Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Reisa til Valestrand eller: kom tilbake Pearl Bailey

På reisebyrået på Husnes seier dei at dei har ingen turar til Valestrand, vil ein dit må ein klare seg sjølv, og dei garanterer i det heile tatt ikkje at det er muleg å kome seg dit, ikkje på denne tida av året, ikkje nokon gong.

Av Ragnar Hovland

Men ingenting er umuleg for meg, det seier dei få som kjenner meg, og dessutan har eg reist saman med Einar Økland ein gong før. Det var i draume, vi skulle reise over Atlanteren og vi skulle reise med seglskip. Det var truleg Einar Økland som hadde bestemt det slik og truleg hadde eg ingen innvendingar. Reisa over Atlanteren gjekk truleg greit og ein grå og stille morgon glei vi sakte inn på hamna i Halifax. Det var ikkje akkurat til Halifax eg hadde venta at vi skulle kome når vi først tok turen over Atlanteren, men Einar Økland såg fornøgd ut.

− Vi skal straks i land, sa han. −Og der skal vi  gå i bokhandlar!

Ingenting er umuleg for meg, det seier dei få som kjenner meg

Eg skjønte han meinte bokhandlar der dei også hadde gamle postkort. Eg veit ikkje om det var i same draum eller om det var ein heilt annan gong at Einar Økland fortalde meg om Pearl Bailey, eller «Pearlie Mae», men ein gong må det ha vore, for eg hugsar det. Pearl Bailey var verdas største songarinne, sa han, med månelys i begge augene, etter at han like før hadde referert for meg innhaldet i alle filmane til Marlene Dietrich, med høgst personlege vurderingar av kvar einskilt, og deretter hadde lagt ut om alle problema han hadde hatt med å få tak i eit bestemt postkort med motiv frå Måbødalen i 1847. Og om eg ein gong skulle få det føre meg at eg ville reise til Valestrand, heldt han fram, så måtte eg ikkje finne på å dra utan å ha med meg Pearl Bailey eller i det minste alle platene hennar.

Eg hadde aldri høyrt om Pearl Bailey og eg lurte på om ho verkeleg eksisterte. Pearl Bailey? Eg hadde tusenvis og atter tusenvis av plater, i alfabetisk rekke frå David Ackles til Zupfgeigenhansel, men Pearl Bailey-plater hadde eg med skam å melde aldri sett nokon stad.

Einar Økland førte artikkelforfattaren ut på ei omfattande jakt. Foto: Tove K. Breistein

Men slikt kan ein jo ikkje seie til Einar Økland. Og slik kom Pearl Bailey til å dominere livet mitt i mange år. Eg gav opp ein trygg jobb i den norske skulen, sa farvel til kona mi og drog ut i verda, først som lekpredikant, sidan som undertøyseljar og loppesirkusdirektør, og etter kvart var det som eg nærma meg Pearl Bailey. Ei sein natt overhøyrde eg t.d. ein fyr i ein jernbane-snackbar som fortalde at ho m.a. hadde medverka i filmen Carmen Jones frå 1955, der ho var den einaste medverkande som hadde sunge med eiga stemme, mens t.d. Harry Belafonte hadde måtta bruke stand-in. Han sa vidare at Pearl Bailey hadde det i seg til å bli ei av dei store i jazzen, om ho ikkje hadde «sløst seg bort», som han sa, på show og komediar.

Ragnar Hovlands jakt på Pearl Bailey (bilete) fann stad
i den tunge tida før google, wikpedia og smarttelefonar.
Foto: Wikimedia commons

Og ved fleire høve kunne eg ringe til Einar Økland midt på natta, frå små præriebyar, på noterings- overføring, og leggje ut om at neste dag skulle eg treffe ein fyr i eit konditori i den og den gata og han ville både fortelje kor Pearl Bailey kunne vere å finne og han ville diskutere sal av Pearl Bailey-platesamlinga si, og snart skulle eg ta ho med meg til Valestrand, med kofferten full av plater i tillegg, og eg høyrde Einar Økland i hin enden seie at vi fekk kome ein dag han var heime.

Valestrand er eit Neverland som ikkje eksisterer.

Men alltid gjekk det slik at fyren ikkje møtte opp, eller noko anna skjedde, og eg var like langt og rulla saman loppesirkusteltet og stappa loppene i kassen og sette meg i chevyen og følgde vegen.

Eg går ut frå at eg kunne ha halde det gåande slik nærmast i det uendelege, om det ikkje var for denne turen til Valestrand som eg før eller seinare måtte ta. Med eller utan Pearl Bailey. Men du reiser ikkje til Valestrand utan noko som helst, såpass veit ein. Og Pearl Bailey kunne passe svært bra.

Åra er gått og eg er blitt ein gammal mann. Valestrand er eit Neverland som ikkje eksisterer og Pearl Bailey er ei songarinne det ikkje finst plater av, og slik høyrer dei framleis saman, og sjølv om begge er blitt litt meir bleike og gjennomsiktige og utydelege i konturane, så ber eg framleis med meg draumen om dei.

Men litt må ein gi avkall på her i livet, det har eg endeleg lært, og eg håpar berre det ikkje er for seint.

Så når Einar Økland endeleg ringer, frå Valestrand bak regnbogen eller kor det no er, så seier eg at dette med Pearl Bailey gjekk ikkje heilt slik eg hadde trudd, men om han er interessert så har eg litt av kvart å fortelje om Doris Day, særleg i tida før ho blei jomfru, og eg lyder spent på kva Einar Økland vil seie til det.

Ragnar Hovland er forfattar. Denne artikkelen vart første gong publisert i Syn og Segn 1 1990.

Foto: Eli Berge/Det Norske Samlaget

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar