mykje ilt og leidt.

Sjelelege grunnemne

Endeleg støyter Freuds psykologi og mot det han kallar vitskaplege fordomar. Den eldre psykologien hev i stor mun gjenge ut på leiting etter dei «sjelelege grunn-emni» dei kalla, d.v.s. fyrestellingar, kjenslor, og vilje-akter, som tilsaman skulde vera alt sjeleliv, og som gjekk etter faste lover; assosiasjons-lovi, øvingslovi osfr. Eller so hev han late seg leida av ynsket um å finna det materielle (fysiske og kjemiske) grunnlaget for sjele-verksemdene og hev tala um selle-funksjonar, trøyttleiks-emne osfr. Denne siste arbeidshypotesen trur Freud kann gjeva store resultat i framtidi; men det er enno langt fram: «Den psykoanalytiske lære bygnaden som me hev skapt,» segjer han, «er i røyndi ein yverbygnad, som ein gong lyt setjast på sitt organiske grunnlag, men det kjenner me ikkje enno.» Psykoanalysen opererar difor med psykologiske hjelpe-umgrep («libido», «seksualitet», «eg-ideal» osfr.) og gjer for det fyrste ingen freistnad på å nå lenger attyver i årsakrekkja.

Den vitskaplege tankegangen vår er dertil i hovudsaki innstilt på å skyna daude ting, ting som held seg i ro; me tenkjer mest statisk. Me hev som ein motvilje mot den tanken at alle ting er i stendig rørsle vidare fram, jamvel i den tidi me held på leita etter «dei einingane som ligg til grunn» og freistar fastslå høvet millom dei. Hjå Freud møter me eit levande skyn for at grunnhåtten i tilvera åt tingi ligg i utviklingi deira, i den stendige skiftingi, rørsla og ymsesidige påverknaden; han er meir enn dei fleste genetikar og dynamikar.

Karl Evang var helsedirektør i Noreg. Foto: Oslo Museum

Difor meiner han òg at psykologane med si leiting etter «sjelelege grunn-emne» og «sjelelege grunnlover» ikkje kann nå til noko djupt skyn på sjelelivet. Det er turfter og ynske som er drivkreftene i mannelivet. Dei sjele-utslagi som me kann gå, kjem fram etter som turftene og ynski vert stetta eller haldne nede. Den psykoanalytiske psykologien er difor ei lære um dei menneskjelege driftene og turftene, i deira stendige skifte-verknad med miljøet. Med stor konsekvens og klårleik freistar Freud i kvart einskilt tilfelle å rekkja alle sjeleovringar, sjuke som friske, attende til den drift stoda som vedkomande stend til, til det han i sitt fagmål kallar libido-situasjonen.

Um libido

Når det gjeld umgrepet libido, liksom dei andre hjelpe-umgrepi åt Freud i det heile, må ein ikkje krevja altfor skarpe definisjonar; ein må so å segja ikkje taka dei altfor høgtidleg vitskapleg. Med libido meiner dei i psykoanalysen heile den sjelege kraft eit menneske eig, alle dei framdriv det maktar å gjeva seg sjølv til kroppsleg og åndeleg verksemd utetter eller innetter. Det er kvar manns elementære psykiske vitalitet.

Hjå vaksne folk vil ein kunna sjå libido i arbeid på dei mest ulike måtar. Sume bruker kreftene sine i positivt arbeid utetter; andre øyder sine krefter i stendige erotiske stridsmål; andre att gjeng upp i interesse for borni og skyldfolki sine, og sume er berre upptekne med tvidrag inni seg sjølve. Det er alt saman, segjer Freud-psykologien, lùter av den umlaga libido, som, etter kvar manns givnad og utvikling, kjem til å nyttast på den eine eller den andre måten.

Vil ein skyna dette, lyt ein sjå på libido-utviklingi hjå eit menneske.

I foster-tidi, fyre fødselen, hev individet det på ei vis ideelt, med di det då fær alle sine turfter full-stetta utan den minste møde.

Dødsdrifta

Med fødselen vert det ein heil snunad i dette. Barnet kjem ut for ein stendig straum av reitings-emne frå verdi kring seg, og dertil lyt det leda på ymse musklar for å få turftene sine stetta. No mildnar fulla yvergangen noko med di sanse-reiden åt barnet enno er so lite utvikla at berre få reitingar når fram til det; men umslaget er likevel pinesamt nok til at barnet kunde ha fullgod grunn til å freista få det liksom fyrr att. Heile åtferdi åt barnet tyder då og på at det strevar i den leid. Straks barnet hev stetta svolten sin, dreg det seg attende frå reitings- og arbeidsverdi og søv 18─20─22 timar i døgret i livd for ljodar, kulde og onnor ulideleg reiting. Denne tendensen til å vinna att det gamle ideelle kvile-tilstandet heiter i Freud målet «Todestrieb», d.v.s. dødsdrift.

No er det greidt at skulde denne drifti råda åleine, vilde det ha små voner med den menneskjelege framgangen. Men det varer ikkje lenge fyrr ein merkar ei beint motsett drift hjå barnet. Det syner seg snart at det ikkje lenger stiller svolten so snøgt det kann og so legg seg til å sova att, men det tek til å lika seg, det nyt å verta lauga, å liggja ved brjostet, å sjå seg ikring, å leika med eitkvart, osfr. Det hev kome ein heilt ny tendens til: barnet hev fenge smak på å vera vaken, det vil vake stetta ynske og lyster. Denne hugen til å njota kallar Freud «Erostrieb»; den og dødsdrifti saman er det menneskjelege driftsgrunnlaget. Men desse driftene kjenner me ikkje som drifter. Dei er biologiske kategoriar, som lokkar fram serlege ynske, og um desse ynski fyrsta er det me fær nokor klår fyrestelling. Me ynskjer soleis ikkje kvar kveld reint ålment å draga oss attende frå verdi; men me ynskjer å stetta svolten og torsten, ynskjer å vera varme og turre, so mykje me kann få kvila. Sameleis når det gjeld Eros drifti: den òg avlar serlege, konkrete ynske: me vil gjerne få eit yrke som svarar til evnone våre, vinna den kvinna me elskar, osfr.

Mellom eros og døden

Desse ynski er det no libido, vår samla psykiske vitalitet, tener. Styrde av desse tvo driftene set me kreftene våre ut i livet. Og det er hovud-påstanden åt den psykoanalytiske psykologien at det er dei seksuelle ynske og turfter som tek upp den aller største parten av libido. Seksualiteten tek upp so stor ein part av libido, at ein fær eit brukande bilete av libido utviklingi hjå eit menneske um ein ser på utviklingi av seksualiteten.

Freud arbeider med eit anna seksualitets-umgrep enn det vanlege.

Ein lyt då likevel straks slå fast at Freud arbeider med eit anna seksualitets-umgrep enn det vanlege. «Seksuell» vil hjå honom ikkje berre segja «kynsleg», «genital»; det gjeld ikkje berre funksjonar som hev med økslingi å gjera. Alt som kann skaffa lyst og njoting; alt ein kann verta knytt til ved elsk, godhug, levande interesse, kann verta emne for «seksuelle» ynske; det fell saman med erosdrifti (desse tvo umgrepi vil me i denne utgreidingi nytta i same tyding).

Millom dei ynski som kjem av dødsdrifti og dei som kjem av erosdrifti er det stor skilnad. Dei fyrste (slike som svolt, torste) lyt me stetta um me ikkje på stutt tid skal ganga til grunns. Dei siste derimot kann godt venta på sletting i dagar, månader, år, utan at individet difor treng taka skade. Dertil er desse seksualturftene (i den Freudske meiningi) ikkje uløyseleg budne til visse emne; dei toler i ein viss mùn å verta stetta av andre ting i staden, kann skifta frå eitt emne til hitt.

Barnet

Med fyrste augnekastet kann dette sjå meiningslaust ut. Dei fleste menneske hev ein sterk tokke av at erosdrifti deira nettupp hev eit fast emne; eitt mennske, ein idé eller dilikt. Det er og sant at dei bindande tilhøvi som ein vaksen i vår tid stend i, sterkt serar ut einskulde emne; men det kjem noko av det at erosdrifti hjå fullvaksne individ hev mist noko av plastisiteten sin, av tillempingsevna si, noko av det at mange heller skiftelause sosiale moment avgjer korleis desse bindingane skal verta. Men det er ikkje til mein for det påstandet at ynski frå erosdrifti hev ei serleg stor umlagings-evne og lett kann skifta fyremål.

Ei stutt utsyn yver seksualitets-utviklingi hjå eit individ vil syna dette.

Um seksualitet talar ein frå den stund barnet syner evne til å njota, til å ha røynslor med lyst dåm; det er då lett å gå at barnet i den fyrste tidi er auto-erotisk (d.v.s. finn hugnad i sin eigen person), og at det er munn-stròket som er den viktugaste erogene (c: lyst-avlande) sona. Etter dette orale skiftet (oral av os = munn) gjeng barnet inn i det næste skiftet, som dei hev kalla det anal-sadistiske. Her er det utskiljings-funksjonane som tydeleg valdar lyst; barnet fantaserar mykje um korleis kynslemene er laga, um fødsel gjenom navle eller anus (endetarmsopning), det likar å springa nake ikring (ekshibisjon) osfr. Etter det hev fyllt 3 år vil ein og tidast kunna merka tåttar til masturbasjon. I denne tidi syner barnet og tydeleg tendens til å rikja yver og plåga andre, tidt kjem det fram ei reint utkropi hjarteløyse.

Når no seksualiteten tek til å søkja seg fyremål utanfor eins eigen kropp, gjer han i fyrste tidi ingen skilnad millom dei tvo kyni; barnet er biseksuelt.

So langt plar dei tala um det pré-genitale seksualitets-skiftet. Men no kjem det fram tvo nye tendensar: 1. Kynslemene vert den viktugaste erogene sona. 2. Barnet søkjer burt frå autoerotismen og samlar ynski sine um eitt individ av det andre kynet.

Til sitt fyrste fyremål av dette slaget vil guten naturleg velja mor si, medan gjenta helst kjenner seg dregi mot faren. Guten vil, som det heiter i terminologien åt Freud, «eiga» mor si, og «hatar» faren som er medtevlaren hans. Samstundes ovundrar han faren og vil gjerne vera som han, so han kann taka romet hans. Desse libidinøse bindingane til mor og far er grunnlaget for Ødipus-komplekset dei kallar, som etter Freud er årsak til so mange sinnslidingar. Det forklårar òg langt på veg det sermerkte tvo-siduge kjensle-høvet som born flest unekteleg stend i til foreldri sine.

Latenstidi

Når barnet er 6─8 år gamalt, gjeng det inn i den «seksuelle latens-tidi» dei kallar, som varer til kynsmognaden tek til. I denne ovviktuge tidi er det i stor mùn individet lærer å måta seg til etter det miljøet det skal leva i. I tallause stridar fær det inn og fester i seg den moralske mælestaven som folk ikring det representerar; individet vert kjent med alle dei meir eller mindre tekkelege krav som vert sette til det, det fyrebur seg og lagar seg til for livet i det magnslungne notids-samfundet. I denne tidi er det minnet um dei seksualitets-slag som hev rådt på tidlegare steg, vert trengde undan og gløymde, for di dei ikkje svarar til den moralske og etiske mælestaven som barnet i denne tidi eignar til seg.

Når kynsmognaden tek til, er denne sosiale plikt-bolken, um ein kann kalla han so, slutt, og seksualiteten gjeng inn i siste vokster-skiftet sitt. Bindingi til dei gamle fyremåli losnar heilt, den hetero-seksuelle organisasjonen fester seg, og driftene tek etter kvart leidi mot dei normale seksuelle mål.

Seksualiteten gjeng soleis etter Freud heilt naturleg gjenom alle dei skifti som, når dei finst hjå vaksne, vert kalla perversjonar («rangsnunader», slike som sadisme, homoseksualitet, analerotikk osfr.). Det er ein lang og innfløkt tilgang, og som med all onnor utvikling kjem denne tilgangen lett ut for skiplingar, og det på tvo måtar: Anten kann eitkvart meinka tilgangen, og då vert individet standande på det steget. Eller so kjem det etter utviklingi er fullenda ein regresjon, eit atterslag til eit tidlegare steg. Slik skipling fører anten til seksuell perversjon, eller òg til sjeleleg ugreide som me sidan skal sjå på.

No gjeng det meste av utviklingi fyre seg i barndomen, og det vert difor røynslone frå denne tidi, og aller fyrst dei seksuelle, som kjem til å avgjera livslagnaden seinare.

Læra om libido

Det vanlegaste avviket frå sunn libido-utvikling er det at emnevalet i eitt av skifti (t.d. i det anal-sadistiske) hev vore for intenst, at det hev «lukkast» for vel, um ein vil. Dette steget vert då meir enn eit skifte på vegen; det hev altfor mykje fenge sitt mål i seg sjølv; libido er «fiksert», som Freud kallar det. Når individet so veks lenger fram, kjem miljøet (og dermed ein sjølv) til å døma og fordøma denne fikseringi som umoralsk og rang. Barnet tvingar seg ut or dette skiftet; heile hendingi gløymest kanskje. Men individet vil for alle tider ha ein sår stad her. Dersom seksual-libido eingong seinare ikkje fær nå sitt naturlege fyremål, ikkje fær koma fram, so vil han lett søkja attende til desse gamle fikseringane.

Læra um libido-utviklingi er det sentrale i den psykoanalytiske psykologien. Ho byggjer på eit rikt røynsle-tilfang frå barn og vaksne, frå friske og sjuke. Mange av desse røynslone var fulla gjorde fyrr; men det er Freuds storverk at han hev sett dei inn i ein einaste samanheng, i ei utvikling av det menneskjelege sjelelivet gjenom ei rekkje tolleg greid-skilde skifte.

I denne stutte og skjematiske framsetjingi av seksual-utviklingi hev me fleire gonger kome burt i den ting at det tydeleg synest finnast i kvart individ eit slag domar som godkjenner eller avdømer den vegen utviklingi tek og soleis freistar å verka på ho. Alt hjå småborn er det lett å merka at dei so smått tek til å verdsetja dei gjerningane som dei seksuelle ynski deira hev drive dei til: dei godkjenner eller avdømer dei.

Eget

Desse kreftene i individet, som soleis regulerar og tidt freistar å døyva seksualiteten, vert i Freud-psykologien nemnde med samnamnet «eg’et». Det er eit dynamisk hjelpeumgrep som ein vel knapt fær nokon tokke av innhaldet i fyrr ein nyttar tankegangen åt Freud i praksis. I stor mùn fell det saman med det som eit menneske sjølv reknar for det sentrale i personlegdomen sin. Me hev med andre ord sjølve kjensla av at «eg’et» er det viktugaste i vår sjelelege bygnad. Det rømer vårt medvitne syn på hovudspursmåli i livet, vårt vit, vår sjølv vyrdnad og vår sjølvkjensle, det synest oss stutt sagt å vera den makti i oss som me lyt rådspyrja i alle vanskar og som i det heile styrer livet vårt.

Psykoanalysen hev synt at dette er ein illusjon. «Eg’et» lyt, meiner den, i sitt høve til dei andre sjelelege kreftene, samanliknast med ridaren som freistar å tøyma ein ustyrleg hest. Det kann ganga godt, serleg so lenge ridaren er frisk og utkvild, og so lenge lendet er ufårlegt; men det hender tidt at hesten tek styringi, det hender jamvel at han kastar ridaren av.

Heile vårt liv er merkt av denne striden millom «eg’et» og «seksualiteten». Gjenom libidoutviklingi fram til mognaden grip eg’et inn for kvart hefte, for kvart avvik frå den normale framgangen. Og hjå den vaksne spelar det, som ein lett vil skyna, ei grunnviktug rolle i den uhorveleg vande uppgåva notidsmennesket hev å løysa: å måta til seksualiteten sin etter kulturlivet. Det er ikkje berre det at mognaden kjem i 13─16 års-alderen og giftarmålet i 20─30 års alderen, endå den tingen åleine skapar vanskar nok; men med den arbeidsbyrdi som ligg på menneski i siviliserte samfund, er det greidt at mykje av den krafti som seksualiteten elles vilde taka upp, den lyt no ganga til arbeid for livsuppheldet.

Individet

Den «makti» i individet som skal freista å løysa desse vanskane, hev som sagt fenge namnet «eg’et». Det òg gjeng gjenom ei utvikling fram gjenom livet; upphavleg kjem det vel frå den parten av libido som er vend innetter mot ein sjølv, det ymsar mykje i styrke frå individ til individ, og hjå det einskilde individet ymsar de med siger-tider og usiger-tider.

Det som avgjer ser-håtten og styrken åt eg’et er dei stridane som individet frå fyrste stund kjem i med verdi ikring seg. Eit reivebarn vil eta upp alle dei ting det likar ─ ein sers uheppen tendens som uppsedingi må taka seg av. Me kann klora, spenna og slå fyrr me kann kjæla og syna godhug ─ nytt emne til strid. Tenkjer ein på eit barn i 3─4 års alderen, vert saki endå klårare. Det er eit mangslunge og ugreidt være ein hev med å gjera, med mange turfter, som eit levande tiltak nok vil freista å stetta, turfter som kjem av det skiftet i libido-voksteren som barnet stend upp-i, og som difor folk ikring det vil fordøma strengt. Barnet byrjar med andre ord på livet utan verdsetjings-evne, utan skam, utan medkjensle og utan kjensle av ufyse. Åtferdi åt barnet vil so møta godkjenning eller avdøming, løn eller straff frå folk ikring; og det som i fyrstningi var deira krav og bod, det gjeng etter kvart inn i barnet sjølv, som ein indre autoritet som eg’et til kvar tid kann få rettleiding frå. Det hev laga seg det Freud kallar eit «yver-eg» eller «eg-ideal»; til kvardags plar me kalla det samvitet.

Notids-psykologien elles hev òg arbeidt mykje med denne tilgangen, og det er ikkje Freud som fyrst hev synt korleis dei kjensle-sterke røynslone åt individet når folk ikring det rosar eller lastar det, kjem til å byggja upp den moralske kjensla og dermed til å råda for heile framtidi åt den einskilde. Det er det miljøet, det samfundet me veks upp i, som på denne måten set inn i kvar av oss ei kontroll-makt til å styra livet vårt etter dei reglane som gjeld for tidi. Kvar den som i noko stykke freistar å trassast med folkemeiningi eller å skifta miljø, han vil få ein indre strid å strida som vil læra honom kor sterkt eg-idealet hans er. Ikkje fyrr han hev fenge laga seg eit nytt eg-ideal, vil han atter ha nått til ein viss stødleik og fridom.

Grunndragi

Eg-idealet fær nye tilskot heile livet igjenom og skifter etter kvart. Grunndragi kjem i barne-åri; enno i ungdomen er det mykje att av umlagings-evna; men dei fleste vaksne hev mist evna til umskifte som gjeng djupt. Det finst likevel undantak som heile livet igjenom «held seg unge», og ikkje sjeldan ser ein at vaksne folk ved ei umvending dei kallar, kann koma til eit radikalt umskifte i eg-ideal.

Me lyder ikkje alltid samvitet ─ eller, som Freud vilde segja, eg’et maktar ikkje alltid å gjera det som eg-idealet krev. Det er ille um avstandet millom dei kravi individet set til seg sjølv, og den evna det hev til å stetta dei, vert for stor. Det avlar misnøgje med ein sjølv, ein uppslitande «anger», og otte for å taka på seg uppgåvor som ein kunde veksa på å greida.

På hi sida ser ein at det lett vert ein stogg i voksteren hjå dei folk som ikkje vert sterkt nok eggja av eit høgare eg-ideal.

Som oftast vil det «yver-eg» som verdi kring oss hev innprenta oss, liggja høgt yver evna vår. At me likevel held andre og oss sjølve i den tru at det er mogelegt å leva etter det, kallar Freud «kultur-skrymting». Når folk ei stund ser seg høve til å sleppa undan autoriteten åt eg-idealet, og lata sitt eg få taumen, so kjennest det som ein lette og ei frigjering. Det er t.d. tilfelle når folk er i muge (tenk berre på dei eigenskapane kulturfolki la for dagen i verdskrigen), når dei er i rus, eller når dei endefram hev sett seg fyre å slå seg laus (t.d. på karneval). Tidt fær dei ein «dag attpå».

Evna til å sublimera

Ein vil etter dette skyna for eit uhorvelegt ansvar det ligg på uppsedarane våre, i heim og skule. Dei kjem i fyrste rekkje til å avgjera kva eg-ideal den einskilde skal draga på heile sitt liv, kva synsmåtar, moral og framferd han kjem til å fylgja. Korleis dei greider denne uppgåva ─ den viktugaste dei hev ─ skal eg ikkje her koma inn på.

Dersom eg’et er i stand til å stetta mange av kravi åt eg’idealet sitt, vil det for kvar gong ganga fram i styrke og fastleik og vera betre budd til næste striden. Det vil òg freista å gjera upp med seg sjølv si eigi art og sine eigne grensor, søkja sjølvforståing, ved å få seg røynslor som ligg nokolunde i same leid, er av nokolunde same slag. (Me les helst blad og bøker som held på våre eigne meiningar, søkjer lag med folk av vårt eige slag, set oss ikkje inn i andre saker enn dei me trur vil «interessera oss» osfr.)

Hev no eg’et vunne stor styrke og stødleik, so vil det i den stendige striden med seksualiteten um rådveldet yver kreftene åt individet, kunna nytta mykje av desse kreftene til løysingi av andre uppgåvor. Denne tilgangen, som i kulturlivet er plent naudsynleg, heiter i psykologien sublimering, med det meiner dei ei yverflytjing ─ tilmåta etter samfundstilhøvi ─ av kreftene åt den einskilde frå det naturlege interesseumrådet til eit «høgare». Mennesket er sers ledugt i so måte, og det hev då òg all psykisk hygiene og psykoterapi frå gamal tid visst. Beste boterådi for ustetta ynske er å kasta seg ut i eit arbeid for ei sak; avdømde drift-skuvar vil då tidt koma att som verdifull vederlag i filantropisk arbeid, eller vert kanskje sjukesyster eller fostermor; studenten som vert vonbroten i sin elsk, uppdagar kann henda når fyrste sorgi er dovna, at han no hev meir kraft og tiltak til å ofra på arbeidet sitt, osfr.

Evna til å sublimera skifter med menneski, men ingen kann føra all si kraft frå seksualiteten til andre uppgåvor og ikkje tapa sin sjelelege harmoni. Fær den seksuelle libido ikkje nå målet sitt, og det ikkje vert nokor sublimering av, talar me um ei undantrengjing. Dei nedhaldne seksuelle turftene let seg ikkje kjøva; dei vert berre tvinga ned i eit slag utløysing i nervøse og hysteriske symptom; eller dei søkjer attende til ei av dei gamle libidofikseringar, og det vert til seksuell perversjon.

Mange av dei pasientane som kom til Freud, gjorde, seg sjølve uviljande, reint «meiningslause» ting.

Dette gjeng som sagt fyre seg i eit lag i sjelelivet der det medvitne eg ikkje lenger kann halda nokon kontroll; me møter her det me i innleidingi kalla det tridje grunndraget i læra åt Freud, det umedvitne.

Mange av dei pasientane som kom til Freud, gjorde, seg sjølve uviljande, reint «meiningslause» ting. Sume vaska stendigt hendene sine, andre kunde ikkje um det galdt livet ganga yver opne plassar, andre gjorde umstendelege og arbeidsame umskipingar i romet sitt fyrr dei la seg um kvelden osfr. Folk flest jamvel hev nokre slike uskuldige «tvangs-gjerningar» dei held på med trass i sitt eige vit, dei lyt t.d. tvo ─ tri gonger attende og sjå um dei verkeleg hev læst den døri som dei veit er læst; men hjå slike sjuke hev sovore teke slikt eit rom at det meir eller mindre meinkar dei i arbeidet. Nokor forklåring på kvifor dei fer soleis, kann dei ikkje gjeva. Då det so lukkast å syna at slike gjerningar var ein lekk i ein planlagd politikk, klokt uttenkt og samvitsfullt gjenomførd, at dei soleis hadde si meining og sitt mål, var det greidt at ein her hadde med eit serlegt sjele umråde å gjera. Det fekk namnet det umedvitne.

Det umedvitne

Kvart normalt menneske som idest granska etter grunnane til åtferdi si, vil for det fyrste finna at han dagstøtt gjer ei mengd med småting som ser heilt meiningslause ut; tenkjer han nærare etter, vil det syna seg at dei er uttrykk for eitkvart ynsket, einkvar otten eller dilikt. Ein gløymer kalosjone sine att ein stad ein gjerne vil koma att, misser lykelen til skrivebordet når ein ikkje hev hug til å arbeida, og meir sovore.

For det andre vil ein snart måtta medgjeva at jamvel i mange av dei tilfelli der ein meiner ein kann peika på medvitne og vituge grunnar til åtferdi, er desse grunnane berre læstsom grunnar. Det syner seg at dei heilt eller eit stykke på veg hev vore tenarar for umedvitne krefter som låg under. Di viktugare ting det gjeld, di vandare er det for ein sjølv å nækja desse motivi, som tidast er grovt egoistiske. For eg’et fører ein streng kontroll med kva det slepper upp yver medvits-svilli, det er ikkje alt um oss sjølve som me vilde bata på å vita. Og finst det medvitne ynske, tankar og torfter som eg’et avdømer, kann dei som nemnt verta undantrengtde til det umedvitne. Dei hev ikkje dermed mist si kraft, men finn seg løynde og ukjennelege avlaup i tvangs-åtferd, mistak, forsnakkingar, hysteriske symptom osfr., dersom dei ikkje ved sublimering kann verta knytte til eit anna fyremål. Lystprinspippet er det som råder for desse tilgangane. Ein vil gjerne gløyma alt leidt og vondt, alt som gjer ein mindre i eins eige og anna folks umdøme; ein vil gjerne taka upp i medvitet alt som lyfter ein og gjer ein glad. Eldre folk finn at allting var betre i gamle dagar enn no, kvar nasjon hev i grunnen ei ærefull soge osfr.

Det er òg lett å sjå kvifor ein so heilt hev trengt undan minnet um dei tidlegare skifti i libido utviklingi; folk ikring ein, og dermed eins eige yver-eg, avdømer slike ting strengt og kallar dei umoralske.

I draumane

Medan ein søv, slaknar eg-sensuren, og betar av det umedvitne fær liv i draumane. Straks ein vaknar, vert sensuren strengare att og det meste av draumane er gløymt med det same. Det ein minnest, gjev òg eit umdikta og forvendt bilete av dei umedvitne tilgangane som hev vilja skatta seg luft; men det finst eit visst system i dei bileti og symboli det bruker, soleis at ein med noko røynsle og med tanke på heile stoda åt personen det gjeld, kann «tyda» draumane i ein viss mùn.

Det umedvitne er etter Freuds psykologi den viktugaste parten av sjelelivet vårt. Det gøymer alt det me hev upplevt. Mange av dei samanstellingar og «avgjerder» som hev mest å segja for livet vårt, vert gjorde der, utan at det me sjølve kjenner som vår personlegdom, hev nokon innverknad på det.

Medvitet råder berre yver eit lite utval av minne og kunnskapar, og hev difor liti evne til å verka på dei umedvitne tilgangane, men derimot ei stor evne til å kokla fram for oss ein sjeleleg harmoni som ikkje finst. For jamvel den friskaste hev som det syner seg når sjelelivet hans vert granska psykoanalytisk, trengt undan til undermedvitet mange leide minne, mange tendensar som hans medvitne eg av ein eller annan grunn måtte avdøma. Ynske og turfter som røyndi ikkje vilde lata honom stetta, søkjer trå dette laget i hugen hans utløysing, noko ved å ganga attende til dei gamle libidofikseringane, noko ved å driva fram dei mest ymisvorne kroppslege eller sjelelege symptom. Ein plar likevel ikkje tala um sjukdom fyrr slike ovringar fær slik makt at dei hefter eller hindrar ein mann i å svara sitt rom i samfundet. Det kann bera til anten på den måten at slik strid tek upp for mykje av hans sjelelege kraft, ved at dei mange symptomi tek heile hans tid eller skiplar naudsynlege kroppslege funksjonar, eller ved noko av kvar av desse faktorane. Det kann soleis ikkje kallast sjuklegt eller krevja nokor serleg dokterhjelp um einkvan hev imot hr. Hansen og av den grunn hev skuva frå seg alt som hev noko med honom å gjera, og difor heller ikkje kann koma på telefonnummeret ein gong ein gjerne vilde ha hugsa det.

Ei arbeidsmark

Derimot er det upplagt sjukdom dersom frøken A, som snart skal gifta seg med N.N., trengjer undan mothugen sin mot dette giftarmålet med den fylgja at matmeltingi kjem so mykje i ugreide at ein lyt venta med bryllaupet på uviss tid.

Her hev den psykoanalytiske terapien ei arbeidsmark: å freista lækja ymse slag av slike sinnslidingar (serleg hysteri og tvangsnevrosor dei kallar) med å semja dei sjelelege stridsmåli som ligg til grunn for dei.

I få ord kann ein karakterisera hovuddragi i framgangsmåten soleis: Han freistar klårleggja og få pasienten til å skyna årsaki til sjukdomen og utviklingi av han. Dinæst freistar han å løysa libido frå dei ulaglege fyremål som den hev fest seg ved, og leida han til å fiksera seg på meir gagnlege måtar.

Fyrste parten av denne uppgåva løyser psykoanalytikaren ved å tyda dei utslagi av den umedvitne sjeleverksemdi som me alt hev vore burt-i her framanfor: små mistak, forsnakkingar, gløymor, dagdraumar og nattdraumar, allslags ukontrollert nervøs åtferd og teikn på sjukleg sjeleverksemd. I samrødone med lækjaren må pasienten heilt gjeva seg hugskoti sine i vald og ikkje styra assosiasjonane sine med kritikk. Alt som renn honom i tankar, skal han fortelja, framum alt slikt som han sjølv tykkjer det ikkje ligg noko lag på, slikt som er uhøflegt mot lækjaren, slikt som er indiskré mot anna folk, eller som han av annan grunn helst kunde vilja tegja med. Heile tidi medan dette klårleggjings-arbeidet stend på, eit langt og slitsamt arbeid både for lækjar og pasient, merkar ein sterkare og sterkare motstandet mot at det gamle stridsmålet skal dragast fram i det klåre medvite att. Det syner seg i det at pasienten ikkje lenger kann hugsa noko meir, at han misser trui på lækjaren eller fær agg til honom, og på mange andre måtar.

Men det er ikkje nok at ein med vitet skynar kva sjukdomen er for noko; pasienten lyt og vilja det umskifte i libidosituasjonen som er vilkåret for at det skal verta slutt på striden.

Mykje strid

Skal det difor koma noko ut av klårleggjingi, lyt det saman med den koma ei løysing av dei bandi som bind libido til dei gamle emni, og ei yverflutning til nye fyremål. Her lyt då lækjaren vera midlar, eit slag millom-skifte, med di den frigjorde libido tidast vel honom til sitt fyrste fyremål, og det vert då hans uppgåve, som ikkje er lett, å setja i sin stad det fyremål som pasienten vil vera best tent med. Praktiserande psykoanalytikarar hevdar tidt at dersom ein kur mislukkast, so kjem det av at det ikkje gjeng som det skulde med denne yverføringi til lækjaren eller med løysingi av bandet til honom. Arbeidet åt psykoanalytikaren i ein slik kur er ikkje berre gildt. Det høvet folk stend i til libido-fyremåli sine, er, jamvel um folk lever i harmoni med dei, tvifelt, eller «ambivalent». Det gjeld òg dei upphavlege libido-bindingane åt pasienten, og lækjaren fær yverflutt på seg, umfram kjærleik og tiltru, òg alt det hatet som det var i desse høvi. Ein psykoanalytisk kur hev ikkje lukkast heilt fyrr pasienten hev skyna dette.

Etter det som i denne samantrengde utgreidingi er sagt, vil ein lett skyna at psykoanalysen hev gjeve høve til mykje strid. Både for psykologien sin og for terapien sin hev han fenge motburd, og stundom sterk motburd, millom vitskapsmennene. Likevel hev den psykoanalytiske tankegangen på stutt tid vunne eldhuga målsmenn og breidt seg til dei fleste européiske land, og òg til Amerika. Ein kann med ikkje liten rett segja at stykke av Freuds tankegang mange stader held på verta ålmenn-eige for dei upplyste. Det er ikkje til å taka i miss av at han hev stor innverknad på litteraturen i vår tid.

I Europa finst det no psykoanalytiske skular med til-knytt poliklinikk i Wien, Berlin og London. Det er private tiltak, og eldre universitetsfolk ser skeivt på dei, medan unge psykologar og lækjarar gjeng der idugt. Jamvel psyko-terapeutar som reknar seg for motmennene til Freud og fordømar lækjemåten hans, sannar at dei vilde vera ille hjelpne utan den psykologiske kunnskapen dei hev frå honom.

Styrken åt denne psykologien ligg vel kanskje noko i det at han hev vakse fram og fenge form i stendigt arbeid med levande menneske, under trykket av praktiske uppgåvor som skulde løysast. Det er ikkje noko av det som i vond meining er høgtidleg-vitskaplegt ved han; han gjeng beint laus på dei problem alle sannar ligg fyre.

Ein og fleire

At han vender seg imot den psykologien som er individualistisk innstillt, er greidt. Med det innhaldet han legg i hjelpeumgrepi «eg’et» og «yver-eg’et», hev han gjeve eit skynlegt bilete av den mektuge innverknaden verdi ikring ein stendigt hev på utviklingi åt den einskilde. Me er i røyndi ikkje einskild-menne, me lever so å segja innfløkte i kvarandre alle saman.

Tidi er likevel ikkje komi enno til nokor eigenleg verdsetjing av Freuds lære, til det er røynslone enno for få og lærebygnaden for uferdug. Striden bårar òg tidt so høgt at partiumsyn hev eit lag til å farga fakta. Visst er det at hev Freud rett i synsmåtane sine, so hev me grunn til å draga meir enn ei formell samanlikning, slik han sjølv gjer det, med dei innskoti Kopernikus og Darwin hev gjort i kulturutviklingi.

Karl Evang (1902-1981) var lege og sosialpolitiker; han var helsedirektør fra 1938 til 1972. Denne artikkelen var opphaveleg publisert i Syn og Segn 1927

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar