Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Sanning er eit flytande omgrep

Når eg sit overfor eit menneske som har eit problem, og som eg skal skape eit tillitsforhold til, er det viktigaste for meg å få tak i den verkelegheita som denne personen lever i, seier Helge Torvund, psykolog og poet.

Av Astrid Sverresdotter Dypvik

– Når ein er psykolog, må ein eigentleg vite sanninga om den personen ein har framfor seg?

– Når du presenterer ordet sanning her, så ser eg det for meg med stor S. Som eit omgrep som skal oppfattast som objektivt. Men når eg sit overfor eit menneske som har eit problem, og som eg skal skape eit tillitsforhold til, er det viktigaste for meg å få tak i den verkelegheita som denne personen lever i, og som han forheld seg til. Og med det blir sanning til eit litt flytande omgrep. På dette feltet finst det individuelle sanningar. Ei av mine erfaringar med menneske etter å ha vore praktiserande psykolog er at mennesket er utruleg kreativt når det gjeld å skape eigne problem. Om eg berre skulle forhalde meg til ei objektiv verkelegheit, ville eg kunne seie at dette er berre tull. Dette treng du ikkje bry deg om. Men som psykolog lyttar eg og tek verkelegheita deira på alvor og prøver å finne ein veg ut av dei vanskane folk har, som dei sjølv kan godta.

Som psykolog må ein vere fleksibel og kunne ta andre sitt perspektiv.

– Ein må operere med fleire sanningar?

– Ja, det må ein. Det er eit viktig poeng. Du kan ikkje slå i bordet og seie at dette er verkelegheita, og den må du forhalde deg til. Ein må lytte og finne ei felles plattform. Som psykolog må ein vere fleksibel og kunne ta andre sitt perspektiv.

– Mange forfattarar er opptekne av litterær sanning. Er det viktig for deg?

– Dette er så interessant at eg kunne ha halde eit langt føredrag om det. Den neste diktboka mi, som kjem på Aschehoug over nyttår, heiter Opnar døra i språket og går ut. Poesien har ei merkeleg oppgåve i mine auge. Ein skal nærme seg ei verkelegheit som vi enno ikkje har sett ord på. Det nynorske ordet omgrep er så vakkert. Vi grip om verkelegheita med språket. Så skjer det noko vesentleg. Verkelegheita endrar seg når vi byrjar snakke om henne. Og vi må bruke eit språk som har avgrensingar. Dette har også med sanning å gjere. Med omgrep som sanning og løgn prøver vi å fange verkelegheita. Vi forstår kva vi meiner. Men samtidig, når eg står ute i regn og vind på Jæren ein haustdag og opplever lydar, fuktigheit på huda, mange hundre sansingar i minuttet, så er språket fattig. Ein kan spørje, er det du opplever, sant? Og svaret kan vere ja. Naturen lyg ikkje.

Foto: Johan Brun/Aschehoug Forlag

- ANNONSE -spot_img

Relaterte artiklar